1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Julatur og Bakemøte

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 4. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 5. desember kl 17-18.45

Julatur

Tida går fort, no er det tid for julatur igjen. På julaturen er det litt speidaroppgåver, me riggar til juleverkstad og på kvelden vert det julekoldtbord. Denne turen vektlegg me det sosiale. Me skal overnatta på det gamla skulehuset på Hiskjo, Bømlo.

Turen er felles for småspeidarar og speidarar.

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. desember

Stad: Hiskjo, Bømlo (Hiskjo skule Lekvoll i Google maps)

Frammøte: Ved speidarnaustet, laurdag kl 11.

Avslutning: På Hisko, sundag kl 15, tilbake ved naustet ca kl 15:45

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til / henta på Hiskjo. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / henta på Hiskjo / ikkje køyra.

Pris: 150 kr.

Utstyr: Sovepose, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Me er i gang å tester Spond. Søk på gruppekode ZPCPI i Spond Appen. Fint om alle gir beskjed om dei skal / ikkje skal.

Meld i tillegg på til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332 SMS (Så får me kvalitetsikra at alt fungerer denne første gangen).

Påmeldingsfrist: tysdag 3. desember

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Oppdatering til Grautmøtet

Det viser seg at fleire av speidarane som skal bli tatt opp i løpet av grautmøtet har skuleaktivitetar som kolliderer.

For at desse kjekke speidarane framleis skal få anledningen til å bli tatt opp så har me valt å utsette grautetmøtet ein time.

Det blir då oppmøte med bål, preik, kos og frilek kl 18.30, så tar me sjølve seremonien med opptaking nærmare kl 19. Tradisjonen tro serverer me varm graut etter opptaking.

Datoen er uendra, tysdag 19. november kl 18.30 for alle speidarar og familie. Hugs å kle deg godt, det byrjar å bli kjølig om kveldene.

Mvh Speidarleiarane


Kommenter innlegget

Minner om speidar og småspeidarmøtet på Sævarbu

Imorgon (tysdag 1. oktober) vert speidarmøtet på speidarhytto Sævarbu på fjellet. Målet er at nye små og store speidarar skal bli kjent med hytta, før me reiser på tur dit.

Me slår saman møtetidene å forlenga møta denne kvelden. ALLE møter kl 17.30 til 20.00.

Me fyrer i bålpanna og grillar denne dagen.

Ta med grillmat, drikka (bestikk, fat og kopp om du treng).

Mørket kjem nok lurande når me er på heimveg, så ta med lommelykt eller hovudlykt.

Alle foreldre og søsken som har lyst til å væra med, er velkommen denne kvelden.

Det er begrensa med parkering nær hytta, så ein må nytta parkeringsplassen på Heio. Sjå kart under. Det er ca 15 min å gå nedover vegen. I tillegg 10 min å gå frå vegen, over myra og bort til hytta. Myra er blaut og våt, ta på gode sko som er høgare enn joggesko (elles så går vatnet over har me erfart).


Kommenter innlegget

Bade/Svømmemøte

Tysdag 3 september vert det bade / symjemøte for små og store speidarar. Målet er å visa at du har ferdighetane som trengs for å ta symjemerket.

For dei som ikkje ynskjer å ta symjemerket, så vert det møte på Leirvik. Alle møter ved gropa bak kulturhuset, så deler me oss på 2 forskjellige møter.

Dei som skal bada må ha med badetøy, handkle, shampoo. Symjebriller visst du vil/har.

Endra møtetider denne dagen.

Småspeidarar 17:00 til 18:30

Speidarar: 18:00 til 19:30

Krav til symjemerket, småspeidar

1. Vis at du kan bryst- og ryggsvømming.

2. Hopp/stup ut i vannet og svøm noen tak under vann.

3. Trå vannet i minst 30 sekunder.

4. Vis at du kan flyte på magen og på ryggen, og kan holde deg flytende i minst 2 minutter.

Krav til symjemerket, speidar

1. Finn ut hvilke farer man skal være oppmerksom på ved vannaktiviteter.

2. Vis at du kan hoppe eller stupe fra minst 2 meter.

3. Vis at du kan svømme og orientere deg under vann.

4. Vis at du kan bytte mellom å flyte og å trå vannet for å holde deg flytende i minst fem minutter.

5. Vis at du kan svømme minst 200 meter ved å bytte mellom bryst- og ryggsvømming. 

 

Del 6 tar me når me er på speidartur til Bømlo helga 6. – 8. september.

6. Dett ut i vannet og finn ut hvor langt du klarer svømme med klær på


Kommenter innlegget

Ferien ferdig – speidaren startar igjen!

Så er ferien unnagjort og me kan gå i gang med speidarhausten. Tysdag 20 august startar me igjen på Naustet. Kle deg gjerne etter vêret.

Småspeidarar, 3. – 5. klasse klokka 17:30 til 18:45.

Speidarar, 6. – 10. klasse klokka 19:00 til 20:30.
Gamle og nye speidarar er velkomne.

