1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Hike våren 2013

haik
I fjor tok me oppatt ein gamal tradisjon i 1. Leirvik, med hike til fjells om våren. Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.

I år er det nyleg komt nysnø i fjellet. For å unngå den, skal me ikkje opp i høgda og overnatta. Men på tur skal me uansett. Overnatting vert det i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen er slutt. Litt etter vær og vind endrar planen seg undervegs. Utgangspunktet er at me startar på Litlabø og endar opp på kraftstasjonen på Lundarstølen.

Dette er ein tur for speidarane (stifinnar og vandrar) våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå speidarane.

Tid:     Fredag 3. mai til sundag 5. mai.

Stad: Stordskogane

Frammøte: På Litlabø v/heishuset, fredag 3. mai kl 18.00

Avslutning: Kl 15.00 sundag. Gir nærmare beskjed om stad, sundag formiddag. Alt etter korleis turen går.

Pris: 100 kroner.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar/gode fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hansker, kniv, lommelykt, kniv/gaffel/skei, kopp og tallerk.


leir

 

Mat: Ta med niste til heile laurdag. Leiarane ordnar varmt måltid fredag kveld + laurdag kveld og heile sundag.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein 90092617 i løpet av onsdag 1. mai

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein.


Kommenter innlegget

Ny kretskonkurransetriumf

Lynulvane og Lama jublar for sigeren.

Lynulvane tok heim ulven i år igjen som vinnarar av småspeidarkonkurransen.

Lama vann stifinnarkonkurransen. Dessutan klarte dei fjerdeplass totalt, og er dermed kvalifiserte for NM i speiding! Det er imponerande, det, i konkurranse med dei eldre vandrarane. NM i speiding er i år 7.–9. juni i Røyken i Buskerud.


Kommenter innlegget

St. Georgsdag 23. april

Speidarane markerer St. Georgsdagen 23. april. På denne dagen fornyar me speidarløftet. Dagen blir feira til minne om helgenriddaren St. Georg, skytshelgen for speidarane.

Me inviterer til markering i lag med foreldre på Lundarstøl.

Denne dagen vil me dessutan ta opp nokre av dei nye speidarane som ikkje er tekne opp før.

Tid: Tysdag 23. april 17.30 – 20.00.

Stad: Lundarstøl.

Mat: Ta med kaffi, drikke til ungane og pølser til grilling.


Kommenter innlegget

Prolog til hundreårsfesten

  • 100 år til fots, på ski
  • 100 år på sykkel
  • 100 år i kano, seglbåt og presenningsbåt
  • 100 år til Lundarstølen, Tveitavatnet, Saneset, Landåsen, Stovegolvet, Huglo, Spissøy, Hiskjo, Sandvik, Flakkavåg, Lier, Valen, Uskedalen, Karmøy, Voss, Sauda, Trondheim, Bodø, Fredrikstad, Åndalsnes, England, Skottland, Danmark, Sverige og Korea
  • 100 år med sekk på ryggen
  • 100 år med gnagsår
  • 100 år med fyr på primusen
  • 100 år med trefot over bålet
  • 100 år med røyk i augene – no må nokon snart finna opp røykvendaren, me er trass alt i 2013 – dette er flaut!
  • 100 år i fjellet, på stranda, i skogen
  • 100 år i tretoppane
  • 100 år over myr og bekk
  • 100 år på sjøen
  • 100 år med øks og sag
  • 100 år med speidarkniv
  • 100 år med pyrisept og plaster
  • 100 år i spjelk og fatle
  • 100 år i gapahuk, i lavvo, i kvite spisstelt, i gule hustelt, med vindauge og gardiner
  • 100 års erfaring: Me vil helst ha telta utan botn, då slepp me vatn som renn inn og ikkje ut att. Sniglar i soveposen får me leva med.
  • 100 år med surringar i vinkel, kryss og åttetal
  • 100 år med knop og stikk – båtmannsknop, fiskarknop, flaggstikk, pålestikk, toppstikk, halvstikk, trompetstikk, slippestikk, selestikk, tømmerstikk
  • 100 år med myggstikk
  • 100 år med forelska blikk
  • 100 år med solbrend hud
  • 100 år med regn i håret
  • 100 år i støvlar og fjellsko
  • 100 år i speidarskjorte
  • 100 år med stramme barduner
  • 100 år på rett kompasskurs
  • 100 år heilt på sjølvstyr
  • Takk for 100 fine år. No tar me 100 år til!
Skriven av Gaute Hvoslef Kvalnes til hundreårsfesten 15. februar 2013.


