1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Rover/leiar: Dugnad for Fronta gruppen

I fjor stillte 1. Leirvik på dugnad under eit familiearrangement for Fronta gruppen. Det er me spurt om å gjera i år også, og har takka ja.

Arrangementet er no på sundag (16.des).
Me har ansvar for å setja opp telt til å ha maten i. Fyra i lavvo slik at folk kan varma seg. Setja fram mat, hjelpa med servering og opprydding.
1. Leirvik stiller også med nisse.

For å få til alt dette treng me hjelp frå roverar og leiarar. Håpar det er mangen som kan vera med og hjelpa til, sidan dette er ein dugnad me tjener godt på.

Alle som kan vera med gir tilbakemelding til Øystein så fort som mogeleg.

Frammøte i Grimsåsen (over Saneset / Ådlandsvatnet) sundag kl 11.00, slik at me får rigga til.
Arrangementet er frå kl 13 til ca kl 15. Etter dette er det riving av telt og opprydding.

Øystein


Kommenter innlegget

Julatur til Hiskjo

Det vert hyttetur til Hiskjo (Bømlo) for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik,
laurdag 8. – sundag 9. desember.

Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Pga manglande hyttekapasitet på Føyno, må me flytta turen til Hiskjo i år. Kjekt vert det uansett.

Her vert det sosiale aktivitetar, turar og juleverkstad.

Tid:  Laurdag 8. des til sundag 9. des.
Stad: Hiskjo skule, Bømlo. (Køyr til Svortland, ta av mot Meling i rundkøyring i sentrum,
fortset ca 15 km til Hiskjo)
Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, laurdag kl 12.00
Avslutning: På Hiskjo, sundag kl 15.00. Tilbake på Naustet ca kl 15.45.
Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.
Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv,
lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker
Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan torsdag 6.
desember. Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Hiskjo. Gi melding
om du kan køyra ved påmelding.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein.


Kommenter innlegget

Tur til Sævarbu

Det vert speidartur for alle små og store på Stordafjellet. Turen går til og rundt speidaranes eiga hytte, Sævarbu.

 

Småspeidarane skal overnatta inne i hytta.

 

Stifinnarar og vandrarar skal overnatta ute i gapahuk eller lavvo (det er ikkje plass til alle inne i hytta)

 

Tid: Laurdag 20. oktober til sundag 21. oktober.

Stad: Stordafjellet, Sævarbu.

Frammøte: På hytta, laurdag kl 11.00

Avslutning: På hytta, kl 15.00 sundag.

Pris: 150 kroner. Inkludera mat, overnatting og felles utstyr som me treng til turen.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag (stifinnar / vandrar), regnklede, støvlar,

varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hansker, kniv, lommelykt.

Mat: Dette ordnar leiarane.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Gaute, 99629244

innan torsdag 18. oktober.

Spørsmål: Ring Helga eller Gaute.


Kommenter innlegget

Dugnad til helga

Endeleg ser det ut til at været klarner opp, slik at det vert mogeleg å fortsetja dugnad på Naustet.
Slik det ser ut no, så vert det nydeleg vær til helga.

Det vert difor dugnad fredag ettermiddag kl 17 – 19.
Laurdag frå kl 10.00. Kor lenge me held på, er avhengig av kor langt me kjem.

Til helga satsar me på å:
  • gjera ferdig dei 2 siste borda på nordsida
  • beise grunningsbeis på nordsida
  • flytta stillas til sjøsida
  • riva bordkledning på sjøsida
  • bordkle sjøsida
  • skifta dør i vestveggen
  • beisa vestveggen
Som de ser er det mange oppgåver og mogeleg å fordela seg på fleire plassar. Har derfor plass til ein del personar på dugnaden, utan at me går i vegen for kvarandre.
Dei som har, kan ta med: hammar, kubein, beiskost (gjerne gamal og brukt sidan dette berre er grunnstrøk), kort stige til beising av nordveggen.

Håpar det er mange som kan møta!

Øystein


Kommenter innlegget

Dugnad på Naustet

No har me endeleg fått materialane me treng for å skifta kledning på Naustet.

Ein god gjeng møtte på særs kort varsel, tysdag 18. sept. og bar ned materialane.

Dugnaden vart fredag 21. og laurdag 22. sept.

Som bileta viser, så fekk me gjort eit godt stykke arbeid på disse 2 dagane.

Det vert meir dugnad for å få Naustet ferdig. Meir info kjem om dette.


Kommenter innlegget

Lappar om speidartur hausten 2012

Endeleg er det haust og tid for ei flott oppleving i Storafjellet.

Denne helga er det fleire forskjellige opplegg på gang i 1. Leirvik speidargruppe. Småspeidarane, stifinnarane og vandrarane skal på litt ulike turar, så pass på at du finn rett lapp.

Hugs påmelding innan torsdag!