1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Gode pengar frå førjulsdugnad

Dsc_0055

Fronta / Stord Eiendom hadde juleavslutning for sine tilsette med familiar siste sundagen før jul. Dei spurde om me kunne stilla opp med nokre telt og servera graut og gløgg i skogen ein stad bak Saneset. Denne jobben fekk me 10.000 kr for.

Stor takk til Ingrid, Margrethe, Hogne, Ole Jørgen, Knut Inge, Gaute og Helga.

Ikkje så verst flaks, forresten, at dette var einaste finvêrsdagen me har hatt i desember … Kuldegrader og litt snø på bakken sytte for julestemninga. Likevel la det seg eit tjukt lag iskrystallar på telta, så dei måtte tørkast i dagevis på Naustet etterpå.


Kommenter innlegget

Juletur 2011

Juletur til Føyno 10.–11. desember 2011

Me avsluttar året med juletur til Aker-hyttene på Føyno.

Oppmøte: Laurdag kl. 12:00 på rasteplassen på Digernes. Me går over brua, så kle godt på deg.

Henting: Sundag kl. 15:00 på Digernes.

Ta med: Sovepose, varme klede, lommelykt.

Pris: Turen kostar 100 kr.

Påmelding: Innan bakemøtet 6. desember til Helga (99292101/53413179) eller Gaute (99629244).


Kommenter innlegget

Hyttedag

Hyttedag

Som de veit, fekk 1. Leirvik ei hytte i haust. Me vil visa fram hytta til speidarar og foreldre no til helga.

Småspeidarane møter laurdag 19. november kl. 12.00–15.00.
Stifinnarane møter sundag 20. november kl. 12.00–15.00.


Parker ved Lundarstølen eller på Heio. For å koma til hytta, følgjer de ein sti som går inn til høgre ovanfor den bratte bakken etter brua på vegen opp til Heio. Me skal merka stien.

Sidan me har speidarmøte i helga, tek me fri tysdag 22. november.
Hugs dessutan at me skal vera i Parken tysdag 29. november!

Speidarhelsing,
Leiarane i 1. Leirvik


Kommenter innlegget

Internasjonal dag

Internasjonaldag
1. Leirvik er med på Internasjonal dag på Stord laurdag 11. november.

Stifinnarane skal hjelpa med å laga til lavvo, bål og speidaraktivitetar ved Kulturhuset.

Oppmøte ved Kulturhuset kl. 11.15, i speidarskjorte og sjal, om du har. Me skal først vera med i fakkeltoget til minne om 22. juli. Etterpå samlast me ved lavvoen på plenen utanfor Kulturhuset.

Me sluttar av kl. 15.00.


Kommenter innlegget

Bilete frå Litlabø

Me var ein stor gjeng på tur til gruveområdet på Litlabø 22.–23. oktober 2011. Me fekk ei utruleg spennande omvising i gruvene på laurdagskvelden.

Bilete og video: Gaute


Kommenter innlegget

Hausttur til Litlabø 2011

Då er det nok ein gang klart for speidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Turen er for alle små og store i gruppa vår (men det vert litt forskjellig program for små og store). Denne gangen dreg me til eit område me aldri har vært på tur tidlegare, så det vert spanande.

Påmelding til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein 90092617 innan torsdag 20. oktober.

Hugs at me har fri tysdag 25. oktober!


Kommenter innlegget

Me har fått oss hytte!

1. Leirvik har fått ei hytte som barnehjelpa i Stord Røde Kors har
eigd til no. Hytta ligg godt gøymd i terrenget litt nedanfor Heio.

Her er ikkje plass til å ha alle med på overnattingstur på éin gong,
men til mindre turar er hytta ideell. Dessutan skal me gjera plass til
lavvo og bål utanfor.

Helga, Øystein, Knut Inge og Gaute var med og overtok hytta på sundag,
i lag med både veteranspeidarar og damene frå barnehjelpa.

Dsc_0028Dsc_0029Dsc_0033


Éin kommentar

Bilete frå rover-/leiarturar

Tur til Myrkdalen i august:

Planleggjing og vassport på Hiskjo i september:

(Alle bilete: Anne Merete)