1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Minner om speidar og småspeidarmøtet på Sævarbu

Imorgon (tysdag 1. oktober) vert speidarmøtet på speidarhytto Sævarbu på fjellet. Målet er at nye små og store speidarar skal bli kjent med hytta, før me reiser på tur dit.

Me slår saman møtetidene å forlenga møta denne kvelden. ALLE møter kl 17.30 til 20.00.

Me fyrer i bålpanna og grillar denne dagen.

Ta med grillmat, drikka (bestikk, fat og kopp om du treng).

Mørket kjem nok lurande når me er på heimveg, så ta med lommelykt eller hovudlykt.

Alle foreldre og søsken som har lyst til å væra med, er velkommen denne kvelden.

Det er begrensa med parkering nær hytta, så ein må nytta parkeringsplassen på Heio. Sjå kart under. Det er ca 15 min å gå nedover vegen. I tillegg 10 min å gå frå vegen, over myra og bort til hytta. Myra er blaut og våt, ta på gode sko som er høgare enn joggesko (elles så går vatnet over har me erfart).


Kommenter innlegget

17. Mai feiring

Då nærmer 17. mai seg, og 1. Leirvik er klar til å stille ved Hauglandsparken, like ved kaien kl 07.45 i full speidarstas, speidarskjorte og sjal! Ta kontakt om du ikkje har, så kan me prøve å fikse noko.

Merk at det er endring i 17. Mai programmet dei siste åra.

Markeringa på kaien er flytta frå kl 07:00 til kl 08:00. Dette er det viktig å merka seg.

Me leiarane gler oss til å ta med speidarane våre, både gamle og nye, på denne markeringa!

Me har litt knapt med flaggbærarar, ynskjer  derfor at så mange som mogleg stiller, slik at me får til eit skikkeleg fint 17. Mai tog, med speidarar og flagg i front!

Toget går frå Haugalandsparken/Nordre kaisving, etter ein litan sermoni. Vidare går det via Osen, gjennom Borggate og fortset vegen opp til sjukehuset. Der skal korpset og mannskoret, som før, spela og syngja. Så er morgontoget over for i år .

Ferdig ved sjukehuset ca 08:45. Alle må hentast der

 

Spørsmål:               Ring/SMS til Kristoffer S. (95522332)

 

 

 


Kommenter innlegget

St. Georgsdagsfeiring

St. Georg er speidaranes skytshelgen. Speidarar over heile verda markera kvart år St. Georsdagen, som er 23. april. Dagen vert markert, for å minna oss om at me skal kjempa for ein betre verden.

På St. Georsdagen fornyar speidarane også speidarløftet ein gav, då ein vart teken opp som speidar.

Me i 1. Leirvik skal markera dagen, saman med speidargrupper på Bømlo. Me samlar oss på Nautøyo. Den har fleire fine områder me kan nytta, litt avhengig av kva vær det er.

Dei av foreldre/familie som har lyst til å vera med denne kvelden, er hjarteleg velkomne. Det vert ei samlingstund med litt historiefortellingar, presten på Bømlo vil sei nokre ord, grilling, matstund og høve til å prata med andre.

Me tek med grillmat/saft til speidarane. Vaksne/familie tar med mat/drikka sjølv, då det er vanskeleg å berekna kor mange som kjem.

Tid: Tysdag 23. april

Stad: Nautøy. Parkering/samling : ta til høgre rett før Bømlabrua

Frammøte: Kl 18:00 på parkeringa. Avslutning ca kl 20:00

Pris: Gratis

Mat: Dette tar leiarane med til speidarane. Vaksne/familie tar med sjølv

Påmelding: Ingen

Spørsmål: Kontakt Øystein 90092617


Kommenter innlegget

Avslutningsmøte og opptaking for alle

I år var me så heldige å få patrulje Vaskebjørn heilt til NM, men uheldigvis så krasjer den planlagte avsluttningsturen i kalenderen vår med NM arrangementet som skal finne sted i Levanger. Derfor, for å få alle speidarar og leiarar med på eit avslutningsarrangement, så det blir istadanfor eit avslutningsmøte for alle saman tysdag 6. juni!

Det skal bli kos, lek og grilling. Og me har nokre få speidarar som ennå ikkje er tatt opp, så dette skal me fikse. Så me inviterer derfor alle saman; speidarar store og små, roverar, leiarar og føresett til å bli med på det siste speidarmøtet før sommarferien!

NB: Speidarane som skal være med på kretsleir, har eit ‘speidarmøte’ med førebuing av leirutstyr tysdag 20. juni.

 

Stad:                         Speidarnaustet

 

Tid:                           Tysdag 6. juni kl 17.30-20.00

 

Utstyr:                      Klede til å være ute i, eigen drikke og grillmat, eit sitteunderlag kan være lurt, speidarar som har skjorte kan gjerne ha den på.

Pris:                          Gratis

 

Mat:                           Ta med eigen grillmat og drikke

 

Spørsmål:               Ta kontakt med Kristoffer Spissøy.


