1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Småspeidartur til Sævarbu mars 2012

Då er det nok ein gang klart for småspeidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Denne gangen dreg me til
den nya speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet. Dette er den første overnattingsturen til denne hytta
for småspeidarane.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen, til der me skal overnatta (Ca 2 km). Pakk i ryggsekk,
slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Snøen er vekke, så me går til fots frå kraftstasjonen til hytta.

MERK: Speidarane reiser patruljevis. Ein patrulje frå fredag til laurdag og ein frå laurdag til sundag.
Sjå oppmøtetid på lappane nedanfor.


Kommenter innlegget

Opptaking av speidarar

Det vert møte med opptaking av nye speidarar, tysdag 21. februar. I haust fekk me ikkje tatt opp noko, så det er mange som står for tur denne dagen.

Denne dagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal.

Me markerar også dei som har bytta enhet den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny enhetsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

 

Det vert bål, litt speidaraktivitetar, kaffipause og opptaking.

 

Tid: Tysdag 21. februar, kl 17.30 til 19.00. NB: Tidspunktet gjeld alle.

Stad: Sponavikjo

Pris: Sjal, merke og knute for dei som skal tas opp kostar 125 kroner. Ta med på

arrangementet!

Mat: Ta med litt kaffi + kaffimat og noko til å spidda på bålet.

Spørsmål: Ring Helga, tlf 53413179 eller 99 29 21 04.

 


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet. Roverar og leiarar.

Som mange sikkert er klar over, så er det planlagt dugnad på og rundt Naustet førstkomande helg. Planlagt at roverane og leiarane deltek.
Planlagte oppgåver er:
  • Rydding på loftet. Ta ut og brenna alt som ikkje kan / skal brukast. Støvsuging av loftet.
  • Saging av tre rundt Naustet, slik at det er mogeleg å komme til og skifte bordkledning
  • Rydding / klypping av buskas rundt vegen ned til Naustet
Det var også planen å gå i gang og grave grøft, for å få vekk alt vatnet som samlar seg mellom Naustet og vegen. Dette må utsetjast pga frost i bakken.

Ta med hekksaks eller ryddesaks til å klyppa ned småbuskar.
Arbeidshanskar er nok lurt.

Kle deg etter været.

Me byrjar dugnaden laurdag formiddag kl 10.00. Satsar på å vera ferdig med dugnaden ca kl 14. Avsluttar med eit felles måltid, for å feira eigen innsats etterpå. Ferdige ca kl 15.

Håpar mangen møter.
Ser spesielt fram til å sjå dåke som me ikkje har sett på ei stund.


Kommenter innlegget

Gode pengar frå førjulsdugnad

Dsc_0055

Fronta / Stord Eiendom hadde juleavslutning for sine tilsette med familiar siste sundagen før jul. Dei spurde om me kunne stilla opp med nokre telt og servera graut og gløgg i skogen ein stad bak Saneset. Denne jobben fekk me 10.000 kr for.

Stor takk til Ingrid, Margrethe, Hogne, Ole Jørgen, Knut Inge, Gaute og Helga.

Ikkje så verst flaks, forresten, at dette var einaste finvêrsdagen me har hatt i desember … Kuldegrader og litt snø på bakken sytte for julestemninga. Likevel la det seg eit tjukt lag iskrystallar på telta, så dei måtte tørkast i dagevis på Naustet etterpå.