1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Pakkemøte og informasjon om sommarleiren

Som nokre av dykk kanskje har sett i kalenderen så er det imorgon satt opp eit pakkemøte kl 19. Dette gjeld i hovudsak stifinnarane og vandrarane som var med på kretskonkurransen, då får me sjekka at alt utstyr er både reint og tørt før lagring over sommarferien. Me har nemlig vært litt uheldige med framleis skitne kjøkkenredskaper som vart satt til langtidslagring tidlegare, noko me gjerne vil unngå!

Det blir også gitt ut meir informasjon angåande leiren i sommar, så me oppfordrar alle speidarane som er med på den å kome imorgon. Pakkemøtet varer ikkje lenger enn eit ordinært speidarmøte, og er kanskje tidleg ferdig om me er effektive.


Kommenter innlegget

Oppmøte til kretskonkurransen

Til alle speidarane våre som er med i kretskonkurransen. Konkurransen starter med første oppgåve kl 17 nede ved naustet, det er derfor lurt å stille minst 30minuttet tidlegare (kl 16.30). Då får dykk litt tid til å forberede dykk og finne fram utstyr 😉

Og lykke til frå leiarane!!😁


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurranse 2021 for stifinnarar og vandrarar

Då er det på tide med årets ‘’litt utanom det vanlege’’  kretskonkurranse! I år, for å ivareta smittevern, så skal første del av kretskonkurransen arrangerast lokalt hos speidargruppa. Og det blir nok kjekt og spennande med konkurranseoppgåvene me skal gjennomføre. Som vanleg blir det 4 patruljer frå kretsen som kvalifiserer seg til NM, desse finalistane skal møte på Lier på søndagen for eige opplegg. Håper dykk vil delta.

Tid:            Fredag-laurdag 11. juni – 12. juni. Superfinale til NM 13. Juni.

Stad:         Lokalt hos speidargruppa. Superfinale til NM er på Lier.

Frammøte: Speidarnaustet kl 18.00      

Avslutting: Laurdag ved speidarnaustet.

Pris:           Gratis

Utstyr:       Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, speidarskjorte, speidarsjal, fjellsko, vottar, hua

Mat:            Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding:        Innan torsdag 27. Mai til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål: Ring/SMS til Erik (41529658) eller Kristoffer (95522332)


Kommenter innlegget

Avsluttingstur til Lier

Då har det blitt sommar, og det er på tide med Avslutning på dette halvåret for store og små. Denne turen skal vera på Lier, Førde. Det blir mellom anna kajakk, bading og god mat på bål.
Grunna me skal vere ute heile dagen, er det viktig å ha på rette klede. Kle deg etter vêret.

Småspeidarar:

Tid:               Fredag 4.- lørdag 5. juni

Stad:             Lier, Førde

Frammøte: Fredag 17:00 på naustet. Me treng nokre bilar til å køyre, fint om nokon kan melde seg frivillig og gi beskjed om dette.

Avslutning: Lørdag 15:00 på Lier, Førde. Lurt med samkøyring så sparer me både plass og miljøet 

Pris:              100kr 

Utstyr:          Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua, badeklede og handkle om du vil.

Mat:               Leiarane ordnar dette, men du kan ta med lit snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding: Innan onsdag 2.juni til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål:   Ring Erik (41529658)

Stifinnar & Vandrar:

Tid:               Fredag 4.- sundag 6. juni

Stad:             Lier, Førde

Frammøte: Fredag 17:00 på naustet. Me treng nokre bilar til å køyre, fint om nokon kan melde seg frivillig og gi beskjed om dette.

Avslutning: Sundag 15:00 på Lier, Førde. Lurt med samkøyring så sparer me både plass og miljøet 

Pris:              200kr 

Utstyr:          Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua, badeklede og handkle om du vil.

Mat:               Leiarane ordnar dette, men du kan ta med lit snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding: Innan onsdag 2.juni til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål:   Ring Erik (41529658)


Kommenter innlegget

Tur til Åreiddalen

Det er tid for tur etter ein lang pause grunna korona, og denne gongen går turen til Bømlo. Det nærmar seg sommar, sola kjem fram og det blir varmare og finare vêr, men ein speidar er alltid budd på alle typar vêr likevel! Me skal gjere mykje nye og kjekke aktivitetar, og håpar alle vil vere med.

NB! Dersom nokon manglar utstyr, er det mogleg å låne det gratis via Bua. https://stord.frivilligsentral.no/hendelse?bua-utlånsentral&Id=212280&nbsp

Småspeidarar:

Tid:                           Fredag 7.- lørdag 8. mai

Stad                          Åreiddalen på Bømlo

Frammøte               Fredag 17:00 på naustet. Me treng nokre bilar til å køyre, fint om nokon kan melde seg frivillig og gi beskjed om dette.

