Bakemøte
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 4. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 5. desember kl 17-18.45
Julatur
Tida går fort, no er det tid for julatur igjen. På julaturen er det litt speidaroppgåver, me riggar til juleverkstad og på kvelden vert det julekoldtbord. Denne turen vektlegg me det sosiale. Me skal overnatta på det gamla skulehuset på Hiskjo, Bømlo.
Turen er felles for småspeidarar og speidarar.
Tid: Laurdag 7. til sundag 8. desember
Stad: Hiskjo, Bømlo (Hiskjo skule Lekvoll i Google maps)
Frammøte: Ved speidarnaustet, laurdag kl 11.
Avslutning: På Hisko, sundag kl 15, tilbake ved naustet ca kl 15:45
Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til / henta på Hiskjo. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / henta på Hiskjo / ikkje køyra.
Pris: 150 kr.
Utstyr: Sovepose, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.
Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.
Påmelding: Me er i gang å tester Spond. Søk på gruppekode ZPCPI i Spond Appen. Fint om alle gir beskjed om dei skal / ikkje skal.
Meld i tillegg på til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332 SMS (Så får me kvalitetsikra at alt fungerer denne første gangen).
Påmeldingsfrist: tysdag 3. desember
Helsing leiarane



Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Turen går i år til speidarhuset i Sæbøvik på Halsnøy. Der me var for to år sidan, for dei som hugsar det. Sidan me er såpass mange, har me delt turen slik at småspeidarane reiser frå fredag til laurdag, og dei store frå laurdag til sundag.