Viktig: Eg gløymde å skriva på lappen at ALLE MÅ pakka i ryggsekk denne gangen. Øystein.
Småspeidartur til Vatnadalen
1. Leirvik 60 år 1913–1973
Dette heftet vart laga til 60-årsjubileet vårt i 1973. Det låg no på naustet og slang, så eg tok det heim og skanna det. Det står mykje spennande i bokhyllene på naustet, så det kan godt henda me legg ut meir.
Utopia, landsleir Åndalsnes 2009
Me kom fram midt på natta, så me la oss berre til på bakken utan telt. Biletet tok eg då eg vakna. Klokka er 08.10, og det er like før sola bryt fram bak fjella.
Kretsleir 2007 på 5 minutt
Bretur for roverar og leiarar 5-6-sept.
Hei.
Litt info, som lova på møtet i dag. I staden for å reisa fredag kveld, så reiser me laurdag formiddag. Avreise frå Naustet, laurdag kl 11.00. Kva tid me er framme i Jondal, er eg ikkje sikker på. Har aldri værtder. Men me må køyra over Tysnes til ferja Tørvikbygd – Jondal. Overnatting vert i telt. Ta med utstyr for å overnatta ute. Alt utstyr me treng for breturen er inkludert i breføringsturen. Det
kan vera lurt å ta med ein dagstursekk som du kan ha nista og litt
klær i. Det kan vera kaldt på breen, sjølv om det er tidleg på
hausten. Sikkert lurt å ha med stillongs, ekstra genser, hua og
vottar. Dersom du har gode fjellsko med solid såle, er dette ein fordel å ta
med. Ellers så er også sko inkludert. Pris for turen vert 200 kr pr person. Dette dekkar reise, mat og breføring Det er på sundag me skal på breføring med Folgefonna Breførarlag. For at me skal få meir utbytte av turen har eg bestilt 2 breførarar
til oss. Det er ikkje ein fellestur med andre. Då vert det mogeleg å
tilpassa opplegget til oss. Meir info: http://www.folgefonni-breforarlag.no/turar/eigen%20breforar.htm På laurdag kveld må me ha ein skikkeleg middag. Er det nokon som har
ønsker eller forslag? Øystein
Kalender
Alltid oppdatert kalender for 1. Leirvik. (Utskriftsversjon her.)
Hausten 2009, kalender til utskrift
Dette er papirkalenderen som me delte ut på første møtet. Nettkalenderen er meir oppdatert.
Oppstart 1. Leirvik speidargruppe
- Likar du å dra på tur i skog og mark, eller på leir i telt?
- Vil du læra litt om førstehjelp, båltenning, orientering og andre nevenyttige tips og triks?
- Har du lyst å vera i lag med andre i eit trygt og godt miljø?
- Då kan speidaren vera noko for deg!
1. Leirvik speidargruppe startar opp att etter ferien. Nye og gamle medlemmer velkomne!
Møtetider er:
Måndagar 17.30–18.45, 6.–7. klasse
Måndagar 19.00–20.30, 8.–10. klasse
Tysdagar 17.30–18.45, 3.–5. klasse
Nye medlemmer er hjarteleg velkomne og kan møta opp ved Naustvågen Barnehage (kart).
1. Leirvik speidargruppe er medlem av Norges Speiderforbund. Meir informasjon kan du finna på www.speiding.no.
Ta gjerne kontakt med Helga Kroka, tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101, eller Øystein Østensen tlf. 900 92 617 dersom du har spørsmål.
(Teksten er frå annonsen i Sunnhordland torsdag 27. august.)



















