Vandrarane blei sende på blåtur i helga. Først på sykkel, men det var berre lureri. Deretter i båt, men det var berre til forvirring, det òg. Så møtte Gaute, Hogne og Vebjørn vandrarane med bil og køyrde til Bergen. Der var det klart for ei lita byvandring på eiga hand. Første posten var den blå steinen, der oppgåva var å ta bilete av patruljen med mobilen og senda tilbake for å få neste post. Les meir
Author Archives: Gaute Hvoslef Kvalnes
Blåtur
Er du klar for årets kulaste tur? Då er det berre til å melda seg på blåtur! Kor turen går og kva programet består av, er det berre nokre få utvalde som veit. Me reiser plasser der me ikkje har vært før og programet vert spesielt. Noko som er heilt sikkert, er at denne turen må du ikkje gå glipp av.
Denne turen er for vandrarane i 1. Leirvik
Tid: Fredag 18. oktober til sundag 20. oktober.
Stad: Ja, det er det ikkje mange som veit!
Frammøte: Ved speidarnaustet, fredag kl 16.30. Møt med sykkel.
Avslutning: Eldøyane sjøsportsenter (båthavna) sundag kl 14.00
Transport: Det ordnare seg….
Pris: 150 kroner. Dette dekkar mat og alt opplegg som skjer i løpet av helga.
Utstyr: Det er viktig at du har med alt på lista
Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, støvlar, pass, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, 2 vedkubber, tom hermetikkboks (fiskebollestørrelse) hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk.
Mat: Dette ordnar leiarane med. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 16. oktober. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein
Tur til Åreiddalen
Til helga vert det tur til Åreiddalen på Bømlo. Her vert det ei overnatting i lavvo, kanopadling og ellers eit variert program.
- Småspeidarane skal på tur laurdag til sundag.
- Stifinnarane skal på tur fredag til sundag.
- Vandrarane går fredag på haik over Siggjo, overnattar der, og er med oss andre i Åreiddalen laurdag til sundag.
Hugs påmelding til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 18. september. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Sjå vedlagde lappar for småspeidar, stifinnar og vandrar:
Kalender for hausten 2013
Planleggingsmøte / kosetur for roverar / leiarar
Så er det nok ein gang oppstart for ny speidarsesong. Heldigvis møter dei gamle fram samstundes som det strøymer på med nye. I dag var det 17 småspeidarar og 21 stifinnarar/vandrarar som møtte. Då var det i alle fall 3 stifinnarar som var på leirskule.
For å få dette til å gå saman treng me ein god plan.
For å gjera noko kjekt saman tar me planleggingsmøtet på Spyssøy denne gangen. Me samlast ved Naustet førstkomande fredag (06.09.13) kl 18.00 og køyrer felles utover.
Fredag kveld planlegg me hausten og fordeler oppgåver mellom oss, samstundes som me lagar eit godt måltid mat og kosar oss.
Laurdag satsar me på å «herja» litt på sjøen. Eg tar med båten, tuben og nokre våtdraktar. Dersom nokon har eigne våtdraktar, vannski / wakeboard e.l. er det berre å ta det med seg. Dersom nokon har lyst til å fiska, så fiksar me det også.
Avslutning på laurdag rundt kl 13. Dette vert justert etter vær og ynskjer på laurdag.
Ta med deg utstyr for overnatting inne og klær til å vera litt ute. Mat kjøper me inn felles.
Håpar det er mange som kan møta. Håpar spesielt at dei som bur vekke, som me ser skjeldan har lyst til å vera med også. Dersom du ikkje kan delta heile tida, er det allikevel fint om du har tid til å stikka innom ei stund, så me kan treffast.
Ynskjer tilbakemelding om kven som vert med / ikkje vert med innan torsdag, slik at me veit kva me skal handla.
Midlar til denne turen får me frå Frifond, så turen vert gratis.
Speidarhelsing
Øystein
Oppstart hausten 2013
Speidaren startar opp att tysdag 27. august til vanleg tid på Naustet:
Småspeidarar 17.30 – 18.45
Stifinnarar og vandrarar 19.00 – 20.30
Me kjem tilbake med kalender for hausten så snart me har fått tenkt oss om.
Speidarhelsing,
Leiarane
Preikestolen
Eit par år etter at roverane og leiarane var på Folgefonna i tjukk skodde, var det i dag klart for ei ny, stor naturoppleving i same tradisjonen: Preikestolen i skodde. Like greitt for dei av oss med større og mindre snev av høgdeskrekk.
Alle små og store var med. Fin tur!
Haik
Speidarane har gått ut på haik i dag. Oter i Hommersåk-området, og Lama har ei haikerute langs Jærstrendene. Det blir sikkert flott! Overnatting i gapahuk, og tilbake til leiren i morgon.
Haugesunds avis var forresten innom og prata med nokre av gutane i Lama.
Aktiv dag
I dag kom det journalist frå Sunnhordland på besøk. Følg med i lokalavisa!
Rogalands avis har oppslag med bilete og intervju.
Dagens aktivitetar er ute hos andre grupper. Lama har vore hos Kvæfjord og spikka seg smøreknivar. Oter spelte volleyball hos Vågsbygd FSK. Etter lunsj skal dei ut att til nokre andre grupper igjen.
Veret er ganske fint, men nordavinden er kald.










