Svoltne, desperate stifinnarar kokar tang i sjøvatn. Fristar ikkje til gjentaking …
Tag Archives: stifinnar
Hugs påmelding til speidarfestivalen!
Endeleg frist for påmelding er tysdag 29. mai. Me må melda på så tidleg fordi kretsen skal ha bindande påmelding.
Speidarfestival 15.-17. juni 2012
Bilete frå kretskonkurransen i Sponavikjo
Både små og store hadde det kjekt på årets kretskonkurranse. Stifinnarane konkurrerte dag og natt og overnatta på grasbakken ved stranda. Småspeidarane hadde sin konkurranse på sundagen. Dessutan var 1. Leirvik teknisk arrangør saman med Meling og Folderøy, så roverar og leiarar jobba for fullt heile helga.
Småspeidarane gjorde det spesielt bra og sikra dobbeltsiger på heimebane. Dei to vandretroféa ulven og heksa bur difor på Naustet heilt til neste år!
Her er nokre av dei fine bileta Ingrid tok i Sponavikjo:
Anne Merete dokumenterte leirplassen i løpet av helga:
Kretskonkurransen 2012: Sponavikjo
Bowling
Hugs at siste møtet før påske er på Heiane Bowling. Merk tida!
Småspeidarar 17.00–18.30.
Stifinnarar 18.30–20.00
PS: Me gler oss til kretskonkurranse på heimebane første helga etter påske. Då skal heile Ryvarden krets samlast i Sponavikjo!
Opptaking av speidarar
Det vert møte med opptaking av nye speidarar, tysdag 21. februar. I haust fekk me ikkje tatt opp noko, så det er mange som står for tur denne dagen.
Denne dagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal.
Me markerar også dei som har bytta enhet den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny enhetsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.
Det vert bål, litt speidaraktivitetar, kaffipause og opptaking.
Tid: Tysdag 21. februar, kl 17.30 til 19.00. NB: Tidspunktet gjeld alle.
Stad: Sponavikjo
Pris: Sjal, merke og knute for dei som skal tas opp kostar 125 kroner. Ta med på
arrangementet!
Mat: Ta med litt kaffi + kaffimat og noko til å spidda på bålet.
Spørsmål: Ring Helga, tlf 53413179 eller 99 29 21 04.
Juletur 2011
Internasjonal dag
Bilete frå Litlabø
Me var ein stor gjeng på tur til gruveområdet på Litlabø 22.–23. oktober 2011. Me fekk ei utruleg spennande omvising i gruvene på laurdagskvelden.
Bilete og video: Gaute








































