1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Speidarfestival

Festivalleir-2014_span6-xDette vert årets avslutningstur før sommarferien! Ikkje møte 10. juni som vist i kalender. Berre møte for NM deltakarar den 10. juni!

Så er det tid for speidarfestival att. Dette er etter kvart blitt ein tradisjon i Ryvarden krets og vert arrangert annakvart år. Den er for alle små og store speidarar i kretsen. Forrige gang var me rundt eit par hundre deltakarar.

Litt info om leiren frå arrangørkomiteen:

Årets tema er «Bursdagsselskap»! Det er 200 år siden Norge fikk sin egen grunnlov og det må vi feire. Vi oppfordrer derfor alle deltagere til å lete innerst og nederst i skap og skuffer etter gamle finklær som ikke brukes lenger og som kan være med på speiderleir. Om klærne ser gammeldags ut gjør ingenting, så let gjerne hos foreldre og besteforeldre også. Om ikke bursdagsfeiringen slår oss helt ut, skal vi ut å padle kano også. Alle må derfor ha med seg redningsvest.

 

Tid: Fredag 06. juni til sundag 08. juni (merk: helga er flytta i høve til kalenderen vår).

Stad: Kretsens leirplass på Lier, Førde i Sveio

Frammøte: Ved Naustet fredag 06. juni klokka 17.00

Retur: Attende ved Naustet sundag 08. juni klokka 17.00 Dei som skal henta oss, må vera på Lier ca klokka 16.15

Pris: Sidan Kretsen skal ha ein del i deltakaravgift (300,-), vil denne turen bli noko dyrare enn vanleg. Pris 350 kr. Dette dekkar all mat og aktivitetar for turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker, shorts/badeklær?og festkostyme.

Køyring: Me treng foreldre til å køyra til og frå Lier. Gi beskjed om kva veg du kan køyra, evnt ikkje kan køyra, samt antall passasjerar ved påmelding.

Påmelding: Sidan det er bindande påmelding til kretsen, ynskjer me skriftleg påmelding innan 27. mai. NB: Hugs påmelding

Spørsmål: Ring Helga 99292101 eller Gaute 99629244.


Kommenter innlegget

Ny kretskonkurransetriumf

Lynulvane og Lama jublar for sigeren.

Lynulvane tok heim ulven i år igjen som vinnarar av småspeidarkonkurransen.

Lama vann stifinnarkonkurransen. Dessutan klarte dei fjerdeplass totalt, og er dermed kvalifiserte for NM i speiding! Det er imponerande, det, i konkurranse med dei eldre vandrarane. NM i speiding er i år 7.–9. juni i Røyken i Buskerud.


Kommenter innlegget

Speidarfestival 15.-17. juni 2012

 

Dette vert årets avslutningstur før sommarferien!

Så er det tid for speidarfestival att. Dette er etter kvart blitt ein tradisjon i Ryvarden krets og vert arrangert annakvart år. Den er for alle små og store speidarar i kretsen. Forrige gang var me rundt eit par hundre deltakarar.

Tema i år er indianerleir. Eige skriv frå arrangøren er vedlagt.

Merk påmeldingsfrist 29. mai. Må ha den så tidleg, sidan kretsen skal ha bindande påmelding innan 1. juni.


Kommenter innlegget

Bilete frå festivalleiren 2010

Avslutningsturen vår i år gjekk til Lier på festivalleiren til Ryvarden første helga i juni. Denne gongen hadde festivalen vikingtema, og i opptoget på laurdagen vart 1. Leirvik kåra til beste vikinggruppe! Me fekk til og med premie — eit kjekt kokeapparat.

Opptog i velourvikingkostyme (!):

Handbak, putekrig og andre typiske vikingaktivitetar:


Glimt frå leirlivet:

(Foto: Øystein og Anne Merete)