1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Info om landsleir

Informasjon Landsleir Gjøvik 2025

Det nærmar seg landsleir med stormskritt. Her kjem litt info:

Betaling:

Leiren kan no betalast til vårt kontonr: 3520 50 45722. Merk med navn og kva det gjeld.

Prisen er 3500,- pr deltakar.

For husstandar med meir enn ein deltakar på same adressa, så er prisen 3500,- for første deltakar.

Dei neste deltakarane betalar 2450,-

Som me snakka om på info møtet tidlegare i vinter så har me søkt fleire plassar om meir støtta. Det har me dessverre ikkje fått. 1. Leirvik sponsar bussturen for alle deltakarane, så den skal det ikkje betalast for.

Transport:

Me skal ha buss saman med Meling og Foldrøy speidargruppe.

Dei stoppar på Føyno og tar oss med, fredag 4. Juli klokka 08:30. ALLE møter på Føyno.

Det er ein relativt lang busstur til Gjøvik. Ta med dagstursekk med nista, drikka, litt klede og andre ting du treng for ein dag på buss.

Bagasje:

Erfaring viser ei utfordring med å få plass til all bagasjen på full buss. Difor tar me med bagasjen i bilen som skal køyra fellesutstyret vårt til leiren.

Ferdig pakka sekker skal leverast til bilen, TORSDAG 3. Juli kl 17 .

Armbånd / Betaling på leir

Gruppa får tilsendt deltakararmbånd i forkant. Armbåndet kan «lades» med pengar og brukast som betalingsmiddel i leiren. Rover og stab har eigne fargar. Låsen indikerar om speidaren har akseptert bildetaking eller ikkje gjennom påmeldinga i Min Speiding. Ved tapt armbånd tek ein kontakt med servicetorget. Viktig at brukaren registrerer namn og gruppe ved fyrste opplading av armbåndet. Dette gir moglegheit for sperring og overføring av saldo til nytt bånd.

Det står nokre plassar at det er mogleg å bruka kort og Vipps. Ser at det er begrensa kva bankar dei samarbeider med Vipps, dersom brukaren er under 15 år. Sikkert best å satsa på armbånd.

Bank

Leiren har ikkje bank. Det er bank og minibank på Gjøvik. Det tas ikkje i mot kontantar på leiren, med unntak av servicetorget. I alle utsalgsstader nyttast armbånd, bankkort og Vipps.

Besøk

Leiren er åpen for besøkande kvar dag mellom revelje (07.30) og rosignal (23.00). Delar av leiren er ute på overnattingstur (haik) mandag til fredag. Føresatte anbefalas å avtale besøksdag med speidergruppa. Parkering for besøkande – sjå parkering.

Butikk / Kiosk / Kafe

Nærmeste daglegvarebutikk er ca 4 km frå leirområdet. Landsleiren tilbyr storkiosk der du kan handle solkrem, tannbørste og andre hygieneartiklar. Storkioskane er ved matutleveringstelta og på torget.

På torget er det eit utvalg kaféar og restaurantar med alt frå kaffe med melkeskum til middagsservering.

På leirområdet blir det kioskvogner og storkioskar.

Drikke

Hugs å drikke nok! Alle speidarane må ha drikkeflaske på leiren. Ta med drikke til alle aktivitetane.

På Hike skal dei ha med varmt vatn, som skal brukast til å laga Real turmat når dei kjem fram. Det vert ikkje lov å bruka nokon typar kokeapparat. Alle må ha med termos, minimum ½ liter, då me må koka vatnet i leiren før dei går på hike. Termosen må halda godt på varmen.

Mobiltelefon

Det er lov å ha med mobiltelefon på leiren. Kjekt å ha for å ta bilete som minner frå leiren. Me ser litt korleis det går. Vert det naudsynt så innfører me leiarane restriksjonar på bruk.

Merk at det kun vert mogeleg å lada powerbankar. Dei tek leiarane med i ein felles ladekasse til ladestasjon. Me kan ikkje sitta å passa på desse under lading, så det er på eige ansvar. Det pleier å gå bra.