Kommenter innlegget

Speideraksjonen 2023

Me håpar alle har hatt ein flott påskeferie, og at dykk er klare til eit speidarmøte litt utenom det vanlege imorgon. Imorgon skal me i 1. Leirvik gjennomføre speidaraksjonen ved å gå rundt med bøsser. Då skal små og store speidarar ha speidarmøte samstundes til litt andre tider enn vanleg, og me avsluttar sjølvsagt med litt kos og noko godt med dei som deltek!

Så sei ifrå til føresatte, søsken, tantar, onklar, besteforeldre og naboar, me anbefaler å legge av nokre kontantar! Samle inn tomflasker til panting, sel noko du ikkje treng lenger, gjer litt ekstra husarbeid for slekta, alt hjelper!

Les gjerne meir om speidaraksjonen her: https://speiding.no/aksjon

Tid: Tysdag 11. April kl 17.15-20.00
Stad: Møt ved speidarnaustet

Utstyr Speidardrakt for dei som har (skjorte og sjal), og klede etter vêret då me skal være mykje ute.

Avmelding Gi gjerne ein lyd til Kristoffer om du veit at du ikkje kjem.

Spørsmål Tlf/SMS til Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Påskemøte – Minigolf

Tradisjonen tro så holder me eit påskemøte på minigolfbanen siste speidarmøtet før påskeferien🐣

Men i år så var minigolfbanen allereie reservert på tysdagen, og me tenkte at det kanskje blei litt seint å ha speidarmøte til kl 22.. Så då blir det påskemøte på onsdagen istadanfor.

Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.


Kommenter innlegget

Kretsleir 2023!

Stifinnarar og vandrarar: Til sommaren er det igjen klart for kretsleir. Kretsleir vert arrangert kvart fjerde år, og denne gongen går leiren «Jakten» til  Sauda. Me skal reise på leir saman med Hordaland, Ryvarden og Sogn og fjordane krets.

På ein kretsleir skjer det mykje gøy! Det er kjekke aktivitetar kvar dag, i tillegg til mykje fritid der du kan bli kjend med nye speidarar. Patruljane skal gå på haik, dei skal lage sin eigen mat, det blir leirbål og det blir mange kjekke stunder saman med gamle og nye vener. Og me skal sjølvsagt ligge i telt heile veka, forhåpentlegvis flott vêr heile veka..

 

Tid:                           24. Juni – 1. Juli

 

Stad                           Rogaland Fylke, Sauda. Leirområdet på nesten 44mål, er nesten dobbelt så stort som førre kretsleir

 

Transport               Transport til og frå leiren er enda ikkje bestemt. Om nokre føresette har gode tips/anbefalingar om transport, så ta gjerne kontakt.

 

Pris 2200kr for speidarar og roverar. Dekker alt av aktivitetar og mat.

  • Eigne prisar gjeld for leiarar, maur og stab.
  • 1. Leirvik har søkt stønad slik at me kan redusere prisen noko. Me forventar svar på stønaden tidleg i april.

 

Utstyr                      Meir detaljer som pakkeliste kjem seinare når leiren nærmar seg.

 

Påmelding              Skriftleg på sms/papir til Kristoffer Spissøy (95522332). Påmelding vert bindande frå og med 23. april, og siste frist for påmelding 30. april.

 

Spørsmål Dersom du har spørsmål om leiren, så ta gjerne kontakt med Kristoffer Spissøy (95522332), eller ein av dei andre leiarane i 1. Leirvik (https://leirvikspeidar.com/kontakt/). Det vert også lagt ut informasjon på leiren si heimeside: (https://www.kretsleir.no/)


Kommenter innlegget

Helgetur

Til helga så tenker me å ta oss ein flott tur opp på fjellene. Turen er for små og store laurdag til søndag, men stifinnarane og vandrarane kan få ta seg ein patruljetur fredag til laurdag før leiarane og småspeidarane kjem. Småspeidarane skal blant annet få arbeide med bålmerket sitt som dei har starta med tidlegare.

 

Tid:                           Laurdag 18. Mars – Søndag 19. Mars

 

Stad                          Sævarbu

 

Frammøte              Kraftstasjonen ved Lundarstølen laurdag kl 12.00

 

Avslutning             Kraftstasjonen, søndag kl 15.30

 

Pris                           150kr. Betal gjerne ved oppmøte, kontant/vipps.

 

Utstyr                       Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua

 

Mat                           Leiarane ordnar med mat, men litt godt er lov.

 

Påmelding              Innan torsdag til Kristoffer Spissøy (95522332)

 

Spørsmål Ta kontakt med Kristoffer Spissøy på sms/tlf.


Kommenter innlegget

Foreldremøte – 1. Leirvik speidargruppe

Me i 1. Leirvik speidargruppe ynskjer foreldre til både nye og gamle speidarar velkommen til eit kort og enkelt foreldremøte måndag 23. Jan kl 19.00.

Me vil snakke litt om diverse ting, t.d. klede, utstyr, speidarmøtene, turar og leirar. Og sjølvsagt kan dykk kome med eventuelle spørsmål dykk kanskje har.

Foreldre til småspeidarar, stifinnarar, vandrarar og roverar er velkomne!

– Speidarhilsen Kristoffer Spissøy.

Tlf: 95522332