1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Info om landsleir

Informasjon Landsleir Gjøvik 2025

Det nærmar seg landsleir med stormskritt. Her kjem litt info:

Betaling:

Leiren kan no betalast til vårt kontonr: 3520 50 45722. Merk med navn og kva det gjeld.

Prisen er 3500,- pr deltakar.

For husstandar med meir enn ein deltakar på same adressa, så er prisen 3500,- for første deltakar.

Dei neste deltakarane betalar 2450,-

Som me snakka om på info møtet tidlegare i vinter så har me søkt fleire plassar om meir støtta. Det har me dessverre ikkje fått. 1. Leirvik sponsar bussturen for alle deltakarane, så den skal det ikkje betalast for.

Transport:

Me skal ha buss saman med Meling og Foldrøy speidargruppe.

Dei stoppar på Føyno og tar oss med, fredag 4. Juli klokka 08:30. ALLE møter på Føyno.

Det er ein relativt lang busstur til Gjøvik. Ta med dagstursekk med nista, drikka, litt klede og andre ting du treng for ein dag på buss.

Bagasje:

Erfaring viser ei utfordring med å få plass til all bagasjen på full buss. Difor tar me med bagasjen i bilen som skal køyra fellesutstyret vårt til leiren.

Ferdig pakka sekker skal leverast til bilen, TORSDAG 3. Juli kl 17 .

Armbånd / Betaling på leir

Gruppa får tilsendt deltakararmbånd i forkant. Armbåndet kan «lades» med pengar og brukast som betalingsmiddel i leiren. Rover og stab har eigne fargar. Låsen indikerar om speidaren har akseptert bildetaking eller ikkje gjennom påmeldinga i Min Speiding. Ved tapt armbånd tek ein kontakt med servicetorget. Viktig at brukaren registrerer namn og gruppe ved fyrste opplading av armbåndet. Dette gir moglegheit for sperring og overføring av saldo til nytt bånd.

Det står nokre plassar at det er mogleg å bruka kort og Vipps. Ser at det er begrensa kva bankar dei samarbeider med Vipps, dersom brukaren er under 15 år. Sikkert best å satsa på armbånd.

Bank

Leiren har ikkje bank. Det er bank og minibank på Gjøvik. Det tas ikkje i mot kontantar på leiren, med unntak av servicetorget. I alle utsalgsstader nyttast armbånd, bankkort og Vipps.

Besøk

Leiren er åpen for besøkande kvar dag mellom revelje (07.30) og rosignal (23.00). Delar av leiren er ute på overnattingstur (haik) mandag til fredag. Føresatte anbefalas å avtale besøksdag med speidergruppa. Parkering for besøkande – sjå parkering.

Butikk / Kiosk / Kafe

Nærmeste daglegvarebutikk er ca 4 km frå leirområdet. Landsleiren tilbyr storkiosk der du kan handle solkrem, tannbørste og andre hygieneartiklar. Storkioskane er ved matutleveringstelta og på torget.

På torget er det eit utvalg kaféar og restaurantar med alt frå kaffe med melkeskum til middagsservering.

På leirområdet blir det kioskvogner og storkioskar.

Drikke

Hugs å drikke nok! Alle speidarane må ha drikkeflaske på leiren. Ta med drikke til alle aktivitetane.

På Hike skal dei ha med varmt vatn, som skal brukast til å laga Real turmat når dei kjem fram. Det vert ikkje lov å bruka nokon typar kokeapparat. Alle må ha med termos, minimum ½ liter, då me må koka vatnet i leiren før dei går på hike. Termosen må halda godt på varmen.

Mobiltelefon

Det er lov å ha med mobiltelefon på leiren. Kjekt å ha for å ta bilete som minner frå leiren. Me ser litt korleis det går. Vert det naudsynt så innfører me leiarane restriksjonar på bruk.

Merk at det kun vert mogeleg å lada powerbankar. Dei tek leiarane med i ein felles ladekasse til ladestasjon. Me kan ikkje sitta å passa på desse under lading, så det er på eige ansvar. Det pleier å gå bra.

Me legg opp til at speidarane i størst mogleg grad ikkje skal trenge telefon for å få ei god oppleving på leir. Speidergruppa bestemmer eigne køyrereglar for mobilbruk.

Leirsong

Leirsongen for 2025 heiter «På eventyr» og synges av Masive. Tekst finn du på landsleir.no/leirsangen, eller i leirheftet.