Kommenter innlegget

Referat over fireaarsfesten

Med hundreårsfesten unnagjort kan me kosa oss med denne godbiten frå arkivet:

Vi stillet op ved Dahl kl. 6 og under hurrarop og mundspillmusik marsjerte vi til Ungdomssalen hvor vi stillet os i hesteskoform rundt ovnen. Tropsføreren holdt en kort velkomsttale hvori han opfordret guttene at være rolige under spisningen og opføre sig ordentlig.

En gutt spillet mundspil mens vi gik march og lekte nogen leger. Nogen av guttene var i færd med at dekke bordet, og da alt var i orden satte vi os pent til bords.

“Gamlekarane” de som hadde været med og stiftet tropen for 4 aar siden var inbudt og glædet sig over at faa være med og feire 4 aarsmindet.

Paul Bacher holdt en kort tale i anledning dagen. Han takket “Gamlekarane” fordi at de gjorde os den ære at komme paa festen. Derefter ropte vi hurra for de tropsførere, den tidligere Rieber-Mohn og den nuværende Ole Olsen. Nu fortaltes der skrøner, føreren for tigerpatruljen læste op sin avis og tropsføreren fikk overgitt en liten gave fra os Speidergutter, som bestod av seks gafler.

Songkvarteten “Haas i hals” sang litt for os.

Foreldrene til et par av guttene var tilstede og syntes at festen var godt arrangert. Vi sluttet med “parade for flagget” hvorefter alle gik til sit hjem glade for at ha hat det saa morsomt.

Speidergutten Nr. 4
Organ for 1ste Lervik trop.
Utkommer paa tropsmøte 4de Mars 1917.
4de aargang.
Gjengitt i Naust-nytt nr. 4 1968.


Kommenter innlegget

Jubileumsskriftet

1. Leirvik 100 år.

Framsida.

Jubileumsboka er til sals for kr 100,-. (Dei som er medlemmer i dag får eitt eksemplar.) Det er eit flott skrift på 88 sider.

Innhald

  • Føreord
  • Helsingar på 100-årsdagen
  • Starten på det heile
  • Troppens fyrste år
  • 1925–1941: Den nye tida
  • Etterkrigstida 1945–1960: Ny start. Glanstid.
  • Nye tak i 1962 – «Troppen aldri dør»
  • 1. Leirvik som sjøspeidarar 1968–82
  • 1983–1990: Sjøspeidarane går i land
  • Dei siste tiåra fram til 2013
  • Speidarhyttene til troppen i dei 100 år
  • Speidarminne Les meir


Kommenter innlegget

Landsleir 2013

Stavanger 2013

Norges speidarforbund arrangerer landsleir sommaren 2013. Leiren er for stifinnarar og vandrarar.

Landsleir vert arrangert kvart 4. år, så dette er noko dei fleste berre får med seg ein gong som speidar. Det deltek sjølvsagt speidarar frå heile landet. I tillegg kjem det deltakarar frå mange andre land.

No er det tid for påmelding, som vert skriftleg innan 15. april. Hugs å levera lappen.

Kontingent/pris er 2750,- pr. speidar. Husstandar med tre eller fleire deltakarar får rabatt.

Reise til og frå leiren vert sponsa av 1. Leirvik.

Les meir på nettsidene til leiren.

Lapp: Landsleir 2013