
1. Leirvik 110år!


Godt nyttår til speidarar og føresatte! Me ønsker speidarane våre velkommen tilbake til speidarnaustet tysdag 10. januar. Ein Speidar er jo budd til alt i alt slags vér, og me skal være både litt inne og ute. Ha klede etter véret, elles så kan speidarkniven og ei vassflaska være lurt å ha med.
Og til dei som treng ein påminning om tidene:
• Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45
• Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30
• Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30
Då er det klart for ein ny julatur med 1. Leirvik. I år blir turen til Føyno etter gamalt, der me skal kosa oss med juleverkstad, uteleik, og andre aktivitetar.

Turen er frå fredag til laurdag for småspeidarane, stifinnarane, og vandrarane.
Leiarane og roverane blir til sundag.
.
Tid: Fredag 09. – laurdag 10. desember.
Frammøte: Parkeringsplassen ved hyttene på Føyno.
Fredag kl 17.
Avslutning: Parkeringsplassen ved hyttene på Føyno.
laurdag kl 15.
Pris: 200 kr, dette dekkjer alle måltid og juleverkstad. Me tar kontant og vipps, betal gjerne ved frammøte.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp, hovudlykt, speidarskjorte & sjal, varme gode vasstette ytterklede for å vera lenge ut, tørre varme skift i sekken, vottar/hanskar, hua, kniv, støvlar/vasstette sko sidan me er nærme sjøen.
Mat: Leiarane ordnar mat. Ta med litt snop om du har lyst, og max 0,5 liter brus.
Påmelding: Til Kristoffer på tlf 95522332 innan tysdag 6. Desember.
Me set pris på beskjed om du skal eller ikkje skal vera med.
Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer 95522332
Speidar- og julehelsing
Leiarane
Grautmøte
Tysdag 29. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).
Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.
Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130. Og øv gjerne på speidarløftet på lengre nede i innlegget.
Bakemøte
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 5. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 6. desember kl 17-18.45

