1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Oppstart

Endeleg er Coronareglane endra, slik at me kan starta oppatt med speiding😁. Me startar førstkommande tysdag. Vanlege tider. Småspeidar kl 17.30 – 18.45. Speidarar kl 19.00 – 20.30.
Me tek også inn nye medlemmar. Ta gjerne med ein ven som ynskjer å prøva om speiding er noko for dei.

Spørsmål, ta kontakt her, eller ring gruppeleiar Kristoffer på tlf 95522332.
Vel møtt

Reklame


Kommenter innlegget

Bakemøte og Julaturen 2021

Bakemøte

Då var tiden kome for årets siste speidarmøte, og som vanleg blir det bakemøte nede på naustet!

Me håpar speidaren stiller med ‘kokkehatten’ på, og med godt humør. Husk å ta med forkle, kjevle (helst stor) og alle peparkakeformane du har!

Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Møter på naustet måndag 29. november kl 19.00

Småspeidarar (3-5 klasse): Møter på naustet tysdag 30. november kl 17.00

.

Julatur 2021

Så var det igjen tid for julatur og avslutning av speidaråret 2021. Turen går til speidarhuset på Sæbøvik på Halsnøy. I fjor vart julaturen litt redusert p.g.a korona og me kunne ikkje ta med alle speidarane, men i år ser me fram til å ha med både små og store! Det vert god mat, juleverkstad, brettspel, leirbål og rett og slett ein rolig og koselig tur.

Roverane og leiarane reiser på fredagen, men møter speidarane på Skjersholmane laurdag formiddag. Obs! Leiarane kjem med ferja frå Halsnøy og går berre av for å hente speidarane, så hugs å vere klar når ferja kjem!

Tid:                           Laurdag 4. desember – Sundag 5 desember

 

Stad:                         Speidarhuset på Sæbøvik på Halsøy

 

Frammøte: Skjersholmane Kl. 11:20. Ferja går 11:35

 

Avslutning: Skjersholmane Kl. 14:45

 

Pris:                          250kr (Søskenmoderasjon: to for 400kr)

 

Utstyr:                      Sovepose, kniv, klede til å vera ute og inne, speidarskjorte, skjerf (Om du har).

 

Mat:                           Dette ordnar leiarane. Ta med litt godteri og brus om du vil. (Maks 0,5l brus)

 

Påmelding:            Innan onsdag 01. des til Erik, tlf. 41529658.

 

Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Grautmøte i parken

Tysdag 23. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye småspeidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Stad                          Vidsteenparken (ved museet)

Frammøte              Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Utstyr                        Kle deg for å vera ute, og ta gjerne med lykt og/eller hovudlykt! Og speidarar kan gjerne ha på seg speidarskjorte og sjal.

Pris                            For dei utan sjal og knute frå før og som skal få av oss, så kostar det 130kr.

                                    Dei som skal bli tatt opp kan gjerne gi beskjed om dei har sjal og knute eller ikkje til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Hausttur til Sævarbu for store og små

Då var hausten komen og nettene blir lengre, trærne skifter farge, og speidarane tar turen opp på fjellet til hytta. Der byrjar å bli kaldt ute, så det er nok lurt å ha noko godt å varmt som ein kan bruke ute, og noko til inne.

Og hugs; om du manglar noko utstyr så kan dykk sjekke med BUA eller høyre med oss 😉

Småspeidarar:

Tid:  Laurdag 6. – 7. November

Stad:  Speidarhytta på Sævarbu

Frammøte:  Kraftstasjonen 6. Nov. 12:00

Avslutning:  Kraftstasjonen 7. Nov. 15:00

Pris:                          150kr

Utstyr:  God og varm sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, vinterbuksa, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals, god jakke), klede til å være inne, litt brus og godteri om du vil.

Mat:  Dette ordnar leiarane.

