1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Speidarfestival 15.-17. juni 2012

 

Dette vert årets avslutningstur før sommarferien!

Så er det tid for speidarfestival att. Dette er etter kvart blitt ein tradisjon i Ryvarden krets og vert arrangert annakvart år. Den er for alle små og store speidarar i kretsen. Forrige gang var me rundt eit par hundre deltakarar.

Tema i år er indianerleir. Eige skriv frå arrangøren er vedlagt.

Merk påmeldingsfrist 29. mai. Må ha den så tidleg, sidan kretsen skal ha bindande påmelding innan 1. juni.


Kommenter innlegget

Stifinnarar: Hike til fjells våren 2012

No er det tid for å ta opp noko som var ein tradisjon i 1. Leirvik i mange år. Hike til fjells om våren.
Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.

Her skal me gå til fjells og overnatta i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen
er slutt. Litt etter vær og vind kan planen endra seg undervegs. Utganspunktet er at me startar i
Vatnadalen, går langs Ravatnet mot Tysevatnet og Vaulane.

Dette er ein tur for speidarane våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass
undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå
speidarane.


Kommenter innlegget

Bilete frå kretskonkurransen i Sponavikjo

Både små og store hadde det kjekt på årets kretskonkurranse. Stifinnarane konkurrerte dag og natt og overnatta på grasbakken ved stranda. Småspeidarane hadde sin konkurranse på sundagen. Dessutan var 1. Leirvik teknisk arrangør saman med Meling og Folderøy, så roverar og leiarar jobba for fullt heile helga.

Småspeidarane gjorde det spesielt bra og sikra dobbeltsiger på heimebane. Dei to vandretroféa ulven og heksa bur difor på Naustet heilt til neste år!

Her er nokre av dei fine bileta Ingrid tok i Sponavikjo:

Anne Merete dokumenterte leirplassen i løpet av helga:


Kommenter innlegget

Småspeidartur til Sævarbu mars 2012

Då er det nok ein gang klart for småspeidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Denne gangen dreg me til
den nya speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet. Dette er den første overnattingsturen til denne hytta
for småspeidarane.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen, til der me skal overnatta (Ca 2 km). Pakk i ryggsekk,
slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Snøen er vekke, så me går til fots frå kraftstasjonen til hytta.

MERK: Speidarane reiser patruljevis. Ein patrulje frå fredag til laurdag og ein frå laurdag til sundag.
Sjå oppmøtetid på lappane nedanfor.