Hugs at speidarmøtet på tysdag skal vera i Landåsen. Me møter på Vabakkjen, til vanleg tid.
Familiedag / dagstur til Sævarbu
Me invitera alle speidarar med familie på speidartur til Sævarbu. Denne laurdagen håpar me mange vil vera med oss og sjå litt av det me driv med. Det vert aktivitetar for store og små rundt hytta vår på Stordafjellet. Etter vel utført økt vert det bålkos med mat, kaffi og saft før me går heimatt.
Tid:
Laurdag 15. mars kl 12-16
Frammøte:
Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 12.00
Me går i samla flokk frå kraftstasjonen til Sævarbu. Turen er ca 1,6 km, så det går greitt å gå, sjølv for små søsken og spreke besteforeldre!
Avslutning:
Ved kraftstasjonen ca kl 16.
Pris:
Denne turen kostar ikkje noko. Gruppa dekkar mat og drikka.
Utstyr:
Gode turklær som høver til været, slik at du kan vera ute nokre timar.
Påmelding:
Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17, innan torsdag 13.mars. Me treng tilbakemelding om kven som skal vera med, slik at me kan kjøpa inn mat og drikka til alle. Gi melding om antall barn / vaksne.
Håpar det er mange som vil vera med oss denne laurdagen.
Helsing leiarane
Sageneset tysdag 17. februar
Hugs at møtet på tysdag er på Sageneset (ved Ådlandsvatnet). Der vil me markera Tenkedagen (som eigentleg er 22. februar).
Merk tida: Alle møter kl. 17.30–19.30.
Møte på brannstasjonen
Tysdag 4. februar skal speidarmøtet vera på brannstasjonen.
Merk tida:
- Småspeidarar 17.00–18.20.
- Stifinnarar og vandrarar 18.30–20.30.
Tur for stifinnarar og vandrarar
Då er det nok ein gang klart for tur til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.
Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.
Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen, til der me skal overnatta (Ca 2 km). Pakk i ryggsekk, slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Med det skiftande været som er for tida, er det ikkje godt å seie om me skal gå til fots eller på ski. Forbered deg etter været!
MERK: Speidarane reiser puljevis. Nokon frå fredag til laurdag og nokon frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå fredag til laurdag.
Tid: Fredag 7. februar til laurdag 8. februar.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio)
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, fredag, kl 18.00
Avslutning: Samme stad som frammøte, laurdag kl 15.00.
Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, ski (dersom skiføre).
Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til frukost og lunsj laurdag (alle må bidra og bære litt). Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17, innan tysdag 4. februar. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga.
Tur for småspeidarane
Då er det nok ein gang klart for tur til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.
Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.
Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen, til der me skal overnatta (Ca 2 km). Pakk i ryggsekk, slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Med det skiftande været som er for tida, er det ikkje godt å seie om me skal gå til fots eller på ski. Forbered deg etter været!
MERK: Speidarane reiser puljevis. Nokon frå fredag til laurdag og nokon frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå laurdag til sundag.
Tid: Laurdag 8. februar til sundag 9. februar.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio)
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 15.00
Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag kl 15.00.
Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, ski (dersom skiføre).
Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til frukost og lunsj laurdag (alle må bidra og bære litt). Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17, innan tysdag 4. februar. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga.
Planleggingstur til Sævarbu
Hei og vel overstått julefeiring.
Snart er det tid for å starte eit nytt speidarhalvår. For å laga ein god plan, samt få litt tid til å vera sosiale tar leiarar og roverar ei overnatting på Sævarbu.
Håpar fredag 3. – laurdag 4. januar passar for mange. Håpar at mange av dei som er vekke store delar av året også kan vera med oss.
For å få oversikt over kva me treng av mat, må eg ha tilbakemelding om kven som kan / ikkje kan vera med, innan torsdag 2. januar.
Send ein mail eller ei melding på telefon til Øystein.
Julatur
Det vert hyttetur til speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy, for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 7. – sundag 8. desember.
Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Sidan me er blitt så mange, er me ”vokst” utav den tradisjonelle plassen på Føyno. I år går derfor julaturen for første gang til speidarhuset i Sæbøvik.
Her vert det sosiale aktivitetar, dagsturar og juleverkstad.
Tid: Laurdag 7. des til sundag 8. des.
Stad: Speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy
Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 12.15 (ferja går kl 12.30)
Avslutning: Retur til Skjersholmane, sundag kl 16.10. Alle må hentast her.
Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (usikkert kor mange madrasser det er på huset), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, toalettsaker
Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 4. desember.
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein
Bakemøte
Det nærmar seg bakemøte. Ta med forkle, kjevle og pepperkakeformer, så møtest me på Naustet. Merk tida! Me deler oss på to dagar for å få plass til alle.
- Småspeidarar: måndag 2. desember 17.30–19.30
- Stifinnarar: tysdag 3. desember 17.30–19.00
- Vandrarar: tysdag 3. desember 19.00–20.30
