1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Grautmøte og bakemøte

Grautmøte
Tysdag 29. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!


Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).
Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.
Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130. Og øv gjerne på speidarløftet på lengre nede i innlegget.


Bakemøte
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 5. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 6. desember kl 17-18.45


Eigen lapp om julaturen kjem seinare.
NB: Julaturen er flytta fram ein dag frå det som står på kalenderen. Det blir Fredag 9. desember til Laurdag 10. Desember

Speidarløftet
“Eg lovar etter beste evne
å søke mitt livssyn,
hjelpe andre
og leve etter speidarloven.”

Reklame


Kommenter innlegget

Frammøte for Stifinnarar og Vandrar

Igår bestemte stifinnarane og vandrarane seg for rute, mat og all slikt praktisk, så her kjem alt den praktiske informasjonen dei bestemte seg for.

Frammøte: Fredag 16. september kl 17.00, på Sæterbø

Veibeskrivelse: Køyr RV545, vestsida av Stord mot Fitjar. Rett før Rydland (gamal Jokerbutikk) ta til høgre.

Avslutning: Søndag 18. september kl 15.00, Lundseter kraftstasjon

Pris: 200kr

Utstyr: Hugs å ta med grevling/soveposetrekk. Dette gjeld itillegg til utstyrslista på det førre skrivet.


Kommenter innlegget

Bli kjent tur for Småspeidarar, stifinnarar og vandrarar.

Småspeidar:

Då er det klart for haustens første speidartur. Denne gongen går turen til speidarhytta på Sævarbu. Hytta ligg om lag 10 minutt frå bilvegen opp til Heio. Sommaren er over og hausten er i full gong, so det er svært viktig å kle seg etter været.

Tid:                           17. – 18. september

Stad:                         Speidarhytta på Sævarbu

Frammøte:            Lørdag 17. september 12.00, Lundseter kraftstasjon

Avslutning:                        Søndag 18. september kl 15.00, Lundseter kraftstasjon

Pris:                          150kr

Utstyr:                     Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

Mat:                          Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding:            Innan onsdag 14. september til Kristoffer tlf. 95522332

Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer (95522332)

.kjj

.

Stifinnar/vandrar:

Då er det klart for haustens første speidartur. Denne gongen går turen til speidarhytta på Sævarbu. Speidarane skal sove ute i gapahuk første natta før dei kjem opp på hytta på lørdag. Sommaren er over og hausten er i full gong, so det er svært viktig å kle seg etter været.

Frammøtet til haiken er ikkje bestemmt endo sidan speidarane skal være med å bestemme kva rute dei vil gå opp til fjells.

Tid:                           16. – 18. september

Stad:                         Speidarhytta på Sævarbu

Frammøte:            Fredag 16. september

Avslutning:                        Søndag 18. september kl 15.00, Lundseter kraftstasjon

Pris:                          200kr

Utstyr:                     Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

Mat:                          Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding:            Innan onsdag 14. september til Kristoffer tlf. 95522332

Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Oppstart

Håpar alle har hatt ein flott sommar☀️, og at dykk er klare for eit nytt speidarår med nye eventyr!

Me startar opp igjen Tysdag 23. aug nede på speidarnaustet, og me ønsker velkommen til nye og kjente fjes😁.

Vêret er litt vekslande for tida 🌧, så vær gjerne kledd for å være litt ute!

Og for dei som lurer på tidene:

• Småspeidarar (3.–5. klasse), tysdagar 17.30–18.45

• Stifinnarar (6.–7. klasse), tysdagar 19.00–20.30

• Vandrarar (8.–10. klasse),tysdagar 19.00–20.30


Kommenter innlegget

Festivalleir 2022

Det vert Festivalleir på Lier 3.-5. Juni. På Festivalleir skal me kose oss, nyte sol, ha ulike leikar og aktivitetar, og eit tema. Årets tema er «Eventyr». 1. Leirvik skal velje seg eit eventyr, så må me dekorere leirområde og speidarar i kostyme, så blir det ein konkurranse om best gjennomført eventyr.

Gi beskjed til Kristoffer ved påmelding om du eventuelt berre skal ha 1 overnatting.

Tid:                           3.-5. juni

Stad                          Lier, Sveio

Pris                           200kr

Påmelding             Til Kristoffer Spissøy (95522332) innan søndag 22. Mai kl 22.00

Spørsmål                Ring/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)

Dette er berre eit påmeldingsskriv, speidarane skal få meir informasjon om oppmøte, utstyr og den slags når det nærmar seg!


Kommenter innlegget

17. Mai 2022

Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken like ved kaien kl 06.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal! Ta kontakt om du ikkje har, så kan me prøve å fikse noko.

Det ser ut til å endeleg bli ein vanleg 17. mai morgon igjen, og eg kan seie at me leiarar gleder oss til å ta med speidarane våre, både gamle og nye, på dette!

Me ønsker derfor at så mange som mogleg kan stille slik at me får til eit skikkeleg fint 17. Mai tog, med speidarar og flagg i front!