Avslutning              Lørdag 15:00 i Åreiddalen. Lurt med samkøyring så sparer me både plass og miljøet 😊

Pris                         100kr

Utstyr                        Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua, fiskeutstyr(dersom du vil fiske), badeklede og handkle om du vil.

Mat                            Leiarane ordnar dette, men du kan ta med lit snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding             Innan onsdag 5. mai til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål                Ring Erik (41529658)

Stifinnarar og Vandrarar:

Tid:                           Fredag 7.- sundag 9. mai

Stad                          Åreiddalen på Bømlo

Frammøte               Fredag 17:00 på naustet. Me treng nokre bilar til å køyre, fint om nokon kan melde seg frivillig og gi beskjed om dette.

Avslutning              Søndag 15:00 i Åreiddalen. Lurt med samkøyring så sparer me både plass og miljøet 😊

Pris                           200kr

Utstyr                        Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua, fiskeutstyr(dersom du vil fiske), badeklede og handkle om du vil.

Mat                            Leiarane ordnar dette, men du kan ta med lit snop/chips om du vil, og 0,5L brus.

Påmelding             Innan onsdag 5. mai til Erik, tlf. 41529658

Spørsmål                Ring Erik (41529658)


Kommenter innlegget

Oppstart!

På tysdag 20. April startar speidaren opp igjen, og me ser fram til å sjå dykk igjen!😊

Småspeidarane må kle seg godt siden me skal kose oss ute! ☀️ Ta gjerne med ein kniv om du har (og ein vassflaske om du trur du blir tørst😉).

Stifinnarar og vandrarar bør bruke klede som tåler litt skit og sagflis, gjerne noko ein ikkje er veldig redd for.

Med tanke på smittevern så ber me speidarar som er forkjølte eller sjuke om å halde seg heim, og god betring😷


Kommenter innlegget

TUR TIL HYTTA PÅ SÆVARBU 12.-14. FEBRUAR FOR STORE OG SMÅ

Den fyste turen i år går til speidarhytta, det blir kjekt å komme seg på tur igjen. Det ligg mykje snø på fjellet så da blir aking og skiturar. Det blir fort mørkt og glatt på fjellet så det er viktig at alle har med gode klede og lommelykt. Me skal gå på ski opp til hytta, så ta med om du har!

Småspeidarar:

Tid: Laurdag til sundag

Frammøte: Kraftstasjonen kl 12

Stad: Sævarbu/ lunderstølen

Avslutning: Kraftstasjonen 15

Pris: 100kr.

Utstyr: God og varm sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, vinterbuksa, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals), klede til å være inne, vintersko (ikkje støvlar!), ski, speidarskjorte, skjerf, litt brus og godteri om du vil. Eit rumpeakebrett om du vill.

Påmelding: ring/SMS innan torsdag 11.02 til Erik, tlf. 41529658 (hugs fullt namn)

Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)

Stifinnarar og Vandrarar:

Tid: fredag til laurdag/sundag

Frammøte: Kraftstasjonen kl 17.00

Stad: Sævarbu/ lunderstølen

Avslutning: Kraftstasjonen kl 15.00

Pris: 200kr.

Utstyr: Sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute og inne, ski,  speidarskjorte, skjerf, litt brus og godteri om du vil.

Påmelding: Ring/SMS innan torsdag 11.02 til Erik, tlf. 41529658 (Hugs fullt namn)

Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)


Kommenter innlegget

Grautmøte og desmber

Som nokon av dykk kanskje har sett på kalenderen så er det grautmøte tysdag 24. November. Då skal alle speidarane møte saman i parken, der skal me kosa oss med god mat og drikke😋, og ikkje minst nokre kjekke aktivitetar😁. Me skal ha det kjekt ute, så då gjeld det å være godt kledd etter vêret, hovudlykt, refleks og kniv som vanleg 😉 Møtetida for småspeidarar, stifinnarar og vandrarar er kl 17.30 – 19.30.

Grunna situasjonen rundt Korona så er dette grautmøtet berre for speidarane, og ikkje for foreldre som me pleier å gjere til opptaksseremonien for nye og eldre speidarar. Me flytter derfor opptaksseremonien til ein seinare anledning då foreldra kan være med.

Når det gjeld bakemøta og juleturen i desember, så må me sjå desse ann ettersom det kjem nye retningslinjer i desember. Me kjem med ein oppdatering så snart me veit noko meir om dette!