1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Hausten 2010

Oppstart 1. Leirvik speidargruppe

  • Likar du å dra på tur i skog og mark, eller på leir i telt?
  • Vil du læra litt om førstehjelp, båltenning, orientering og andre nevenyttige tips og triks?
  • Har du lyst å vera i lag med andre i eit trygt og godt miljø?
  • Då kan speidaren vera noko for deg!

1. Leirvik speidargruppe startar opp att etter ferien. Nye og gamle medlemmer velkomne!

Møtetider er:

Måndagar 19.00–20.30, 8.–10. klasse

Tysdagar 17.30–18.45, 3.–5. klasse

Tysdagar 18.45–20.00, 6.–7. klasse

 

Nye medlemmer er hjarteleg velkomne og kan møta opp ved Naustvågen Barnehage.

1. Leirvik speidargruppe er medlem av Norges Speiderforbund. Meir informasjon kan du finna på www.speiding.no.

Ta gjerne kontakt med Helga Kroka, tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101, eller Øystein Østensen tlf. 900 92 617 dersom du har spørsmål.

(Annonsetekst frå Sunnhordland 25. august 2010.)


Kommenter innlegget

Bilete frå festivalleiren 2010

Avslutningsturen vår i år gjekk til Lier på festivalleiren til Ryvarden første helga i juni. Denne gongen hadde festivalen vikingtema, og i opptoget på laurdagen vart 1. Leirvik kåra til beste vikinggruppe! Me fekk til og med premie — eit kjekt kokeapparat.

Opptog i velourvikingkostyme (!):

Handbak, putekrig og andre typiske vikingaktivitetar:


Glimt frå leirlivet:

(Foto: Øystein og Anne Merete)


Kommenter innlegget

Opptakingsfest

Me inviterer småspeidarar, stifinnarar, vandrarar, roverar til opptakingsfest tysdag 16. februar. Ta gjerne med sysken, foreldre og besteforeldre.

 

Stad:
Hovudgarderoben i KULTURHUSET

Tid:
16. februar 17.30–19.30

 

Ta med kaffi og noko å bita i. Me vil samla inn pengar til tenkedagsfondet.

 

Speidarhelsing,

leiarane i 1. Leirvik


Kommenter innlegget

Julatur

Også i år sluttar me av før jul med tradisjonell juletur

Turen går til Aker Stords hytter på Føyno.

Tid:  Laurdag 5. desember til sundag 6. desember.

Stad:  Føyno.

Frammøte:  For å spara bompengar, så møter alle på parkeringsplassen før tunnellen på Digernes, laurdag klokka 14.00

      Så  går me samla over brua.

Slutt:  Me avsluttar same stad, sundag klokka 15.00.

Pris: Turen vil kosta 100 kr. Dette dekkar mat, overnatting og felles utstyr.

Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken,

      ekstra lubber, hua, vottar/hanskar, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp,

      toalettsaker.

Påmelding: Til Helga tlf 53413179/99292101 eller Øystein tlf 90092617 innan bakemøtet.