Påmelding:  ring/SMS innan torsdag 03.11.2021 til Erik, tlf. 41529658 (hugs fullt namn)

Spørsmål:              Ring/SMS Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)

.

.

Stifinnarar/vandrar:

Tid:  Fredag 5. til søndag 7. November

Stad:  Speidarhytta på Sævarbu

Frammøte:  Kraftstasjonen 5. Nov. 17:00

Avslutning:  Kraftstasjonen 7. Nov. 15:00

Pris:  250kr

Utstyr:  God og varm sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, vinterbuksa, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals, god jakke), klede til å være inne, litt brus og godteri om du vil.

Mat:  Dette ordnar leiarane.

Påmelding:  ring/SMS innan onsdag 03.11.2021 til Erik, tlf. 41529658 (hugs fullt namn)

Spørsmål: Ring/SMS Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)


Kommenter innlegget

Halloweenmøte

Dette blir eit møte litt utanom det vanlege, møtet blir på Lundarstølen i gapahuken. ALLE MØTER KL 17:30 på kraftsatsjonen, det vil seie at Småspeidarane, stifinnarane og Vandrarane har speidarmøte samstundes! Sida det er ‘’Halloween’’, så tenkte me at det hadde vært kjekt å stille i kostyme, men det er valfritt. Og kven veit, kanskje det blir ein premie for best kostyme 😉 Hugs at det blir kaldt oppe på fjellet, så ha på deg noko varmt under, eller ta med deg noko du kan ta på deg!

Tid:                       Tysdag 26. Oktober kl 17:30

Stad                       Lundarstølen

Frammøte             Kraftstasjonen kl 17.30

Avslutning            Kraftstasjonen kl 19.30

Utstyr                    Lommelykt og/eller hovudlykt, kniv, varme klede til å være ute i, (valfritt) kostyme

Mat                        Leiarane fikser litt mat og drikke

Spørsmål               Kristian Eriksen tlf: 996 76 697


Kommenter innlegget

Kom deg ut-dagen!

Dagsaktivitetar for heile familien

Då nærmar det seg Kom deg ut-dagen 2021, og i år skal 1. Leirvik bli med Barnas Turlag Stord-Fitjar ved Ådlandsvatnet! Me skal setje opp telt, gapahuk, bål og andre ting, det skal bli frukt og litt mat til alle som kjem, og kaffi til dei vaksne 😉 Me skal stelle i stand med aktivitetar og lek, og kanskje nokre turar i kanoar 😁 Me treng gjerne nokre speidarar som kan hjelp oss å setje opp utstyr og hjelpe med aktivitetar, husk speidarskjorta dei som har 😉

For besøkande:

Tid:                           Sundag 05. kl 10-15

Stad:                         Stuvikjo, bort forbi gapahuken ved Ådlandsvatnet. Ved eit lite naust. Mellom to portar.

For speidarar som skal hjelpe å stelle i stand aktivitetsdagen:

Frammøte:           Sundag kl 09.30 ved Stuastølen Gardsbarnehage

Pris:                         Gratis

Utstyr:                     Speidarskjorta + sjal, klede til å være ute i, speidarkniv,

Mat:                          Leiarane fikser mat og drikke

Påmelding:           Påmelding til Kristoffer Spissøy (95522332)

Spørsmål:             Ring/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)


Kommenter innlegget

Tur til Hytta & Lunderstølen

Då var det klart for haustens første tur! Denne gongen starter me med tur til hytta på fredagen, der skal me ha gruppenes årsting.

Laurdagen går me ned til Lunderstølen. Frå klokka 13 blir det opendag for alle mellom 3.trinn til 7.trinn som ønskja å komme og prøve seg på speidaren. Det vil bli bål, pionering og andre kjekke aktiviteter for små og store. Foreldre er også velkomen!

Laurdag til sundag sovar me ute i lavvo på lunderstølen.

