1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Tur til Oldereide, Bømlo

Sjølv om hausten er her for fullt, så gir me oss ikkje med speidarturane.

.

Småspeidar

For småspeidarane så vert det tur med overnatting i telt på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!). Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar, utforska naturen og dersom været vert godt nok, så er planen å bruka Finnåsvatnet til å padla litt i kano også.

Tid: Fredag 27. okt til laurdag 28. okt

Stad:Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. Nærare beskriving av plassen kjem på nett/Facebook når det nærmar seg, til info for dei som skal køyra/henta.

Frammøte: Fredag 27. okt ved speidarnaustet kl 16.30. Merk tida. Dreg litt tidleg, slik at det er lyst når me skal setja opp telt

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, laurdag kl 16. Tilbake på naustet kl16.30

Pris:Turen kostar 100,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal 8dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

 

​Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose no på hausten(komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

 

Mat:Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 24. okt.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

.

Stifinnar og vandrar

For speidarane så vert det tur med overnatting i telt på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!). Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar, utforska naturen og dersom været vert godt nok, så er planen å bruka Finnåsvatnet til å padla i kano også.

Tid: Fredag 27. okt til sundag 29. okt

Stad:Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. Nærare beskriving av plassen kjem på nett/Facebook når det nærmar seg, til info for dei som skal køyra/henta.

Frammøte: Fredag 27. okt ved speidarnaustet kl 16.30. Merk tida. Dreg litt tidleg, slik at det er lyst når me skal setja opp telt

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 14. Tilbake på naustet kl 14.30

Pris:Turen kostar 150,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal 8dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

 

​Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose no på hausten(komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

 

Mat:Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 24. okt.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332


Kommenter innlegget

Hausttur Småspeidarar, stifinnarar og vandrarar

Småspeidarar – Hausttur til Speidarhytta Sævabuo

Endeleg er hausten her og me startar opp att speidarsesongen.

For småspeidarane så vert det tur med overnatting til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet. Køyr forbi Lundarstølen og opp mot Heio, så står me langs vegen og tar i mot deg.

Tid: Laurdag 9. sept til sundag 10. sept på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Laurdag kl 15 på Sævarbu

Avslutning: Sævarbu kl 15 sundag

Pris: Denne turen vert gratis.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er VELDIG vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332, tysdag 5 sept. Meld også på evt.venn/venner som vil vera med.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

Stifinnar og vandrar – Hausttur med ein venn

Endeleg er hausten her og me startar opp att speidarsesongen.

I år ynskjer me å rekruttera fleire speidarar. Hovudsakleg kjem me til å fokusera på rekruttering av speidarar frå 6 og 7 klasse. For å visa kva me driv med ynskjer me at speidarane våre invitera med 1-2 venner som kanskje kan tenka seg å bli speidar.

På laurdag kan dei eksisterande speidarane våre som har lyst flytta opp i speidarhytta Sævarbu og vera saman med småspeidarane til sundag

Turen vert til Lundarstølen med overnatting i telt. 

Tid: Fredag 8. sept til laurdag 9. sept på Lundarstølen

Evt. Fredag til sundag for eksisterande medlemmar.

Stad: Lundarstøl, Stordfjellet

Frammøte: Fredag kl 17 på Lundarstølen.

Avslutning: Lundarstølen laurdag kl 13, eller på Sævarbu, sundag kl 15.

Pris: Her forsøker me å rekruttera nye, så turen vert gratis!

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, bestikk, fat, kopp, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Mat: Leiarane handlar inn, litt snop er lov å ta med

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332, tysdag 5 sept. Meld også på evt.venn/venner som vil vera med.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332


Kommenter innlegget

Oppstart

Håpar alle har hatt ein flott sommar☀️, og at dykk er klare for eit nytt speidarår med nye eventyr!

Me startar opp igjen Tysdag 22. aug nede på speidarnaustet, og me ønsker velkommen til nye og kjente fjes😁.

Vêret er litt vekslande for tida 🌧, så vær gjerne kledd for å være litt ute!

Og for dei som lurer på tidene:

• Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45

• Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30

• Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30


Kommenter innlegget

Avslutningsmøte og opptaking for alle

I år var me så heldige å få patrulje Vaskebjørn heilt til NM, men uheldigvis så krasjer den planlagte avsluttningsturen i kalenderen vår med NM arrangementet som skal finne sted i Levanger. Derfor, for å få alle speidarar og leiarar med på eit avslutningsarrangement, så det blir istadanfor eit avslutningsmøte for alle saman tysdag 6. juni!

Det skal bli kos, lek og grilling. Og me har nokre få speidarar som ennå ikkje er tatt opp, så dette skal me fikse. Så me inviterer derfor alle saman; speidarar store og små, roverar, leiarar og føresett til å bli med på det siste speidarmøtet før sommarferien!

NB: Speidarane som skal være med på kretsleir, har eit ‘speidarmøte’ med førebuing av leirutstyr tysdag 20. juni.