Me legg opp til at speidarane i størst mogleg grad ikkje skal trenge telefon for å få ei god oppleving på leir. Speidergruppa bestemmer eigne køyrereglar for mobilbruk.

Leirsong

Leirsongen for 2025 heiter «På eventyr» og synges av Masive. Tekst finn du på landsleir.no/leirsangen, eller i leirheftet.

Listening ear

Lavterskel tilbud for dei som har behov for få litt støtte i ein vanskeleg situasjon. Listening ears er tilgjengeleg for alle på leir: speidar, rover, leiarar og stab.

Lommepengar

På infomøtet i vinter snakka me om at passelig sum er 100,- kr pr dag.

Speidarane sin landsleir har inga grense på lommepengar, men mange grupper har beløpsbegrensningar for sine speidarar.

Pakkeliste

Finnes på leirens heimeside: https://www.landsleir.no/pakkeliste#gsc.tab=0

Sosiale medier

Leiren heiter «Speidernes landsleir» på facebook, instagram, og tiktok. På youtube heiter den «Speiderne». Bruk hashtaggen #speiderneslandsleir når du postar frå leir!

Speider-Sport

Speidarane sin eigen butikk har stort utsalg på leirtorget, med både speidareffektar og sportsutstyr.

Speidarskjorte

Speidarskjorte nyttast på åpningsleirbålet, speidargudsteneste og avslutningsleirbålet. Me nyttar speidersjalet heile leirveka.

Wifi

Det blir trådlaust gjestenettverk ved torget, matutdelingstelt, servicetorg og roverkro. Ved mange samtidige brukarar kan hastigheit og stabilitet bli begrensa.


Kommenter innlegget

Hike og hyttetur, sommaravslutning

Småspeidarar

No er me klar for  sommartur til speidarhytto.

For småspeidarane så vert det tur med overnatting til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Køyr forbi Lundarstølen og opp mot Heio, så står me langs vegen og tar i mot deg.

 

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. juni på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Laurdag kl 12 på Sævarbu

Avslutning: Sævarbu kl 15 sundag

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, kopp, bestikk og tallerk (dersom me går på tur) Visst du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: På Spond innan måndag 2. juni.

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617

Stifinnar/Vandrar

Snart ferie. Me arrangera kombinert hike og hyttetur.

 

For speidarane så vert det hike frå fredag til laurdag. Då går me frå Børtveit til Svartavatnet på Stordafjellet, med overnatting i gapahuk eller hengekøy. Speidarane skal klara seg mest mogeleg sjølv, men nokre leiarar er med på turen.

 

Me skal gå omtrent 6 km totalt, fordelt på 2 dagar. Relativt bratt på traktorveg første delen. Mot Svartavatnet flatar det ut. Dagen etter er det relativt flatt, før det tippar nedover til Sævarbu Det er viktig å pakka lett. Ikkje ta med meir enn du treng, du må bera sekken sjølv. Sørg for at utstyr er oppi / godt festa på sekken. Det er tyngre / meir irriterande med ein sekk der ting heng å dinglar!!

 

Vel framme på speidarhytta Sævarbu på laurdag, møter me småspeidarane som er på tur. Her kan speidarane velja om dei vil overnatta ute eller inne.

 

 

 

Tid: Fredag 6. – sundag 8. juni

 

Frammøte: Ved avkøyringa til Børtveit. Køyr forbi Jektavik ferjekai, ca 500 meter. Ta til venstre. Her møtest me.

 

Avslutning: Henting ved vegen til Sævarbu, sundag kl 15.

 

Pris: Turen kostar 150,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

 

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, bestikk, kopp, tallerk. Shorts dersom det er varmt og fint vær. Vurder solkrem og myggspray. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

 

Mat: Speidarane setter opp meny for fredag, laurdag morgon og formiddag. Dette fordeler dei ansvar for å ta med sjølv. Leiarane handlar mat frå laurdag til sundag. Ta med litt snop dersom du har lyst.