Listening ear

Lavterskel tilbud for dei som har behov for få litt støtte i ein vanskeleg situasjon. Listening ears er tilgjengeleg for alle på leir: speidar, rover, leiarar og stab.

Lommepengar

På infomøtet i vinter snakka me om at passelig sum er 100,- kr pr dag.

Speidarane sin landsleir har inga grense på lommepengar, men mange grupper har beløpsbegrensningar for sine speidarar.

Pakkeliste

Finnes på leirens heimeside: https://www.landsleir.no/pakkeliste#gsc.tab=0

Sosiale medier

Leiren heiter «Speidernes landsleir» på facebook, instagram, og tiktok. På youtube heiter den «Speiderne». Bruk hashtaggen #speiderneslandsleir når du postar frå leir!

Speider-Sport

Speidarane sin eigen butikk har stort utsalg på leirtorget, med både speidareffektar og sportsutstyr.

Speidarskjorte

Speidarskjorte nyttast på åpningsleirbålet, speidargudsteneste og avslutningsleirbålet. Me nyttar speidersjalet heile leirveka.

Wifi

Det blir trådlaust gjestenettverk ved torget, matutdelingstelt, servicetorg og roverkro. Ved mange samtidige brukarar kan hastigheit og stabilitet bli begrensa.


Kommenter innlegget

Hike og hyttetur, sommaravslutning

Småspeidarar

No er me klar for  sommartur til speidarhytto.

For småspeidarane så vert det tur med overnatting til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Køyr forbi Lundarstølen og opp mot Heio, så står me langs vegen og tar i mot deg.

 

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. juni på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Laurdag kl 12 på Sævarbu

Avslutning: Sævarbu kl 15 sundag

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, kopp, bestikk og tallerk (dersom me går på tur) Visst du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: På Spond innan måndag 2. juni.

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617

Stifinnar/Vandrar

Snart ferie. Me arrangera kombinert hike og hyttetur.

 

For speidarane så vert det hike frå fredag til laurdag. Då går me frå Børtveit til Svartavatnet på Stordafjellet, med overnatting i gapahuk eller hengekøy. Speidarane skal klara seg mest mogeleg sjølv, men nokre leiarar er med på turen.

 

Me skal gå omtrent 6 km totalt, fordelt på 2 dagar. Relativt bratt på traktorveg første delen. Mot Svartavatnet flatar det ut. Dagen etter er det relativt flatt, før det tippar nedover til Sævarbu Det er viktig å pakka lett. Ikkje ta med meir enn du treng, du må bera sekken sjølv. Sørg for at utstyr er oppi / godt festa på sekken. Det er tyngre / meir irriterande med ein sekk der ting heng å dinglar!!

 

Vel framme på speidarhytta Sævarbu på laurdag, møter me småspeidarane som er på tur. Her kan speidarane velja om dei vil overnatta ute eller inne.

 

 

 

Tid: Fredag 6. – sundag 8. juni

 

Frammøte: Ved avkøyringa til Børtveit. Køyr forbi Jektavik ferjekai, ca 500 meter. Ta til venstre. Her møtest me.

 

Avslutning: Henting ved vegen til Sævarbu, sundag kl 15.

 

Pris: Turen kostar 150,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

 

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, bestikk, kopp, tallerk. Shorts dersom det er varmt og fint vær. Vurder solkrem og myggspray. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

 

Mat: Speidarane setter opp meny for fredag, laurdag morgon og formiddag. Dette fordeler dei ansvar for å ta med sjølv. Leiarane handlar mat frå laurdag til sundag. Ta med litt snop dersom du har lyst.

 

Påmelding: På Spond

 

Spørsmål: Kontakt Øystein på tlf 90092617 eller melding på Spond

 

 

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Vintertur for store og små

Småspeidar:

No er me klar for vintertur til speidarhytto. Speidarane overnattar frå fredag til sundag. Småspeidarane er på tur frå laurdag til sundag.

Sidan vegen til Heio er stengd på denne tida av året, så møter me ved kraftstasjonen på Lundarstølen. Går felles herifrå til hytta. Det er 1,6 km å gå. Pakk ikkje meir enn nødvendig. Alle må  bæra sitt eige utstyr pluss litt fellesutstyr eller mat.