 

Stad:                         Speidarnaustet

 

Tid:                           Tysdag 6. juni kl 17.30-20.00

 

Utstyr:                      Klede til å være ute i, eigen drikke og grillmat, eit sitteunderlag kan være lurt, speidarar som har skjorte kan gjerne ha den på.

Pris:                          Gratis

 

Mat:                           Ta med eigen grillmat og drikke

 

Spørsmål:               Ta kontakt med Kristoffer Spissøy.


Kommenter innlegget

Småspeidar kretskonkurranse

 

No på søndag vert det kretskonkurranse for småspeidarane våre, og då vil me ha med flest mogleg! På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.

 

 

Tid:                           Sundag 23. april

Stad                          Lier i Sveio

Frammøte              På Lier kl 09.55. For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km

Avslutning              På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15:30.

Pris                           Gruppa dekker påmelding

Utstyr                       Niste for heile dagen, vannflaske, klede til og vera ute, støvlar/fjellsko, varmt/tørt skift i sekken i tilfelle regn. Eksta lubber, huve, vottar og kniv.

 

Det vert kiosk på område. Men det er ikkje mogleg å gå i kiosken under konkurranseaktivitetane.

 

Spørsmål Ta kontakt med Kristoffer S.


Kommenter innlegget

Speideraksjonen 2023

Me håpar alle har hatt ein flott påskeferie, og at dykk er klare til eit speidarmøte litt utenom det vanlege imorgon. Imorgon skal me i 1. Leirvik gjennomføre speidaraksjonen ved å gå rundt med bøsser. Då skal små og store speidarar ha speidarmøte samstundes til litt andre tider enn vanleg, og me avsluttar sjølvsagt med litt kos og noko godt med dei som deltek!

Så sei ifrå til føresatte, søsken, tantar, onklar, besteforeldre og naboar, me anbefaler å legge av nokre kontantar! Samle inn tomflasker til panting, sel noko du ikkje treng lenger, gjer litt ekstra husarbeid for slekta, alt hjelper!

Les gjerne meir om speidaraksjonen her: https://speiding.no/aksjon

Tid: Tysdag 11. April kl 17.15-20.00
Stad: Møt ved speidarnaustet

Utstyr Speidardrakt for dei som har (skjorte og sjal), og klede etter vêret då me skal være mykje ute.

Avmelding Gi gjerne ein lyd til Kristoffer om du veit at du ikkje kjem.

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Påskemøte – Minigolf

Tradisjonen tro så holder me eit påskemøte på minigolfbanen siste speidarmøtet før påskeferien🐣

Men i år så var minigolfbanen allereie reservert på tysdagen, og me tenkte at det kanskje blei litt seint å ha speidarmøte til kl 22.. Så då blir det påskemøte på onsdagen istadanfor.

Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.


Kommenter innlegget

Helgetur

Til helga så tenker me å ta oss ein flott tur opp på fjellene. Turen er for små og store laurdag til søndag, men stifinnarane og vandrarane kan få ta seg ein patruljetur fredag til laurdag før leiarane og småspeidarane kjem. Småspeidarane skal blant annet få arbeide med bålmerket sitt som dei har starta med tidlegare.

 

Tid:                           Laurdag 18. Mars – Søndag 19. Mars

 

Stad                          Sævarbu

 

Frammøte              Kraftstasjonen ved Lundarstølen laurdag kl 12.00

 

Avslutning             Kraftstasjonen, søndag kl 15.30

 

Pris                           150kr. Betal gjerne ved oppmøte, kontant/vipps.

 

Utstyr                       Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

 

Mat                           Leiarane ordnar med mat, men litt godt er lov.

 

Påmelding              Innan torsdag til Kristoffer Spissøy (95522332)

 

Spørsmål Ta kontakt med Kristoffer Spissøy på sms/tlf.


Kommenter innlegget

Open dag på speidahytta

Me ønsker speidarar, føresatte og søsken velkommen til ein tur innom Speidarhytta vår for å sjå korleis me har det. Det blir stelt istand med enkel mat.

Me blir ein del ute, så ha på deg gode uteklede. Speidarane er velkomne til å være igjen på hytta når foreldre og søsken går heim att.

 

 

Tid:                           Laur 28. – Søn 29. jan

Stad                          Speidarhytta på Sævarbu

Frammøte              Speidarhytta kl 13, tar ca 60 min å gå frå kraftstasjonen

Avslutning             Søndag kl 15, kraftstasjonen

Pris                           100kr for speidarane som blir til søndag

Utstyr                      For besøkende: Ha på gode klede til å være ute i.

For speidarar blir igjen til søndag: Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

Mat                           Leiarar ordnar med mat, litt knask er lov.

Påmelding              Innan torsdag til Kristoffer på SMS/TLF 95522332

Spørsmål                Til Kristoffer på SMS/TLF 95522332