1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Opptaking av speidarar

Det vert møte med opptaking av nye speidarar, tysdag 10. februar. I haust tok me ikkje opp nokon, så det er mange som står for tur denne dagen. Nye speidarar som byrja etter jul, vert tatt opp seinare.

Denne dagen inviterar me familiane til å vera med oss på opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal.

Me markerar også dei som har bytta enhet den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny enhetsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

Markeringa vert i heishuset på Litlabø.

Det vert litt speidaraktivitetar, kaffipause og opptaking.

Les meir


Kommenter innlegget

Friluftslivets år

Logo Friluftslivets år2015 er friluftslivets år. Tysdag 13. januar vert starten av friluftslivets år markert over heile landet.

På Stord vert det ei markering på Lundarstølen, der fleire lag og organisasjonar deltek. 1. Leirvik deltek også og flyttar speidarmøtet til Lundarstølen denne dagen.

Det vert fakkeltog frå Kraftstasjonen til Lundarstølen. Vel framme på Lundarstølen er det fyr i bålpanner, litt aktivitetar og servering av lapskaus. Stord – Fitjar Turlag stiller med faklar.

Me ynskjer små og store speidarar, roverar samt familiemedlemmer velkommen. Ta med kjente, så vert det ei stor markering.

NB: Ikkje vanleg speidarmøte tysdag 13. januar.

Les meir


Kommenter innlegget

Julebord

Minnar om at det vert julebord/juleavslutning for roverar og leiarar førstkommande fredag (5 des.)
Vert som vanleg frammøte i finstasen. På menyen står pinnekjøtt og dessert.
Endring i år er at julabordet vert lokalt og avslutta på kvelden / natta. Laurdag reiser me saman med speidarane på julatur til Karmøy.
Håpar det er mange som har mulighet til å møta fram denne dagen, så får me ei god stund saman.
For å få oversikt over kor mange som skal ha mat, treng Øystein tilbakemelding om kven som kjem innan onsdag.
Me snakkast.


Kommenter innlegget

Hausttur i Landåsen

Det vert dagstur for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 1. november.

Turen vert i Landåsen. Her vert det diverse aktivitetar og litt matlaging. Ta med grillmat. Ta gjerne med noko til varm drikka (rett i koppen / te / toddy el). Varmt vatn fiksar me i skogen. Me vert ute heile tida. Ha på deg klær som passar til været! Ta gjerne med litt ekstra klær i sekken, dersom det vert kaldt.

Tid: Laurdag 1. november kl 11 – kl 15.

Stad: Landåsen

Frammøte: Inngangen til Landåsen, Vabakkjen kl 11

Avslutning: Inngangen til Landåsen, Vabakkjen kl 15

Pris: Gratis

Utstyr: Grillmat, drikka, og litt ekstra klær. Dei som har, kan ta med kompass og kniv.

Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Ingen, møt opp.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01, eller Øystein 90 09 26 17