Toget går frå Haugalandsparken etter ein litan sermoni, og då tar toget vegen opp til sjukehuset. Der skal korpset og mannskoret, som før, spela og syngja. Så er morgontoget over for i år 😊.

Spørsmål:               Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)


Kommenter innlegget

Vårtur for store og små!

Småspeidartur

Då har endeleg vårsola komet fram for fullt, og dette må me utnytta! Me inviterer derfor speidarane våre med på ein flott helgetur på Nautøya, og kven veit, kanskje det vert litt fiske?

Tid:                           Fredag 13.-14. Mai

Stad                          Nautøya

Frammøte              Parkeringa ved Bømlabrua fredag kl 18.

Avslutning             Parkeringa ved Bømkabrua laurdag kl 17.

Pris                           150kr

Utstyr                        Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, speidarskjorte, speidarsjal, fjellsko, vottar, hua og fiskestang for dei som vil

Mat                            Leiarar fiksar mat, men du kan ta med litt godt i moderate mengdar.

Påmelding             Til Kristoffer Spissøy (95522332) innan Ons 11. mai.

Spørsmål                Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)

.

.

Tur/Haik for Stifinnarar og Vandrarar

Då har endeleg vårsola komet fram for fullt, og dette må me utnytta! Kvar turen går veit me ikkje heilt enda, kanskje dei vil bli med småspeidarane og oss vaksne ut på nautøya, kanskje dei vil ta seg ein fjelltur til speidarhytta/stovegulvet, eller kanskje dei vil prøve seg på «Stord på langs» som nokre av våre tidlegare roveraspirantar har prøvd seg på? Det me veit er at me skal hjelpe speidarane med å få seg ein kjekk og trygg tur!

Tid:                           Fredag 13.-15. Mai

Stad                          Vad, Hauglandskvedno

Frammøte              Fredag 13. mai kl 19.00, Parkeringsplassen på Hauglandskvedno

Avslutning             Søndag 15. mai kl 15.00, Lundseter kraftstasjon

Pris                            200kr. Vipps til 121341 (hugs å skrive fullt namn på speidar(ane) det gjeld), eller ta med kontantar.

Utstyr                        Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, speidarskjorte, speidarsjal, fjellsko, vottar, hua

Mat                            Leiarar fiksar mat, men du kan ta med litt godt i moderate mengdar.

Påmelding             Til Kristoffer Spissøy (95522332) innan Ons 11. mai.

Spørsmål                Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)


Kommenter innlegget

Møte i Landåsen

Me ville minne speidarar og føresette på om å sjekke kalenderen, som dykk kanskje ser der så skal me være i Landåsen imorgon.

Det kan derfor være lurt å kle seg for å være ute!

Me har frammøte ved inngangen til Landåsen på Vabakkjen, men me har også ein leiar ved naustet som tar imot speidarar som ikkje fekk oppdateringa med seg 😉.


Kommenter innlegget

Speidaraksjonen 2022

Tysdag neste veke blir eit møte utanom det vanlege, då skal speidarane endeleg få lov å gå ut med bøsser for å samle inn pengar til speidaraksjonen! Då skal store og små ha møte samstundes, det skal være litt lengre enn vanleg, og me avsluttar sjølvsagt med litt kos og mat med dei som deltek!

Så sei ifrå til føresatte, søsken, tantar, onklar, besteforeldre og naboar, me anbefaler å legge av nokre kontantar! Samle inn tomflasker til panting, sel noko du ikkje treng lenger, gjer litt ekstra husarbeid for slekta, alt hjelper!

Les gjerne meir om speidaraksjonen her: https://speiding.no/aksjon/#Dette-er-Speideraksjonen-261

Tid: Tysdag 23. April kl 17.30-20.00
På Leirvik skule.

Utstyr Speidardrakt for dei som har (skjorte og sjal), og klede etter vêret då me skal være mykje ute.

Avmelding Gi gjerne ein lyd til Kristoffer om du veit at du ikkje kjem.

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Takkar for ein god tur! Og påskemøte🐣🐥!

Gratulerar til patrulje Vaskebjørn og småspeidarpatruljen med ein 6. og 7. plass!!🎉

For fleire av speidarane var det kanskje nytt med skikkeleg kretsbannerkonkurranse, og dei skal være nøgd med seg sjølv 😁.

Det vart ingen tur til NM for oss i år, og det var ikkje mange poengene som skulle til, med så flinke speidarar så er me nok med til NM til neste år😉.

Påskemøte!🐣

Som me har sagt til speidarane våre, så er det vanlegvis fri førstkommande tysdag etter ein helgeaktivitet som dagstur, teltur blåtur osv..

Då er det greit å sjekke kalenderen, for der skal det stå om det er fri eller ikkje, tilfelle ein leiar seier noko feil 😉😅. (Kalender)

For no førstkommande tysdag er siste tysdag før påskeferien, og då må me jo etter tradisjonen tro ha eit påskemøte!🐥!

Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.