Her er nokre glade småspeidarar og stifinnarar med kunst frå fjøra på Tittelsnes ei vinterhelg i mars 2010.
Vintertur til Tittelsnes 2010
Gammalt speidarbilete i Sunnhordland
Ut på tur – aldri sur!Treng hjelp til å finna ut namna på speidarane på biletet!
Dette brevet kom til avisa for nokre dagar sidan:Til Bladet Sunnhordland.
1. Leirvik speidartropp var 90 år for ca 10 år siden? Er 100 års feiringa snart planlagt eller allerede feiret? Kan noen navngi alle på fotoet var det fint. Rolf Johannesen ytterst til høgre og undertegnede Magne Westerheim med mørk genser var aspirant den gang for over 60 år siden da fotoet ble tatt. Kjenner igjen de aller fleste, men noen er ute av minne. Har bodd utenfor Stordøya i 50 år. Det gleder meg også at langrennsporten har fått gode kår på Stord. Var med på Ølen og Etnerenna som 15-16 åring.
MVH. Magne A. Westerheim
Fotoet med brev stod på trykk måndag 1. februar 2010. Veka etter stod det svar:
1. Leirvik speidargruppe er høgst oppegåande. Pr. dags dato er dei over 40 stk. i alder 9–60+, både gutar og jenter. 100 år i februar 2013. Alle som har gode historier eller liknande kan ta kontakt på tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101.
Me manglar berre namn på nokre få: Bak frå høgre: Rolf Johannessen og i mørk genser Magne Westerheim. Framme frå høgre: Bjørn Berg, Arvid Vik, Harald Tellefsen, Gunnar Sævik, Tor Resser og Olav Sværen. 2. rekkje frå venstre: Ole Dahl, Jan Sørheim, Ove Gulliksen, Lars Åge Eldøy, Odd Laukhammer. Bak frå venstre: Ole Yttredal, Håkon Belsvik, Leif Georg, Åge Almås, Arne Aas Haugland, Martin Klingsheim og Einar Laukhammer.
Opptakingsfest
Me inviterer småspeidarar, stifinnarar, vandrarar, roverar til opptakingsfest tysdag 16. februar. Ta gjerne med sysken, foreldre og besteforeldre.
Stad:
Hovudgarderoben i KULTURHUSET
Tid:
16. februar 17.30–19.30
Ta med kaffi og noko å bita i. Me vil samla inn pengar til tenkedagsfondet.
Speidarhelsing,
leiarane i 1. Leirvik
Speidarfoto 1993–2004
Til den høgst uregelmessige serien «Det låg no på naustet og slang» har eg i dag funne eit litt nyare fotoalbum enn sist gong. Her er det bilete frå landsleiren på Eidskog i 1993, kretsleiren på Huglo i 1999, hausthaiken i 2004 og litt andre turar innimellom.
- Landsleir Eidskog 1993
- Landsleir 1993
- Lundarstølen
- Kretsleir Huglo 1999
- Kretsleir Huglo
- Våt hausthaik 2004
- Peff-kurs Skånevik 2004
Våren 2010, kalender til utskrift
Her er ein kalender de kan skriva ut. Skjer det endringar i løpet av våren, så oppdaterer me nettkalenderen, den som står til høgre på framsida.
Kart til naustet
Julatur
Også i år sluttar me av før jul med tradisjonell juletur
Turen går til Aker Stords hytter på Føyno.
Tid: Laurdag 5. desember til sundag 6. desember.
Stad: Føyno.
Frammøte: For å spara bompengar, så møter alle på parkeringsplassen før tunnellen på Digernes, laurdag klokka 14.00
Så går me samla over brua.
Slutt: Me avsluttar same stad, sundag klokka 15.00.
Pris: Turen vil kosta 100 kr. Dette dekkar mat, overnatting og felles utstyr.
Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken,
ekstra lubber, hua, vottar/hanskar, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp,
toalettsaker.
Påmelding: Til Helga tlf 53413179/99292101 eller Øystein tlf 90092617 innan bakemøtet.
Falkepatruljen 1956
I serien «det låg no på naustet og slang», presenterer me i dag falkepatruljens fotoalbum frå 1956.
Først ser me bilete frå ein patruljetur til Knutsanaustet i januar. Det kunne visst vera lite snø på Stord den gongen òg. I april vann falkepatruljen flaggpatruljekonkurransen for andre året på rad. Det var ein variert konkurranse, med løype både til Stua og Landåsvatnet.
Vidare er det bilete frå fleire patruljeturar og selskap heime hjå peffen. Til slutt reiser falkane til Voss på landsleir. Postkortet og dei nummererte bileta sist i albumet er nok ein slags minnepakke frå leiren. Artig å sjå korleis leirlivet var, men det er nok ingen av våre speidarar med på dei bileta.
This gallery contains 19 photos
Blåtur, Bergen
Vandrarane gjekk rebusløype i Bergen på fredag. Første post var den blå steinen. «Gå dit, ta bilete av dykk sjølve, og send MMS, så skal de få vita neste post.» Vidare gjekk turen til Murhvelvingen, den gamle brannstasjonen, Beffen (som ikkje låg der han brukar liggja om kveldane, så det vart eit uskarpt bilete av Bryggen i staden), og til slutt Fløyen. Der hadde leiarane i mellomtida slått opp lavvoo og fyrt bål på Fløysletten.
På laurdag bada me på Vannkanten badeland og åt pizza på Peppes før me reiste til ei hytte på Kvamskogen der me overnatta til sundag.






































