1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Grautmøte med opptaking

Det er klart for vårt tradisjonelle grautmøte i Parken tysdag 26. november. Denne gongen vil me dessutan ha opptaking av nye speidarar.

Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni der speidarane avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Me markerer også dei som har bytta eining i det siste. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny einingsmarkering. Dette gjeld dei som har gått frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

Familiemedlemmer er velkomne til å vera med oss denne dagen. Spesielt kjekt om familiane til dei som skal takast opp kjem!

Som alltid på grautmøtet serverer me graut og saft, og leikar oss i Parken.

Tid: Tysdag 26. november til vanleg tid.
Småspeidarar kl. 17.30–18.45. Stifinnarar og vandrarar kl. 19.00–20.30.

Stad: Parken ved Sunnhordland museum.

Pris: Dei som skal takast opp må ta med 130 kr til sjal, merke og speidarknute.

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Fiskemøte Tømmervik

Fisk. (Foto: Marc Dalmulder.)

Fisk. (Foto: Marc Dalmulder.)

Tysdag 12. november vert det fiskemøte på Tømmervik.

Møt fram på gamle parkeringsplassen, Tømmervik.

Alle må ta med:

  • Fiskestong m/sluk
  • Redningsvest
  • Refleks
  • Lommelykt
  • Tom hermetikkboks (størrelse ca 1 liter / fiskebolleboks).

Du må sjølvsagt ha klede til å vera ute i.

Vanlege møtetider i følge kalender.

Speidarhelsing,
Leiarane


Kommenter innlegget

Hausttur i Parken

Det vert overnattingstur i parken for små og store speidarar, helga 25.-27. oktober.

Heile helga skal me overnatta i telt/lavvo og kosa oss. Det vert variert program og aktivitetar.

Vandrarane og stifinnarane er på tur frå fredag til sundag. Småspeidarane frå laurdag til sundag.

Tid:

Fredag 25. oktober til sundag 27. oktober (stifinnar/vandrar).
Laurdag 26. oktober til sundag 27. oktober (småspeidarar)

Stad:

Parken (Sunnhordland museum), Leirvik

Frammøte:

Møt i parken fredag kl 18.30 (stifinnar/vandrar)
Møt i parken laurdag kl 13.00 (småspeidar)

Avslutning:

I parken, sundag 27. oktober kl 15.00

Pris:

150 kroner. Dette dekkar all mat og utstyr som trengs for turen.

Utstyr:

Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, varm genser, hua, hanskar, kniv, lommelykt, bestikk (kniv, gaffel, skei), tallerk, kopp.

Mat:

Dette kjøper leiarane inn felles

Påmelding:

Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 23. oktober.
Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål:

Ring Helga eller Øystein


Kommenter innlegget

Bilete frå blåturen

Vandrarane blei sende på blåtur i helga. Først på sykkel, men det var berre lureri. Deretter i båt, men det var berre til forvirring, det òg. Så møtte Gaute, Hogne og Vebjørn vandrarane med bil og køyrde til Bergen. Der var det klart for ei lita byvandring på eiga hand. Første posten var den blå steinen, der oppgåva var å ta bilete av patruljen med mobilen og senda tilbake for å få neste post. Les meir


Kommenter innlegget

Blåtur

Er du klar for årets kulaste tur? Då er det berre til å melda seg på blåtur! Kor turen går og kva programet består av, er det berre nokre få utvalde som veit. Me reiser plasser der me ikkje har vært før og programet vert spesielt. Noko som er heilt sikkert, er at denne turen må du ikkje gå glipp av.

 

Denne turen er for vandrarane i 1. Leirvik

 

Tid: Fredag 18. oktober til sundag 20. oktober.

Stad: Ja, det er det ikkje mange som veit!

Frammøte: Ved speidarnaustet, fredag kl 16.30. Møt med sykkel.

Avslutning: Eldøyane sjøsportsenter (båthavna) sundag kl 14.00

Transport: Det ordnare seg….

Pris: 150 kroner. Dette dekkar mat og alt opplegg som skjer i løpet av helga.

Utstyr: Det er viktig at du har med alt på lista

Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, støvlar, pass, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, 2 vedkubber, tom hermetikkboks (fiskebollestørrelse) hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk.

Mat: Dette ordnar leiarane med. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 16. oktober. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein


Éin kommentar

Tur til Åreiddalen

Til helga vert det tur til Åreiddalen på Bømlo. Her vert det ei overnatting i lavvo, kanopadling og ellers eit variert program.

  • Småspeidarane skal på tur laurdag til sundag.
  • Stifinnarane skal på tur fredag til sundag.
  • Vandrarane går fredag på haik over Siggjo, overnattar der, og er med oss andre i Åreiddalen laurdag til sundag.

Hugs påmelding til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 18. september. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Sjå vedlagde lappar for småspeidar, stifinnar og vandrar:


Kommenter innlegget

Planleggingsmøte / kosetur for roverar / leiarar

Så er det nok ein gang oppstart for ny speidarsesong. Heldigvis møter dei gamle fram samstundes som det strøymer på med nye. I dag var det 17 småspeidarar og 21 stifinnarar/vandrarar som møtte. Då var det i alle fall 3 stifinnarar som var på leirskule.

For å få dette til å gå saman treng me ein god plan.

For å gjera noko kjekt saman tar me planleggingsmøtet på Spyssøy denne gangen. Me samlast ved Naustet førstkomande fredag (06.09.13) kl 18.00 og køyrer felles utover.

Fredag kveld planlegg me hausten og fordeler oppgåver mellom oss, samstundes som me lagar eit godt måltid mat og kosar oss.

Laurdag satsar me på å «herja» litt på sjøen. Eg tar med båten, tuben og nokre våtdraktar. Dersom nokon har eigne våtdraktar, vannski / wakeboard e.l. er det berre å ta det med seg. Dersom nokon har lyst til å fiska, så fiksar me det også.

Avslutning på laurdag rundt kl 13. Dette vert justert etter vær og ynskjer på laurdag.

Ta med deg utstyr for overnatting inne og klær til å vera litt ute. Mat kjøper me inn felles.

Håpar det er mange som kan møta. Håpar spesielt at dei som bur vekke, som me ser skjeldan har lyst til å vera med også. Dersom du ikkje kan delta heile tida, er det allikevel fint om du har tid til å stikka innom ei stund, så me kan treffast.

Ynskjer tilbakemelding om kven som vert med / ikkje vert med innan torsdag, slik at me veit kva me skal handla.

Midlar til denne turen får me frå Frifond, så turen vert gratis.

Speidarhelsing
Øystein