1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Hausttur i Landåsen

Det vert dagstur for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 1. november.

Turen vert i Landåsen. Her vert det diverse aktivitetar og litt matlaging. Ta med grillmat. Ta gjerne med noko til varm drikka (rett i koppen / te / toddy el). Varmt vatn fiksar me i skogen. Me vert ute heile tida. Ha på deg klær som passar til været! Ta gjerne med litt ekstra klær i sekken, dersom det vert kaldt.

Tid: Laurdag 1. november kl 11 – kl 15.

Stad: Landåsen

Frammøte: Inngangen til Landåsen, Vabakkjen kl 11

Avslutning: Inngangen til Landåsen, Vabakkjen kl 15

Pris: Gratis

Utstyr: Grillmat, drikka, og litt ekstra klær. Dei som har, kan ta med kompass og kniv.

Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Ingen, møt opp.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01, eller Øystein 90 09 26 17


Kommenter innlegget

Vandrartur

Det vert tur for vandrarane 19.–21. september.

Frå fredag til laurdag er vandrane på tur aleine. Dei planlegg sjølv overnattingsplass og korleis dei kjem seg dit. På laurdag samlast dei saman med resten av speidargruppa på Spissøy, Bømlo.

Patruljane Lama og Oter har planlagt kvar sin tur og fyller sjølv inn sine opplysningar i dei blanke felta nedanfor.

Tid: Fredag 19. – sundag 21. september.

Stad: _________________________/ Spissøy på Bømlo (nesten gjennom Trekantsambandet)

Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl _______

Avslutning: På speidarnaustet, sundag kl 16.00. Dei som skal køyra må henta oss på Spissøy kl 15.30.

Pris: 150 kroner. Dette dekkar ein del mat og andre utgifter me har med turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker, shorts, handle. Badeklær og fiskeutstyr, for dei som ynskjer det. REDNINGSVEST.

Mat: Fredag til laurdag:____________________________________________

Laurdag til sundag: Leiarane tar med mat.

Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan torsdag 18. september.

Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Spissøy. Det er berre ca 15 min å køyra, så me avtalar på laurdag kven som køyrer til/frå.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein


Éin kommentar

Hausttur

Det vert telttur til Spissøy (Bømlo) for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 20. – sundag 21. september.

Me skal overnatta heilt i sørenden av Spissøy. Me vil ha fiske, båt og sjø som eit tema på turen. Dei som vil kan ta med fiskestang. Sidan me skal vera i båt må alle ha med redningsvest.

Vandrarane planlegg sjølv tur på eigahand (uten leiarar) frå fredag til laurdag. I løpet av laurdagen slår dei seg saman med oss andre på Spissøy.

Tid: Laurdag 20. – sundag 21. september.

Stad: Spissøy på Bømlo (nesten gjennom Trekantsambandet)

Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, laurdag kl 11.00

Avslutning: På speidarnaustet, sundag kl 16.00. Dei som skal køyra må henta oss på Spissøy kl 15.30

Pris: 100 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker, shorts, handle. Badeklær og fiskeutstyr, for dei som ynskjer det. REDNINGSVEST.

Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan torsdag 18. september.

Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Spissøy. Det er berre ca 15 min å køyra, så me avtalar på laurdag kven som køyrer til/frå.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein


Kommenter innlegget

Eldøyane 9. september 2014

Neste tysdag (9. september) vert småspeidar- og speidarmøte flytta til Eldøyane.

Vanlege møtetider.

Møt ved raud naustrekkja i Eldøy sjøsportsenter. Køyr forbi Kværners hovedvakt på Eldøyane, fortsett utover og ta første veg til høgre.

Dei som vil kan ta med fiskeutstyr for fiske frå kaien.

NB: Alle må ta med redningsvest


Kommenter innlegget

NM i Malvik

Oter greidde ein imponerande 25. plass i årets NM i speiding. Lama hamna på 110. plass. Som stifinnarar er det ein prestasjon berre å koma til NM, så alle er kjempenøgde med innsatsen i helga.

Leirområdet låg på flotte sletter ned mot Trondheimsfjorden.

Leirområdet låg på flotte sletter ned mot Trondheimsfjorden.


Kommenter innlegget

Speidarfestival

Festivalleir-2014_span6-xDette vert årets avslutningstur før sommarferien! Ikkje møte 10. juni som vist i kalender. Berre møte for NM deltakarar den 10. juni!

Så er det tid for speidarfestival att. Dette er etter kvart blitt ein tradisjon i Ryvarden krets og vert arrangert annakvart år. Den er for alle små og store speidarar i kretsen. Forrige gang var me rundt eit par hundre deltakarar.

Litt info om leiren frå arrangørkomiteen:

Årets tema er «Bursdagsselskap»! Det er 200 år siden Norge fikk sin egen grunnlov og det må vi feire. Vi oppfordrer derfor alle deltagere til å lete innerst og nederst i skap og skuffer etter gamle finklær som ikke brukes lenger og som kan være med på speiderleir. Om klærne ser gammeldags ut gjør ingenting, så let gjerne hos foreldre og besteforeldre også. Om ikke bursdagsfeiringen slår oss helt ut, skal vi ut å padle kano også. Alle må derfor ha med seg redningsvest.

 

Tid: Fredag 06. juni til sundag 08. juni (merk: helga er flytta i høve til kalenderen vår).

Stad: Kretsens leirplass på Lier, Førde i Sveio

Frammøte: Ved Naustet fredag 06. juni klokka 17.00

Retur: Attende ved Naustet sundag 08. juni klokka 17.00 Dei som skal henta oss, må vera på Lier ca klokka 16.15

Pris: Sidan Kretsen skal ha ein del i deltakaravgift (300,-), vil denne turen bli noko dyrare enn vanleg. Pris 350 kr. Dette dekkar all mat og aktivitetar for turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker, shorts/badeklær?og festkostyme.

Køyring: Me treng foreldre til å køyra til og frå Lier. Gi beskjed om kva veg du kan køyra, evnt ikkje kan køyra, samt antall passasjerar ved påmelding.

Påmelding: Sidan det er bindande påmelding til kretsen, ynskjer me skriftleg påmelding innan 27. mai. NB: Hugs påmelding

Spørsmål: Ring Helga 99292101 eller Gaute 99629244.