Småspeidarar:

Tid:                           Laurdag 11.09 – sundag 12.09

Stad:                        Lunderstølen

Frammøte:           Laurdag 13:00 Lunderstølen

Avslutning:          Sundag  15:00 med kraftstasjoen

Pris:                         150kr

Utstyr:                     Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

Mat:                          Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt      snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding:           Innan onsdag 8.sep til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål:             Ring Erik (41529658)

Stiffinar & Vandrar

Tid:                           Fredag 10.09 – sundag 12.09

Stad:                         Lunderstølen

Frammøte:           Fredag 17:00 Kraftstasjoen

Avslutning:          Sundag  15:00 kraftstasjoen

Pris:                         250kr

Utstyr:                     Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

Mat:                          Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding:           Innan onsdag 8.sep til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål:             Ring Erik (41529658)


Kommenter innlegget

Info til Leir

Då nærmar årets store leir seg med store skritt, og det nok mange speidarar som gleder seg. Lykling er ein fin plass med mykje lokalhistorie, og me gleder oss til å ta med speidarane våre hit!

Tid:                           30. juni – 04. juli

Stad                          Lykling

Frammøte              30. juni ved speidarnaustet kl 09.30.

Avslutning             Avreise frå leiren rundt kl 15, meir detaljer kjem seinare

Pris                            1300kr. Kontant/Bankkonto (3520 50 45722). Må betalast innan tysdag 22. Juni, hugs å skrive namn på speidaren om du betaler med bankkonto!

Helseskjema          Som vanleg ved større leirar, så får speidarane med seg eit helseskjema heim. Dette MÅ leverast tilbake i ein konvolutt med namnet til speidaren på. Konvolutten vert berre opna dersom uhellet er ute og det er behov for det. Og vert makulert etter leiren. (Skjema ligg vedlagt til utskrift)

Transport               Me treng nok 2 ekstra bilar til å køyre til og frå leiren. Kjekt om nokre føresette kan melde seg 😊

Pakk sekken din sjølv så du vet at du har med deg alt du treng, og kvar det ligg I sekken.

HUSK Å MERKE UTSTYRET DITT!! Blir fort litt rot med kven som eiger kva når det ikkje er namn på ting.

Dette har du på / med deg

• Sovepose

• Liggeunderlag

• Ullundertøy

• Ullsokkar, tynne og tjukke

• Skift: bukse, genser/skjorte, undertøy, sokkar

• Gode sko

• Regntøy/støvlar

• Uteklede til alle slags vêr (vêret kan skifte fort)

• Tjukk genser

• Lue og votter (kan fort bli kaldt)

• Sitjeunderlag/stol

• Toalettsaker

• Badetøy og handkle (om du trur du vil bade)

• Redningsvest

• Kopp

• Tallerken

• Bestikk

• Kniv

• Speidar skjorte

• Skjerf og knute (har vi på oss)

• Hovudlykt/lommelykt

• Drikkeflaske

• Solkrem og myggmiddel (anbefalast)

• Eit lite kamera? (Valfritt)

Me vil ikkje at speidarane har med seg mobil, leiarane har mobil om det er noko. På større leirer er det større fare for å rote mobilar vekk og den slags type ting, me tar nemleg ikkje ansvar om dette skjer.

Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Pakkemøte og informasjon om sommarleiren

Som nokre av dykk kanskje har sett i kalenderen så er det imorgon satt opp eit pakkemøte kl 19. Dette gjeld i hovudsak stifinnarane og vandrarane som var med på kretskonkurransen, då får me sjekka at alt utstyr er både reint og tørt før lagring over sommarferien. Me har nemlig vært litt uheldige med framleis skitne kjøkkenredskaper som vart satt til langtidslagring tidlegare, noko me gjerne vil unngå!

Det blir også gitt ut meir informasjon angåande leiren i sommar, så me oppfordrar alle speidarane som er med på den å kome imorgon. Pakkemøtet varer ikkje lenger enn eit ordinært speidarmøte, og er kanskje tidleg ferdig om me er effektive.