1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Preikestolen

Eit par år etter at roverane og leiarane var på Folgefonna i tjukk skodde, var det i dag klart for ei ny, stor naturoppleving i same tradisjonen: Preikestolen i skodde. Like greitt for dei av oss med større og mindre snev av høgdeskrekk.

image

image

Så nær kanten. Godt me ikkje ser kor høgt det eigentleg er ned.

Alle små og store var med. Fin tur!

image

På veg opp.


Kommenter innlegget

Haik

Speidarane har gått ut på haik i dag. Oter i Hommersåk-området, og Lama har ei haikerute langs Jærstrendene. Det blir sikkert flott! Overnatting i gapahuk, og tilbake til leiren i morgon.

image

Oter klare til avmarsj.

image

Lama ved godt mot.

Haugesunds avis var forresten innom og prata med nokre av gutane i Lama.


Kommenter innlegget

Aktiv dag

I dag kom det journalist frå Sunnhordland på besøk. Følg med i lokalavisa!

image

Magnhild frå Sunnhordland intervjuar.

Rogalands avis har oppslag med bilete og intervju.

Dagens aktivitetar er ute hos andre grupper. Lama har vore hos Kvæfjord og spikka seg smøreknivar. Oter spelte volleyball hos Vågsbygd FSK. Etter lunsj skal dei ut att til nokre andre grupper igjen.

image

Veret er ganske fint, men nordavinden er kald.

image


Kommenter innlegget

Informasjon om landsleir

Tårnet Stavanger 2013

Så er det endeleg klart for sommarens store hending, landsleir i Stavanger. Dette har me gledd oss til lenge og endeleg er den her. Dette er siste praktiske info for deltakarane.

Landsleiren er i tidsrommet laurdag 6. – laurdag 13. juli. Opning er laurdag kveld og dei fleste grupper kjem laurdag formiddag. Leiren opnar for innrykk midt på dagen, fredag. For å få ein god start, ynskjer me å reisa ned fredag ettermiddag / kveld og setja opp telt. Så er me klare til lå byggja resten av leiren laurdag morgon.

Me håpar at det er ein del som ynskjer å besøkja oss i løpet av leiren. Den ligg rett ved Madlaleiren i Stavanger. Kom innom, så set me over kaffikjelen. For info, så er speidarane ute på hike, frå tysdag til onsdag formiddag. Torsdag er det tur til Preikestolen på dagen, men me er nok tilbake i kveldinga.

Det er kiosk, kafe og utsalg for speidarsport, så ta med lommepengar. Det vert seld ein del merker og souvenirar på leiren.

 

Avreise: Me møter ved Naustet, fredag 5. juli kl 18. Satsar på å få plass til dei fleste i bilar til leiarar og roverar. Det kan vera at nokre foreldre må hjelpa med køyring. Gi melding om du kan.

Heimreise: Satsar på å ha alt pakka og klart til å forlata leiren, laurdag 13. juli omkring kl 14.00. Kanskje treng me nokre foreldre til å henta oss. Gi melding om du kan.

Utstyr: Vanleg turutstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varme tørre skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv, gaffel, skei), tallerk, kopp, toalettsaker, solkrem, shorts.

Det er viktig at ALLE har med seg / pakkar i ein sekk dei kan bære på hike. Hiken er ca 10 km, og speidarane må bære med seg all bagasje dei treng for eit døgn.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17. Disse nummer kan også nyttast under leiren, dersom de treng å komma i kontakt med speidarane.

Meir info: Du finn meir informasjon om leiren på nettsida: www.stavanger2013.no

 

Helsekort: Det er viktig at alle fyller ut helsekort og tar det med i ein konvolutt med namn på. Helsekortet finn du her: http://www.stavanger2013.no/articles/view/id/helsekort


Kommenter innlegget

Avslutningstur til Litlabø

Det vert avslutningstur til Litlabø for små og store speidarar, helga 14.-16. juni. Denne gangen går turen til Rødkleivbanen på Litlabø.

Heile helga skal me liggja i telt og kosa oss. Nokre aktivitetar vert det undervegs, så ta med redningsvest/seilarvest, meir vil me ikkje røpa enda.

 

Tid: Fredag 14. juni til sundag 16. juni.

Stad: Rødkleivbanen, Litlabø

Frammøte: Me møter ved Naustet fredag kl 18.00 (for å samla utstyret me treng, køyrer felles derifrå til Litlabø).

Avslutning: På Rødkleiv, sundag 16. juni kl 15.00

Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og utstyr som trengs for turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv, gaffel, skei), tallerk, kopp, solkrem, shorts.

NB: TA MED REDNINGSVEST / SEILERVEST.

Mat: Dette kjøper leiarane inn på felles

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 12. juni. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet

Det vert dugnad for å skifta bordkledning på Speidarnaustet, laurdag 25. mai og 01. juni kl 10.00, til ca kl 15.00

Her treng me nokre velvillige foreldre, samt roverar og leiarar for å hjelpa til.

Ta med hammar, kubein og elektrisk stikksag om du har.

Kaffi og drikka ordnar me!

Me treng også litt meir stillas (type byggstillas) for å rekka heilt til topps på veggen. Har du tilgang på dette? Gi beskjed.

Gi tilbakemelding om du kan vera med å hjelpa til, så me får ei oversikt over kven som kjem. Fint om du gir tilbakemelding innan torsdag 23. mai. til Øystein tlf 90092617.

Naustet under oppussing desember 2012.

Naustet under oppussing desember 2012.