1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Jubileumsskriftet

1. Leirvik 100 år.

Framsida.

Jubileumsboka er til sals for kr 100,-. (Dei som er medlemmer i dag får eitt eksemplar.) Det er eit flott skrift på 88 sider.

Innhald

  • Føreord
  • Helsingar på 100-årsdagen
  • Starten på det heile
  • Troppens fyrste år
  • 1925–1941: Den nye tida
  • Etterkrigstida 1945–1960: Ny start. Glanstid.
  • Nye tak i 1962 – «Troppen aldri dør»
  • 1. Leirvik som sjøspeidarar 1968–82
  • 1983–1990: Sjøspeidarane går i land
  • Dei siste tiåra fram til 2013
  • Speidarhyttene til troppen i dei 100 år
  • Speidarminne Les meir


Kommenter innlegget

Landsleir 2013

Stavanger 2013

Norges speidarforbund arrangerer landsleir sommaren 2013. Leiren er for stifinnarar og vandrarar.

Landsleir vert arrangert kvart 4. år, så dette er noko dei fleste berre får med seg ein gong som speidar. Det deltek sjølvsagt speidarar frå heile landet. I tillegg kjem det deltakarar frå mange andre land.

No er det tid for påmelding, som vert skriftleg innan 15. april. Hugs å levera lappen.

Kontingent/pris er 2750,- pr. speidar. Husstandar med tre eller fleire deltakarar får rabatt.

Reise til og frå leiren vert sponsa av 1. Leirvik.

Les meir på nettsidene til leiren.

Lapp: Landsleir 2013


Kommenter innlegget

Speidarskjorta

Mange har fått ny speidarskjorte og lurar på kvar merka skal syast på. Her er ein fin illustrasjon frå Speiderbasen.

Speiderskjorte_tegning_-_alle_merker

Dei merka me brukar til vanleg er kretsmerke og gruppeband, verdsmerke og forbundsmerke. I tillegg har me gruppemerket til 1. Leirvik over venstre brystlomma. No i jubileumsåret syr me på jubileumsmerket i staden for gruppemerket.

Helga har merke til dei som treng.

Les meir på Speiderbasen.


Kommenter innlegget

Jubileumsfeiring

Merke_1leirvik100

15. februar i år er 1. Leirvik speidargruppe 100 år. Dette skal me feira på dagen, med stor offisiell fest i Turnhallen, for aktive og gamle medlemmar.

 

Håpar at alle noverande medlemmer kjem på denne festen. Me manglar framleis nokre påmeldingar. Meld deg på snarast. Sjå tidlegare lapp eller info på nett. Festen vert med mat, kaker og brus og er gratis for alle medlemmer. Påmelding til Helga, 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17 snarast!

 

——————————

 

Dagen etter, laurdag 16. februar lagar me til fest for speidarar, roverar og leiarar med familie (i vid forstand, jo fleire jo betre). Me byrjar kl 14 og satsar på å avslutta før kl 18.

 

Til denne feiringa har me vært så heldig å få låna Fronta gruppens uteområde i Grimsåsen (forbi Ådlandsvatnet, mot Fjellgardane. Ta av til høgre, på skogsveg, midt i første bratte oppoverbakke) Her er det laga til eit flott uteområde med ein svær Lavvo.

 

Me tenner bål, kokar suppa felles (alle må hjelpa til, ta med kniv) og kosar oss. Ta med litt kaffi / kaffimat og kanskje ei brus til kosen etterpå! Litt aktivitetar vert det også. Kle deg etter været!

 

Det vert opptaking av nye småspeidarar. Dette er ei høgtideleg handling der dei
avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal (kostar 125,- m/knute og merke)

 

Fint om kvar familie kan bidar med 100,-, så dekkar me utgiftene til arrangementet.

 

Me treng å vita kor mange som kjem, så me kan berekna maten. Påmelding til Helga 53413179 / 99292101 eller Øystein 90092617 innan tysdag 12. februar.

 

Speidarhelsing
Leiarane

100 års jubileum familiearrangement.doc