Speidarnaustet ligg like nedanfor Naustvågen barnehage.
Spørsmål, send oss ei melding eller kontakt Kristoffer Spissøy tlf 95522332 / Helga Kroka tlf 99292101. Meir info, sjå leirvikspeidar.com


Kommenter innlegget

Festivalleir

Då skal me endeleg reise på Festivalleiren, og me leiarar gleder oss skikkeleg til å sjå kostymene dykk kjem med! Det skal være mafiaparade med alle speidargruppene, kiosk, leirbål, og mange andre aktivitetar! Om vêret blir fint, så er det også mogleg å bade i vatnet der. Dette blir ein fantastisk avsluttningstur før sommarferien med mange små og store speiarar frå andre grupper i kretsen.

NB: Det stod feil påmeldingsdaato på arket speidarane fekk med seg heim, den er retta her.

Tid:                           31. mai til 2. juni

 

Stad                          Kretsens leirområde på Lier i Sveio

 

Frammøte               Ved naustet fredag kl 16.30. Me treng nok nokre føresette som kan hjelpe oss med kjøring til leirplassen. Gjeld nok også på søndag.

 

Avslutning             Ved naustet søndag kl 16.00

 

Pris                           200,-

 

Utstyr                        Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske,lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, speidarskjorte, speidarsjal, mafiakostyme, fjellsko, vottar, hua, badeutstyr (for dei som vil).

Kostyme                  Det er tradisjon med opptog med tema under festivalleiren. I år er det satt opp mafia som tema! Det vert spanande. Her er det berre til å la kreativiteten utfalda seg. 

Mat                            Leiarane ordnar mat, men det er kiosk på leiren 😉

Ta med litt lommepengar

 

Påmelding               Innan laurdag 18. mai. TLF/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)

 

Spørsmål                TLF/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)


Kommenter innlegget

17. Mai feiring

Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken, like ved kaien kl 07.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal! Ta kontakt om du ikkje har, så kan me prøve å fikse noko.

Merk at det er endring i 17. Mai programmet dei siste åra.

Markeringa på kaien er flytta frå kl 07:00 til kl 08:00. Dette er det viktig å merka seg.

Me leiarane gler oss til å ta med speidarane våre, både gamle og nye, på denne markeringa!

Me har litt knapt med flaggbærarar, ynskjer  derfor at så mange som mogleg stiller, slik at me får til eit skikkeleg fint 17. Mai tog, med speidarar og flagg i front!

Toget går frå Haugalandsparken/Nordre kaisving, etter ein litan sermoni. Vidare går det via Osen, gjennom Borggate og fortset vegen opp til sjukehuset. Der skal korpset og mannskoret, som før, spela og syngja. Så er morgontoget over for i år .

Ferdig ved sjukehuset ca 08:45. Alle må hentast der

 

Spørsmål:               Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)

 

 

 


Kommenter innlegget

Speidaraksjonen 2024

Kvart år i april er det tid for speidaraksjonen. Då samlar me inn midlar som går til å støtta prosjekt i samarbeid med Flyktninghjelpen. Noko av pengane me samlar inn, går til eigne samarbeidsprosjekt som Norges speiderforbund har.

I år samlar me inn midlar til Flykninghjelpens fritidsklubb for Ukrainkske flykningar i Polen.

I tillegg går noko av midlane til NSFs samarbeidsprosjekt med speidarane i Zambia og Liberia.

Me gjennomfører denne som ein dør til dør innsamlingsaksjon med bøsser. Dette har vist seg effektivt gjennom fleire år. Alle får vera med å gjera ein innsats som betyr noko.

Alle som deltek i innsamlingsaksjonen, får skjerfmerket som viser at dei har gjennomført.

Speidarane går 2 og 2 i lag i utgangspunket. Det er fint om dei kan gå i sitt nærområde, der dei er kjend. Flott om nokre foreldre har tid til å køyra dei til nærområdet sitt,  etter utdeling av bøsser og legitimasjon på naustet. 

Tid: Tysdag 30. april

Stad: Møt på naustet, merk endra tid

OBS: For å få tid til å gjennomføra dette, så er det endra møtetider denne dagen. ALLE møter frå kl 17:00 – 20:00

Spørsmål: Kontakt Helga 99 29 21 01


Kommenter innlegget

St. Georgsdagsfeiring

St. Georg er speidaranes skytshelgen. Speidarar over heile verda markera kvart år St. Georsdagen, som er 23. april. Dagen vert markert, for å minna oss om at me skal kjempa for ein betre verden.

På St. Georsdagen fornyar speidarane også speidarløftet ein gav, då ein vart teken opp som speidar.

Me i 1. Leirvik skal markera dagen, saman med speidargrupper på Bømlo. Me samlar oss på Nautøyo. Den har fleire fine områder me kan nytta, litt avhengig av kva vær det er.

Dei av foreldre/familie som har lyst til å vera med denne kvelden, er hjarteleg velkomne. Det vert ei samlingstund med litt historiefortellingar, presten på Bømlo vil sei nokre ord, grilling, matstund og høve til å prata med andre.

Me tek med grillmat/saft til speidarane. Vaksne/familie tar med mat/drikka sjølv, då det er vanskeleg å berekna kor mange som kjem.

Tid: Tysdag 23. april

Stad: Nautøy. Parkering/samling : ta til høgre rett før Bømlabrua

Frammøte: Kl 18:00 på parkeringa. Avslutning ca kl 20:00

Pris: Gratis

Mat: Dette tar leiarane med til speidarane. Vaksne/familie tar med sjølv

Påmelding: Ingen

Spørsmål: Kontakt Øystein 90092617