Her er lappen me delte ut på pakkemøtet i går:
Tag Archives: vandrar
Våt leir?
yr.no melder regn i langtidsvarselet for Voss. Pakk med gode regnklede. Hugs pakkemøte på Naustet tysdag kl. 18.00.
Pakkemøte med informasjon om leiren
Det vert pakkemøte på Naustet tysdag 28. juni kl. 18.00 for dei vandrarane og stifinnarane som skal på kretsleir i sommar. Foreldra er velkomne for informasjon om leiren.
Les meir om leiren på kretsleir.no.
Avslutningstur sommaren 2011
Det vert avslutningstur for alle i 1. Leirvik speidargruppe helga 10. – 12. juni. Då dreg me til Narravikjo, like ved Notlandsvågen på Moster. Dette er eit av dei mange friluftsområda som er på Bømlo.
Dette er ein telttur der me skal kosa oss og læra om leirliv. På sundagen tar me opp nye speidarar som ikkje er tatt opp tilegare. Dette er ei litt høgtideleg markering der dei avlegg speidarløftet og mottar speidarsjal og knute. Håpar foreldra til dei som skal tas opp, er med oss på denne markeringa. De er velkomne sundag kl 14. Tid:- Fredag 10. til sundag 12. juni.
Stad:
- Narravikjo, Bømlo. Køyr mot Moster, ta andre avkøyring mot Notlandsvågen (tar du første er det vanskeleg å finna fram), fortsett ca 1 km til du får eit buss-skur på høgre hand. Ta første veg til venstre.
Frammøte:
- På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl 18.00
Avslutning:
- Henting på Narravikjo 15.00. Tilbake ved Naustet ca 15.30.
Pris:
- 150 kroner. Dette dekkar all mat og aktivitetar på turen.
Utstyr:
- Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker.
Mat:
- Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding:
- Denne gangen er det kort frist. Må ha tilbakemelding til Helga (99292101) innan onsdag 8. juni. Fint om du gir beskjed om du kan / ikkje kan.
- Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Narravikjo. Gi melding om du kan køyra ved påmelding.
Spørsmål:
- Ring Helga.
Morgontog 17. mai
1. Leirvik deltek også i år i morgontoget 17. mai. Me skal vera
oppstilt i flaggborga klokka 07.00. Deretter er det sang og musikk ved
Leirvik mannskor og Stord musikklag samt apell for dagen. Deretter går
toget til Osen, opp Borggata, forbi kyrkja, opp Døso og vidare til
sjukehuset. Avslutning ved sjukehuset etter at mannskoret og
musikklaget har spela nokre nummer (bak sjukehuset).
byta på å bera flagga. Alle stiller med skjerf. Dei som har skjorte, stiller med skjerf og skjorte. Me reknar med å avslutta ved sjukehuset ca 08.30, så alle må hentast der.
Endeleg påmelding kretsleir 2011 Bømoen, Voss
Send melding/SMS til Helga på 99292101 innan laurdag 14. mai. Endeleg
påmelding er 15. mai.
heile beløpet, kr. 1250,- innan 20. mai til konto 3520.50.45722 (1.
Leirvik speidargruppe). Speidarhelsing Helga
Speidaraksjonen 2011
Gløym ikkje at på speidarmøtet denne veka skal me samla inn pengar til Speidaraksjonen 2011. Alle møter på Leirvik skule tysdag 3. mai kl 17.00. Me held på til 20.00.
Pengane går til Flyktninghjelpens arbeid med utdanning for barn og unge i Liberia.
Kretskonkurransen 2011
Kretskonkurransen er i år på Lier i Sveio. Stifinnarane og vandrarane konkurrerer over to dagar, laurdag 9. april til sundag 10. Småspeidarkonkurransen er på sundagen.
Hugs påmelding til speidarmøtet neste veke.
Førehandspåmelding til kretsleir 2011
Sommarens storhending for stifinnarar og vandrarar er kretsleir på Voss 2.–9. juli.
Dette vert ei veke med teltliv og mange kjekke aktivitetar.
Les meir om leiren på www.kretsleir.no.
Juletur til Føyno 4.–5. desember 2010
Me avsluttar året med juletur til Aker-hyttene på Føyno.
Oppmøte: Laurdag kl. 12:00 på rasteplassen på Digernes. Me går over brua, så kle godt på deg.
Henting: Sundag kl. 15:00 på Digernes.
Ta med: Sovepose, varme klede, lommelykt.
Pris: Turen kostar 100 kr.
Påmelding: Innan torsdag til Helga (99292101/53413179) eller Gaute (99629244).