Tid: Laurdag 22. feb til sundag 23. februar på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Laurdag kl 12 ved kraftstasjonen på Lundarstølen

Avslutning: Kraftstasjonen kl 15 sundag

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er VELDIG vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Via Spond innan onsdag 19. februar kl 15. For dei som ikkje har lagt oss inn på Spond enda så kan du trykke her: https://leirvikspeidar.com/spond/

 

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617

Stifinnar og Vandrar:

For speidarane så vert det tur med overnatting til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Sidan vegen til Heio er stengd på denne tida av året, så møter me ved kraftstasjonen på Lundarstølen. Går felles herifrå til hytta. Det er 1,6 km å gå. Pakk ikkje meir enn nødvendig. Alle må  bæra sitt eige utstyr pluss litt fellesutstyr eller mat.

Tid: Fredag 21. feb til sundag 23. feb på Sævarbu.

Stad: Sævarbu, Stordfjellet

Frammøte: Fredag kl 17 ved kraftstasjonen

Avslutning: Kraftstatsjonen kl 15 sundag

Pris: 150 kr.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån. Dei som vil kan overnatta ute i gapahuk eller hengekøy. Ta i så tilfelle med liggeunderlag  / hengekøy.

Det er VELDIG vått å gå over myra til hytta, så ta på vanntette sko som går minst over anklane.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Via Spond innan onsdag 19. februar kl 15. For dei som ikkje har lagt oss inn på Spond enda så kan du trykke her: https://leirvikspeidar.com/spond/

 

Spørsmål: Kontakt Øystein på telefon 90092617


Kommenter innlegget

Julatur og Bakemøte

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 4. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 5. desember kl 17-18.45

Julatur

Tida går fort, no er det tid for julatur igjen. På julaturen er det litt speidaroppgåver, me riggar til juleverkstad og på kvelden vert det julekoldtbord. Denne turen vektlegg me det sosiale. Me skal overnatta på det gamla skulehuset på Hiskjo, Bømlo.

Turen er felles for småspeidarar og speidarar.

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. desember

Stad: Hiskjo, Bømlo (Hiskjo skule Lekvoll i Google maps)

Frammøte: Ved speidarnaustet, laurdag kl 11.

Avslutning: På Hisko, sundag kl 15, tilbake ved naustet ca kl 15:45

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til / henta på Hiskjo. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / henta på Hiskjo / ikkje køyra.

Pris: 150 kr.

Utstyr: Sovepose, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Me er i gang å tester Spond. Søk på gruppekode ZPCPI i Spond Appen. Fint om alle gir beskjed om dei skal / ikkje skal.

Meld i tillegg på til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332 SMS (Så får me kvalitetsikra at alt fungerer denne første gangen).

Påmeldingsfrist: tysdag 3. desember

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Oppdatering til Grautmøtet

Det viser seg at fleire av speidarane som skal bli tatt opp i løpet av grautmøtet har skuleaktivitetar som kolliderer.

For at desse kjekke speidarane framleis skal få anledningen til å bli tatt opp så har me valt å utsette grautetmøtet ein time.

Det blir då oppmøte med bål, preik, kos og frilek kl 18.30, så tar me sjølve seremonien med opptaking nærmare kl 19. Tradisjonen tro serverer me varm graut etter opptaking.

Datoen er uendra, tysdag 19. november kl 18.30 for alle speidarar og familie. Hugs å kle deg godt, det byrjar å bli kjølig om kveldene.

Mvh Speidarleiarane


Kommenter innlegget

Minner om speidar og småspeidarmøtet på Sævarbu

Imorgon (tysdag 1. oktober) vert speidarmøtet på speidarhytto Sævarbu på fjellet. Målet er at nye små og store speidarar skal bli kjent med hytta, før me reiser på tur dit.

Me slår saman møtetidene å forlenga møta denne kvelden. ALLE møter kl 17.30 til 20.00.

Me fyrer i bålpanna og grillar denne dagen.

Ta med grillmat, drikka (bestikk, fat og kopp om du treng).

Mørket kjem nok lurande når me er på heimveg, så ta med lommelykt eller hovudlykt.

Alle foreldre og søsken som har lyst til å væra med, er velkommen denne kvelden.

Det er begrensa med parkering nær hytta, så ein må nytta parkeringsplassen på Heio. Sjå kart under. Det er ca 15 min å gå nedover vegen. I tillegg 10 min å gå frå vegen, over myra og bort til hytta. Myra er blaut og våt, ta på gode sko som er høgare enn joggesko (elles så går vatnet over har me erfart).


