Kretskonkurransen er i år på Lier i Sveio. Stifinnarane og vandrarane konkurrerer over to dagar, laurdag 9. april til sundag 10. Småspeidarkonkurransen er på sundagen.
Hugs påmelding til speidarmøtet neste veke.
Det vert hyttetur til Hiskjo (Bømlo) for småspeidarane og stifinnarane i 1. Leirvik, laurdag 19. – sundag 20. februar.
På sundagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på lunsj og opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Sjølv om ein ikkje kan vera med heile helga, håpar me at så mange som mogeleg kan vera med oss påSommarens storhending for stifinnarar og vandrarar er kretsleir på Voss 2.–9. juli.
Dette vert ei veke med teltliv og mange kjekke aktivitetar.
Les meir om leiren på www.kretsleir.no.
Me avsluttar året med juletur til Aker-hyttene på Føyno.
Oppmøte: Laurdag kl. 12:00 på rasteplassen på Digernes. Me går over brua, så kle godt på deg.
Henting: Sundag kl. 15:00 på Digernes.
Ta med: Sovepose, varme klede, lommelykt.
Pris: Turen kostar 100 kr.
Påmelding: Innan torsdag til Helga (99292101/53413179) eller Gaute (99629244).
Grautmøte i Parken (ved museet) 22. og 23. november
Møt til vanleg tid og kle deg for å vera ute.
Bakemøte på Naustet 29. og 30. november (merk tida!)
Ta med forkle, kjevle og peparkakeformer.
Kalendersal
Speidargruppa vår vil tena litt pengar ved å selja speidarforbundets kalender for 2011. Kvart medlem skal selja éin kalender. Kalenderen kostar 100 kroner.
Me avsluttar med juletur helga 4.–5. desember. Det kjem lappe om turen seinare.
Oppmøte: Vatnadalen, laurdag 23. oktober kl. 13.00. Det går an å køyra heilt inn til leirplassen, som ligg eit lite stykke innover skogsvegen. Me skal overnatta i telt.
Avslutning: Me sluttar av på same staden sundag kl. 14.00.
Ta med: Regnklede, varme klede, hue, skjerf, vottar, ekstra lubber, tørt og varmt skift, støvlar eller fjellsko, kopp, tallerk, bestikk, lommelykt, kniv, sovepose og liggeunderlag
Mat: Leiarane ordnar mat for heile helga. Ta med litt snop om du har lyst.
Pris: Turen kostar 100 kr.
Påmelding til Helga innan torsdag: 53 41 31 79 eller 992 92 101
1. Leirvik speidargruppe startar opp att etter ferien. Nye og gamle medlemmer velkomne!
Møtetider er:
Måndagar 19.00–20.30, 8.–10. klasse
Tysdagar 17.30–18.45, 3.–5. klasse
Tysdagar 18.45–20.00, 6.–7. klasse
Nye medlemmer er hjarteleg velkomne og kan møta opp ved Naustvågen Barnehage.
1. Leirvik speidargruppe er medlem av Norges Speiderforbund. Meir informasjon kan du finna på www.speiding.no.
Ta gjerne kontakt med Helga Kroka, tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101, eller Øystein Østensen tlf. 900 92 617 dersom du har spørsmål.
(Annonsetekst frå Sunnhordland 25. august 2010.)
Avslutningsturen vår i år gjekk til Lier på festivalleiren til Ryvarden første helga i juni. Denne gongen hadde festivalen vikingtema, og i opptoget på laurdagen vart 1. Leirvik kåra til beste vikinggruppe! Me fekk til og med premie — eit kjekt kokeapparat.
(Foto: Øystein og Anne Merete)