Stifinnarane og vandrarane reiser fredag til laurdag.
Småspeidarane reiser laurdag til sundag.
Sjå vedlagde lappar.
Stifinnarane og vandrarane reiser fredag til laurdag.
Småspeidarane reiser laurdag til sundag.
Sjå vedlagde lappar.
Me markerer tenkedagen med å leggja speidarmøtet til Vikjo. Store og små møter kl. 17.30 ved Kulturhuset. Me sluttar av kl. 19.30.
Mange har fått ny speidarskjorte og lurar på kvar merka skal syast på. Her er ein fin illustrasjon frå Speiderbasen.
Dei merka me brukar til vanleg er kretsmerke og gruppeband, verdsmerke og forbundsmerke. I tillegg har me gruppemerket til 1. Leirvik over venstre brystlomma. No i jubileumsåret syr me på jubileumsmerket i staden for gruppemerket.
Helga har merke til dei som treng.
I høve jubileet er 1. Leirvik peikt ut til vekas artikkel på Norsk speidermuseum sitt Speiderhistorisk leksikon. Les om historia til 1. Leirvik frå 1913 til i dag.
15. februar i år er 1. Leirvik speidargruppe 100 år. Dette skal me feira på dagen, med stor offisiell fest i Turnhallen, for aktive og gamle medlemmar.
Stifinnarane reiser på tur fredag til laurdag.
Her kjem kalenderen for våren 2013. Minner dessutan om at kalenderen ligg som Google-kalender i høgrespalta her på nettsida. Det går an å «abonnera» på heile eller delar av kalenderen (småspeidar, stifinnar, vandrar, osv.). Då kan du få kalenderen rett inn på mobilen.
Første speidarmøtet etter nyttår er tysdag 8. januar til vanleg tid på Naustet.