Kommenter innlegget

Tur til Åreidalen, Bømlo

Småspeidarar

Endeleg er me i gang igjen med ny sesong. Tid for telttur!

For småspeidarane, så vert det tur med overnatting i telt på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!). Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar og utforska naturen.

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. september.

Stad: Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. Nærare beskriving av plassen kjem på nett/Facebook når det nærmar seg, til info for dei som skal køyra/henta.

Frammøte: Laurdag 7. september ved speidarnaustet kl 12.00. Merk tida. 

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 15. Tilbake på naustet kl15.30

Pris: Turen kostar 100,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose (komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 3. sept

Spørsmål: Kontakt Kristoffer eller Øystein (90092617)

Stifinnarar/Vandrarar

Hausten er her, ny sesong og me er klar for hike og telttur.

For speidarane så vert det hike frå fredag til laurdag. Då går me frå Folderøy til Oldereide, med overnatting i gapahuk undervegs. Speidarane skal klara seg mest mogeleg sjølv, men nokre leiarar er med på turen.

Me skal gå omtrent 7 km totalt, fordelt på 2 dagar. Relativt lettgått, flat sti. Det er viktig å pakka lett. Ikkje ta med meir enn du treng, du må bera sekken sjølv. Sørg for at utstyr er oppi / godt festa på sekken. Det er tyngre / meir irriterande med ein sekk der ting heng å dinglar!!

Vel framme på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!)møter me småspeidarane som er på tur. Så vert det leir og overnatting i telt til sundag. Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar og utforska naturen.

Me skal gjera siste rest av bademerket (for dei som har lyst til det), som er å falle uti vatnet med klede, for å sjå kor tungt det er å symja med. Ta med fullt bytte for dette, pakka utanom sekken. Leiarane tar dette med, slik at du slepp å bære det.

Tid: Fredag 6. – sundag 8. september

Stad: Folderøy til Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. 

Frammøte: Fredag 6. sept ved speidarnaustet kl 17:00. 

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 15. Tilbake på naustet kl 15.30

Pris: Turen kostar 150,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Bytteklede for bademerket (pakka utanom sekken), også ekstra skopar.

Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose no på hausten (komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 3. september

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

Helsing leiarane


Kommenter innlegget

Bade/Svømmemøte

Tysdag 3 september vert det bade / symjemøte for små og store speidarar. Målet er å visa at du har ferdighetane som trengs for å ta symjemerket.

For dei som ikkje ynskjer å ta symjemerket, så vert det møte på Leirvik. Alle møter ved gropa bak kulturhuset, så deler me oss på 2 forskjellige møter.

Dei som skal bada må ha med badetøy, handkle, shampoo. Symjebriller visst du vil/har.

Endra møtetider denne dagen.

Småspeidarar 17:00 til 18:30

Speidarar: 18:00 til 19:30

Krav til symjemerket, småspeidar

1. Vis at du kan bryst- og ryggsvømming.

2. Hopp/stup ut i vannet og svøm noen tak under vann.

3. Trå vannet i minst 30 sekunder.

4. Vis at du kan flyte på magen og på ryggen, og kan holde deg flytende i minst 2 minutter.

Krav til symjemerket, speidar

1. Finn ut hvilke farer man skal være oppmerksom på ved vannaktiviteter.

2. Vis at du kan hoppe eller stupe fra minst 2 meter.

3. Vis at du kan svømme og orientere deg under vann.

4. Vis at du kan bytte mellom å flyte og å trå vannet for å holde deg flytende i minst fem minutter.

5. Vis at du kan svømme minst 200 meter ved å bytte mellom bryst- og ryggsvømming. 

 

Del 6 tar me når me er på speidartur til Bømlo helga 6. – 8. september.

6. Dett ut i vannet og finn ut hvor langt du klarer svømme med klær på


Kommenter innlegget

Ferien ferdig – speidaren startar igjen!

Så er ferien unnagjort og me kan gå i gang med speidarhausten. Tysdag 20 august startar me igjen på Naustet. Kle deg gjerne etter vêret.

Småspeidarar, 3. – 5. klasse klokka 17:30 til 18:45.

Speidarar, 6. – 10. klasse klokka 19:00 til 20:30.
Gamle og nye speidarar er velkomne.

Speidarnaustet ligg like nedanfor Naustvågen barnehage.
Spørsmål, send oss ei melding eller kontakt Kristoffer Spissøy tlf 95522332 / Helga Kroka tlf 99292101. Meir info, sjå leirvikspeidar.com