1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Avslutningstur sommaren 2011

Det vert avslutningstur for alle i 1. Leirvik speidargruppe helga 10. – 12. juni. Då dreg me til Narravikjo, like ved Notlandsvågen på Moster. Dette er eit av dei mange friluftsområda som er på Bømlo.

Dette er ein telttur der me skal kosa oss og læra om leirliv. På sundagen tar me opp nye speidarar som ikkje er tatt opp tilegare. Dette er ei litt høgtideleg markering der dei avlegg speidarløftet og mottar speidarsjal og knute. Håpar foreldra til dei som skal tas opp, er med oss på denne markeringa. De er velkomne sundag kl 14.

Tid:            

  • Fredag 10. til sundag 12. juni.

Stad:    

  • Narravikjo, Bømlo. Køyr mot Moster, ta andre avkøyring mot Notlandsvågen (tar du første er det vanskeleg å finna fram), fortsett ca 1 km til du får eit buss-skur på høgre hand. Ta første veg til venstre.

Frammøte:       

  • På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl 18.00

Avslutning:        

  • Henting på Narravikjo 15.00. Tilbake ved Naustet ca 15.30.

Pris:       

  • 150 kroner. Dette dekkar all mat og aktivitetar på turen.         

Utstyr:        

  • Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker.

Mat:       

  • Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding:       

  • Denne gangen er det kort frist. Må ha tilbakemelding til Helga (99292101) innan onsdag 8. juni. Fint om du gir beskjed om du kan / ikkje kan.
  • Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Narravikjo. Gi melding om du kan køyra ved påmelding.

Spørsmål:       

  • Ring Helga.


Kommenter innlegget

Morgontog 17. mai

1. Leirvik deltek også i år i morgontoget 17. mai. Me skal vera
oppstilt i flaggborga klokka 07.00. Deretter er det sang og musikk ved
Leirvik mannskor og Stord musikklag samt apell for dagen. Deretter går
toget til Osen, opp Borggata, forbi kyrkja, opp Døso og vidare til
sjukehuset. Avslutning ved sjukehuset etter at mannskoret og
musikklaget har spela nokre nummer (bak sjukehuset).

Alle møter klokka 06.45. Det er viktig at alle møter, slik at me kan
byta på å bera flagga.

Alle stiller med skjerf. Dei som har skjorte, stiller med skjerf og skjorte.

Me reknar med å avslutta ved sjukehuset ca 08.30, så alle må hentast der.


Kommenter innlegget

Tur til Hiskjo

Det vert hyttetur til Hiskjo (Bømlo) for småspeidarane og stifinnarane i 1. Leirvik, laurdag 19. – sundag 20. februar.

På sundagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på lunsj og opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Sjølv om ein ikkje kan vera med heile helga, håpar me at så mange som mogeleg kan vera med oss på
lunsj og opptaking på sundag.

Hugs påmelding på lapp innan neste speidarmøte tysdag 15. feb eller, til Helga på tlf 53413179 / 99292101 innan tysdag 15. feb.
Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring ut til Hiskjo laurdag. Gi melding om du kan køyra ved påmelding.


Kommenter innlegget

Juletur til Føyno 4.–5. desember 2010

Me avsluttar året med juletur til Aker-hyttene på Føyno.

 

Oppmøte: Laurdag kl. 12:00 på rasteplassen på Digernes. Me går over brua, så kle godt på deg.

Henting: Sundag kl. 15:00 på Digernes.

Ta med: Sovepose, varme klede, lommelykt.

Pris: Turen kostar 100 kr.

 

Påmelding: Innan torsdag til Helga (99292101/53413179) eller Gaute (99629244).