 

Påmelding: På Spond

 

Spørsmål: Kontakt Øystein på tlf 90092617 eller melding på Spond

 

 

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Vintertur for store og små

Småspeidar:

No er me klar for vintertur til speidarhytto. Speidarane overnattar frå fredag til sundag. Småspeidarane er på tur frå laurdag til sundag.

Sidan vegen til Heio er stengd på denne tida av året, så møter me ved kraftstasjonen på Lundarstølen. Går felles herifrå til hytta. Det er 1,6 km å gå. Pakk ikkje meir enn nødvendig. Alle må  bæra sitt eige utstyr pluss litt fellesutstyr eller mat.

Tid: Laurdag 22. feb til sundag 23. februar på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Laurdag kl 12 ved kraftstasjonen på Lundarstølen

Avslutning: Kraftstasjonen kl 15 sundag

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er VELDIG vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Via Spond innan onsdag 19. februar kl 15. For dei som ikkje har lagt oss inn på Spond enda så kan du trykke her: https://leirvikspeidar.com/spond/

 

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617

Stifinnar og Vandrar:

For speidarane så vert det tur med overnatting til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Sidan vegen til Heio er stengd på denne tida av året, så møter me ved kraftstasjonen på Lundarstølen. Går felles herifrå til hytta. Det er 1,6 km å gå. Pakk ikkje meir enn nødvendig. Alle må  bæra sitt eige utstyr pluss litt fellesutstyr eller mat.

Tid: Fredag 21. feb til sundag 23. feb på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Fredag kl 17 ved kraftstasjonen

Avslutning: Kraftstatsjonen kl 15 sundag

Pris: 150 kr.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån. Dei som vil kan overnatta ute i gapahuk eller hengekøy. Ta i så tilfelle med liggeunderlag  / hengekøy.

Det er VELDIG vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Via Spond innan onsdag 19. februar kl 15. For dei som ikkje har lagt oss inn på Spond enda så kan du trykke her: https://leirvikspeidar.com/spond/

 

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617


Kommenter innlegget

Julatur og Bakemøte

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 4. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 5. desember kl 17-18.45

Julatur

Tida går fort, no er det tid for julatur igjen. På julaturen er det litt speidaroppgåver, me riggar til juleverkstad og på kvelden vert det julekoldtbord. Denne turen vektlegg me det sosiale. Me skal overnatta på det gamla skulehuset på Hiskjo, Bømlo.

Turen er felles for småspeidarar og speidarar.

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. desember

Stad: Hiskjo, Bømlo (Hiskjo skule Lekvoll i Google maps)

Frammøte: Ved speidarnaustet, laurdag kl 11.

Avslutning: På Hisko, sundag kl 15, tilbake ved naustet ca kl 15:45

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til / henta på Hiskjo. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / henta på Hiskjo / ikkje køyra.

Pris: 150 kr.

Utstyr: Sovepose, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Me er i gang å tester Spond. Søk på gruppekode ZPCPI i Spond Appen. Fint om alle gir beskjed om dei skal / ikkje skal.

Meld i tillegg på til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332 SMS (Så får me kvalitetsikra at alt fungerer denne første gangen).

Påmeldingsfrist: tysdag 3. desember

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Hausttur til speiderhytta

Småspeidarar:

No er me klar for hauststur til speidarhytto. For småspeidarane så vert det tur med overnatting til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Køyr forbi Lundarstølen og opp mot Heio, så står me langs vegen og tar i mot deg.

Tid: Laurdag 12. okt til sundag 13. okt på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Laurdag kl 12 på Sævarbu

Avslutning: Sævarbu kl 15 sundag

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er VELDIG vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332, tysdag 8 oktober

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617

Stifinnarar og Vandrarar

No er me klar for hauststur til speidarhytto.For speidarane så vert det tur med overnatting til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Køyr forbi Lundarstølen og opp mot Heio, så står me langs vegen og tar i mot deg.

