Bakemøte
Då var tiden kome for årets siste speidarmøte, og som vanleg blir det bakemøte nede på naustet!
Me håpar speidaren stiller med ‘kokkehatten’ på, og med godt humør. Husk å ta med forkle, kjevle (helst stor) og alle peparkakeformane du har!
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Møter på naustet måndag 29. november kl 19.00
Småspeidarar (3-5 klasse): Møter på naustet tysdag 30. november kl 17.00
.
.ø
Julatur 2021
Så var det igjen tid for julatur og avslutning av speidaråret 2021. Turen går til speidarhuset på Sæbøvik på Halsnøy. I fjor vart julaturen litt redusert p.g.a korona og me kunne ikkje ta med alle speidarane, men i år ser me fram til å ha med både små og store! Det vert god mat, juleverkstad, brettspel, leirbål og rett og slett ein rolig og koselig tur.
Roverane og leiarane reiser på fredagen, men møter speidarane på Skjersholmane laurdag formiddag. Obs! Leiarane kjem med ferja frå Halsnøy og går berre av for å hente speidarane, så hugs å vere klar når ferja kjem!
Tid: Laurdag 4. desember – Sundag 5 desember
Stad: Speidarhuset på Sæbøvik på Halsøy
Frammøte: Skjersholmane Kl. 11:20. Ferja går 11:35
Avslutning: Skjersholmane Kl. 14:45
Pris: 250kr (Søskenmoderasjon: to for 400kr)
Utstyr: Sovepose, kniv, klede til å vera ute og inne, speidarskjorte, skjerf (Om du har).
Mat: Dette ordnar leiarane. Ta med litt godteri og brus om du vil. (Maks 0,5l brus)
Påmelding: Innan onsdag 01. des til Erik, tlf. 41529658.
Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (95522332)
Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Turen går i år til speidarhuset i Sæbøvik på Halsnøy. Der me var for to år sidan, for dei som hugsar det. Sidan me er såpass mange, har me delt turen slik at småspeidarane reiser frå fredag til laurdag, og dei store frå laurdag til sundag.