Eigen lapp om julaturen kjem seinare.
NB: Julaturen er flytta fram ein dag frå det som står på kalenderen. Det blir Fredag 9. desember til Laurdag 10. Desember
Speidarløftet
“Eg lovar etter beste evne
å søke mitt livssyn,
hjelpe andre
og leve etter speidarloven.”
Ryvarden krets har kjøpt hytta på Nese i Sveio. Hytta og området rundt må me prøva!
Det vert difor gruppetur (små og store speidarar, roverar og leiarar) 4. – 6. November.
Programmet er ikkje heilt bestemt enda. Det kjem litt an på kven og kor mangen, som melder seg på. Det vert i alle fall mykje aktivitetar ute, kanskje litt kanopadling, litt innekos og mulighet for dei store, til å overnatta ute i hengekøy. Her er det mange mulighetar.
Fint om dei som har, tar med redningsvest (i tilfelle me får til litt padling)
Me treng nokre foreldra som kan køyra til/henta på hytta. Den ligg ca 2 km frå bensinstasjonen på Haukås i Sveio. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til/frå og antall passasjera du kan ta med
Tid: Fredag 4. nov – sundag 6. nov 2022
Frammøte: Speidarnaustet fredag kl 17.
Stad: Ryvarden krets si hytta på Nese i Sveio.
Avslutning: Speidarnaustet, sundag kl 15.
Dei som skal henta må vera på Nese innan kl 14.30
Pris: 150,- Dette dekkar mat og utstyr me treng på turen. Leiarane ordnar mat.
Utstyr: God og varm (visst du skal ligga ut)sovepose, liggeunderlag (i tilfelle du må ligga på golvet), hengekøy (visst du har og vil overnatta ute) kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals), klede til å være inne, tallerk, kopp, bestikk, lommelykt/hovudlykt, speidarskjorte og skjerf (dei som har), litt brus og godteri om du vil.
Påmelding: ring/SMS innan tysdag 1. november til Kristoffer (hugs fullt namn)
Spørsmål: Ring Magnus (46763950) eller Kristoffer (95522332)
Småspeidar:
Då er det klart for haustens første speidartur. Denne gongen går turen til speidarhytta på Sævarbu. Hytta ligg om lag 10 minutt frå bilvegen opp til Heio. Sommaren er over og hausten er i full gong, so det er svært viktig å kle seg etter været.
Tid: 17. – 18. september
Stad: Speidarhytta på Sævarbu
Frammøte: Lørdag 17. september 12.00, Lundseter kraftstasjon
Avslutning: Søndag 18. september kl 15.00, Lundseter kraftstasjon
Pris: 150kr
Utstyr: Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua
Mat: Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.
Påmelding: Innan onsdag 14. september til Kristoffer tlf. 95522332
Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer (95522332)
.kjj
.
Stifinnar/vandrar:
Då er det klart for haustens første speidartur. Denne gongen går turen til speidarhytta på Sævarbu. Speidarane skal sove ute i gapahuk første natta før dei kjem opp på hytta på lørdag. Sommaren er over og hausten er i full gong, so det er svært viktig å kle seg etter været.
Frammøtet til haiken er ikkje bestemmt endo sidan speidarane skal være med å bestemme kva rute dei vil gå opp til fjells.
Tid: 16. – 18. september
Stad: Speidarhytta på Sævarbu
Frammøte: Fredag 16. september
Avslutning: Søndag 18. september kl 15.00, Lundseter kraftstasjon
Pris: 200kr
Utstyr: Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua
Mat: Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.
Påmelding: Innan onsdag 14. september til Kristoffer tlf. 95522332
Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer (95522332)
Tysdag 6. september skal me ha møte i Landåsen, då skal speidarane få bruke alt dei har lært om orientering. Og kven veit, kanskje ‘’X markerer stedet’’ .
Me skal være ute heile speidarmøtet, så kle deg godt etter vêret! Og hugs at det alltid er betre med litt for mykje enn litt for lite. Det kan være lurt å ha med seg ein liten sekk med ein speidarkniv, ei vassflaske, ei lykt og godt humør!
Oppmøte blir til vanlege tider, berre ved starten av Landåsen på Vabakkjen.
Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)
Håpar alle har hatt ein flott sommar☀️, og at dykk er klare for eit nytt speidarår med nye eventyr!
Me startar opp igjen Tysdag 23. aug nede på speidarnaustet, og me ønsker velkommen til nye og kjente fjes😁.
Vêret er litt vekslande for tida 🌧, så vær gjerne kledd for å være litt ute!
Og for dei som lurer på tidene:
• Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45
• Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30
• Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30
Det vert Festivalleir på Lier 3.-5. Juni. På Festivalleir skal me kose oss, nyte sol, ha ulike leikar og aktivitetar, og eit tema. Årets tema er «Eventyr». 1. Leirvik skal velje seg eit eventyr, så må me dekorere leirområde og speidarar i kostyme, så blir det ein konkurranse om best gjennomført eventyr.
Gi beskjed til Kristoffer ved påmelding om du eventuelt berre skal ha 1 overnatting.
Tid: 3.-5. juni
Stad Lier, Sveio
Pris 200kr
Påmelding Til Kristoffer Spissøy (95522332) innan søndag 22. Mai kl 22.00
Spørsmål Ring/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)
Dette er berre eit påmeldingsskriv, speidarane skal få meir informasjon om oppmøte, utstyr og den slags når det nærmar seg!
Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken like ved kaien kl 06.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal! Ta kontakt om du ikkje har, så kan me prøve å fikse noko.
Det ser ut til å endeleg bli ein vanleg 17. mai morgon igjen, og eg kan seie at me leiarar gleder oss til å ta med speidarane våre, både gamle og nye, på dette!
Me ønsker derfor at så mange som mogleg kan stille slik at me får til eit skikkeleg fint 17. Mai tog, med speidarar og flagg i front!
Toget går frå Haugalandsparken etter ein litan sermoni, og då tar toget vegen opp til sjukehuset. Der skal korpset og mannskoret, som før, spela og syngja. Så er morgontoget over for i år 😊.
Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)