Tid: Fredag 11. okt til sundag 13. okt på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Fredag kl 18 på Sævarbu

Avslutning: Sævarbu kl 15 sundag

Pris: 150 kr.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån. Dei som vil kan overnatta ute i gapahuk eller hengekøy. Ta i så tilfelle med liggeunderlag  / hengekøy.

Det er VELDIG vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332, tysdag 8 oktober

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Tur til Åreidalen, Bømlo

Småspeidarar

Endeleg er me i gang igjen med ny sesong. Tid for telttur!

For småspeidarane, så vert det tur med overnatting i telt på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!). Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar og utforska naturen.

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. september.

Stad: Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. Nærare beskriving av plassen kjem på nett/Facebook når det nærmar seg, til info for dei som skal køyra/henta.

Frammøte: Laurdag 7. september ved speidarnaustet kl 12.00. Merk tida. 

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 15. Tilbake på naustet kl15.30

Pris: Turen kostar 100,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose (komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 3. sept

Spørsmål: Kontakt Kristoffer eller Øystein (90092617)

Stifinnarar/Vandrarar

Hausten er her, ny sesong og me er klar for hike og telttur.

For speidarane så vert det hike frå fredag til laurdag. Då går me frå Folderøy til Oldereide, med overnatting i gapahuk undervegs. Speidarane skal klara seg mest mogeleg sjølv, men nokre leiarar er med på turen.

Me skal gå omtrent 7 km totalt, fordelt på 2 dagar. Relativt lettgått, flat sti. Det er viktig å pakka lett. Ikkje ta med meir enn du treng, du må bera sekken sjølv. Sørg for at utstyr er oppi / godt festa på sekken. Det er tyngre / meir irriterande med ein sekk der ting heng å dinglar!!

Vel framme på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!)møter me småspeidarane som er på tur. Så vert det leir og overnatting i telt til sundag. Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar og utforska naturen.

Me skal gjera siste rest av bademerket (for dei som har lyst til det), som er å falle uti vatnet med klede, for å sjå kor tungt det er å symja med. Ta med fullt bytte for dette, pakka utanom sekken. Leiarane tar dette med, slik at du slepp å bære det.

Tid: Fredag 6. – sundag 8. september

Stad: Folderøy til Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. 

Frammøte: Fredag 6. sept ved speidarnaustet kl 17:00. 

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 15. Tilbake på naustet kl 15.30

Pris: Turen kostar 150,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Bytteklede for bademerket (pakka utanom sekken), også ekstra skopar.

Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose no på hausten (komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 3. september

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Kretskonkurranse i Mai

Som dykk veit så var kretskonkurransen tidlegare utsatt grunna ekstremt dårleg vêr på leirområdet, og den nye datoen for konkurransen er første helga i mai.

NB: Me setter pris på om dei som var påmeldt originalt kan gi oss ein oppdatering om dei framleis vil være påmeldt, om føresette framleis kan kjøre, og evt. andre endringar.

Småspeidar

Det er vår og snart tid for kretsbanner konkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år.  I år er konkurransen på Blikshavn leirplass, søraust på Karmøy.

På kretsbannerkonkurransen konkurrera speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellege øvingar over 2 dagar. Dei 3 beste patruljane vert kvalifisert for deltaking i NM i speiding. Småspeidarane har ikkje NM, men ein kjekk konkurranse i kretsen.

For småspeidarane er det rundløypa på sundagen, med postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar. Denne gangen opnar me opp for at dei småspeidarane som har lyst, kan komma laurdag ettermiddag / kveld og overnatta ute i telt til sundagen. Dei som ikkje vil overnatta, kjem sundag morgon.

Konkurransen vart flytta frå første helga i april, til første helga i mai grunna mykje snø!! Lapp med ny dato / info. MERK: kort påmeldingsfrist.

Tid: Laurdag 4/5 – Sundag 5/5, evnt dagstur sundag 5/5

Stad: Blikshavn leirplass, Karmøy. Me treng nokre foreldre til å køyra. Vegen finn du på Google maps. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til på laurdag / henta på sundag. Gi beskjed om kor mange passasjera du har plass til.

​​Treng også nokon til å køyra på sundag. Då er det best om du er med heile dagen og køyrer tur/retur

Frammøte: Speidarnaustet, laurdag kl 16.00 for dei som skal overnatta

​​Speidarnaustet, sundag kl 08.00, for dei som vil på dagstur

Avslutning: På Blikshavn, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.30

Pris: 100 kr. Dette dekkar mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, ullundertøy, god varm genser, hua, hansker, kniv, lommelykt.

Mat: Dette tar leiarane med 

Påmelding: Til Kristoffer tlf / SMS 95522332 innan fredag 19. april (merk kort frist). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer 95522332.

Stifinnar og Vandrar

Det er vår og snart tid for kretsbanner konkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år.  I år er konkurransen på Blikshavn leirplass, søraust på Karmøy.

På kretsbannerkonkurransen konkurrera speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellege øvingar over 2 dagar. Fredag kveld er det berre innsjekk og oppsetta av telt / tilrigging, slik at me er klar til laurdagmorgon. Dei 3 beste patruljane vert kvalifisert for deltaking i NM i speiding.

Småspeidarane har sin eigen konkurranse på sundagen.

Konkurransen vart flytta frå første helga i april, til første helga i mai grunna mykje snø!! Lapp med ny dato / info. MERK: kort påmeldingsfrist.

Tid: Fredag 3/5 – Sundag 5/5.

Stad: Blikshavn leirplass, Karmøy. Me treng kanskje nokre foreldre til å køyra. Vegen finn du på Google maps. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til på fredag / henta på sundag. Gi beskjed om kor mange passasjera du har plass til.

Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 17.00.

Avslutning: På Blikshavn, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.30

Dei som skal henta må vera på Blikshavn 14.30

Pris: 150 kr. Dette dekkar mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, ullundertøy, god varm genser, hua, hansker, kniv, lommelykt.

Mat: Patruljen lagar handlelista, så kjøper leiarane inn

Påmelding: Til Kristoffer tlf / SMS 95522332 innan fredag 19. april (merk kort frist). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer 95522332.


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurranse, store og små

Småspeidar

Det er vår og snart tid for kretsbanner konkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år.  I år er konkurransen på Blikshavn leirplass, søraust på Karmøy.

På kretsbannerkonkurransen konkurrera speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellege øvingar over 2 dagar. Dei 3 beste patruljane vert kvalifisert for deltaking i NM i speiding. Småspeidarane har ikkje NM, men ein kjekk konkurranse i kretsen.

For småspeidarane er det rundløypa på sundagen, med postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar. Denne gangen opnar me opp for at dei småspeidarane som har lyst, kan komma laurdag ettermiddag / kveld og overnatta ute i telt til sundagen. Dei som ikkje vil overnatta, kjem sundag morgon.

.

Tid: Laurdag 6/4 – Sundag 7/4, evnt dagstur sundag 7/4

Stad: Blikshavn leirplass, Karmøy. Me treng nokre foreldre til å køyra. Vegen finn du på Google maps. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til på laurdag / henta på sundag. Gi beskjed om kor mange passasjera du har plass til.

Treng også nokon til å køyra på sundag. Då er det best om du er med heile dagen og køyrer tur/retur

Frammøte: Speidarnaustet, laurdag kl 16.00 for dei som skal overnatta

Speidarnaustet, sundag kl 08.00, for dei som vil på dagstur

Avslutning: På Blikshavn, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.30

Pris:100 kr. Dette dekkar mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, ullundertøy, god varm genser, hua, hansker, kniv, lommelykt.

Mat: Dette tar leiarane med 

Påmelding: Til Kristoffer tlf / SMS 95522332 innan fredag 22. mars (merk kort frist). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.

Spørsmål:Kontakt Kristoffer 95522332.

.

.

Stifinnar og Vandrar

Det er vår og snart tid for kretsbanner konkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år.  I år er konkurransen på Blikshavn leirplass, søraust på Karmøy.

På kretsbannerkonkurransen konkurrera speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellege øvingar over 2 dagar. Fredag kveld er det berre innsjekk og oppsetta av telt / tilrigging, slik at me er klar til laurdag morgon. Dei 3 beste patruljane vert kvalifisert for deltaking i NM i speiding.

Småspeidarane har sin eigen konkurranse på sundagen.

Tid: ​​Fredag 5/4 – Sundag 7/4.

Stad: ​​Blikshavn leirplass, Karmøy. Me treng kanskje nokre foreldre til å køyra. Vegen finn du på Google maps. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til på fredag / henta på sundag. Gi beskjed om kor mange passasjera du har plass til.

.

Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 17.00.

Avslutning: På Blikshavn, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.30

​​Dei som skal henta må vera på Blikshavn 14.30

Pris: 150 kr. Dette dekkar mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr:  Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, ullundertøy, god varm genser, hua, hansker, kniv, lommelykt.

Mat: Patruljen lagar handlelista, så kjøper leiarane inn

Påmelding: Til Kristoffer tlf / SMS 95522332 innan fredag 22. mars (merk kort frist). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer 95522332.


Kommenter innlegget

Gruppetur til Heidlatun, Sveio

Det vert tur for heile speidargruppa til Hedleitun, Ryvarden krets si hytta i Sveio, 3.-4. februar (laurdag – sundag). Stifinnarar og Vandrarar får også invitasjonen til å delta på eit emnekurs inne på Speidarhytta til Skudnes på Hovstad (fre-laur). Nokre av leiarane skal også på emnekurs, og det er mogleg å sitte på med dei ned, og tilbake til resten av turen.

Det vert mykje aktivitetar ute, litt innekos og mulighet for dei store, til å overnatta ute i hengekøy. Her er det mange mulighetar.

Me treng nokre foreldre som kan køyra til/henta på hytta. Den ligg ca 2 km frå bensinstasjonen på Haukås i Sveio. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til/frå og antall passasjera du kan ta med

Tid: Laurdag 3. – sundag 4. februar

Frammøte: Speidarnaustet laurdag kl 12.

Stad: Ryvarden krets si hytta på Nese i Sveio.

Avslutning: Speidarnaustet, sundag kl 15.

Dei som skal henta må vera på Nese innan kl 14.30

Pris: 150,- Dette dekkar mat og utstyr me treng på turen. Leiarane ordnar mat.

Utstyr: God og varm (visst du skal ligga ut)sovepose, liggeunderlag (i tilfelle du må ligga på golvet), hengekøy (visst du har og vil overnatta ute) kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals), klede til å være inne, , lommelykt/hovudlykt, speidarskjorte og skjerf (dei som har), litt brus og godteri om du vil.

Emnekurs: Påmelding til Kristoffer innan laurdag 27. Januar. Info om avreise kjem seinare. Sjå pdf for info:

.

Påmelding: ring/SMS innan tysdag 30. januar til Kristoffer (hugs fullt namn)

Fint om du også skriv om du kan køyra til/frå,  eller ikkje kan køyra.

Spørsmål: Ring/sms Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Bakemøte og Julatur

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 4. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 5. desember kl 17-18.45

Julatur

Tida går fort, no er det tid for julatur igjen. På julaturen er det litt speidaroppgåver, me riggar til juleverkstad og på kvelden vert det julekoldtbord. Denne turen vektlegg me det sosiale. Me skal overnatta på Akersolution sine hytter på Føyno.

Tid: Fredag 8. – laurdag 9. desember

Stad: Føyno

Frammøte: Føyno, fredag kl 16:30

Avslutning: Føyno, Laurdag kl 15:00

Pris: 150 kr.

Utstyr: Sovepose, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332, Tysdag 5. desember.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

Helsing leiarane