Tag Archives: tur
Avslutningstur sommaren 2011
Det vert avslutningstur for alle i 1. Leirvik speidargruppe helga 10. – 12. juni. Då dreg me til Narravikjo, like ved Notlandsvågen på Moster. Dette er eit av dei mange friluftsområda som er på Bømlo.
Dette er ein telttur der me skal kosa oss og læra om leirliv. På sundagen tar me opp nye speidarar som ikkje er tatt opp tilegare. Dette er ei litt høgtideleg markering der dei avlegg speidarløftet og mottar speidarsjal og knute. Håpar foreldra til dei som skal tas opp, er med oss på denne markeringa. De er velkomne sundag kl 14. Tid:- Fredag 10. til sundag 12. juni.
Stad:
- Narravikjo, Bømlo. Køyr mot Moster, ta andre avkøyring mot Notlandsvågen (tar du første er det vanskeleg å finna fram), fortsett ca 1 km til du får eit buss-skur på høgre hand. Ta første veg til venstre.
Frammøte:
- På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl 18.00
Avslutning:
- Henting på Narravikjo 15.00. Tilbake ved Naustet ca 15.30.
Pris:
- 150 kroner. Dette dekkar all mat og aktivitetar på turen.
Utstyr:
- Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker.
Mat:
- Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding:
- Denne gangen er det kort frist. Må ha tilbakemelding til Helga (99292101) innan onsdag 8. juni. Fint om du gir beskjed om du kan / ikkje kan.
- Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Narravikjo. Gi melding om du kan køyra ved påmelding.
Spørsmål:
- Ring Helga.
Tur til Hiskjo
Det vert hyttetur til Hiskjo (Bømlo) for småspeidarane og stifinnarane i 1. Leirvik, laurdag 19. – sundag 20. februar.
På sundagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på lunsj og opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Sjølv om ein ikkje kan vera med heile helga, håpar me at så mange som mogeleg kan vera med oss pålunsj og opptaking på sundag. Hugs påmelding på lapp innan neste speidarmøte tysdag 15. feb eller, til Helga på tlf 53413179 / 99292101 innan tysdag 15. feb.
Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring ut til Hiskjo laurdag. Gi melding om du kan køyra ved påmelding.
Juletur til Føyno 4.–5. desember 2010
Me avsluttar året med juletur til Aker-hyttene på Føyno.
Oppmøte: Laurdag kl. 12:00 på rasteplassen på Digernes. Me går over brua, så kle godt på deg.
Henting: Sundag kl. 15:00 på Digernes.
Ta med: Sovepose, varme klede, lommelykt.
Pris: Turen kostar 100 kr.
Påmelding: Innan torsdag til Helga (99292101/53413179) eller Gaute (99629244).
Bilete frå Vatnadalen 2010
Ein knalltøff gjeng småspeidarar og stifinnarar overnatta i Vatnadalen 23.–24. oktober. Det vart reine vinterturen, med snø på bakken og kuldegrader til langt utpå morgonen.
Blåtur for vandrarane
No er det klart for haustens storhending, blåtur! Det vert kjempekjekt for alle. Denne turen vil du ikkje gå glipp av. Meir vil me ikkje fortelja.
Tid:
Fredag 29. oktober – Sundag 31. oktober
Stad: Mange veit like lite som i fjor … Nokon få veit meir!
Frammøte: Jektevik ferjekai fredag kl 17.40
Avslutning:
På speidarnaustet sundag ca kl 15.00
Pris: 300 kroner. Dette dekkar all mat, reise, overnatting +++.
Utstyr: Det er viktig at ALLE har med ALT som står på utstyrslista. Hugs: du veit ikkje kva du får bruk for
Sovepose, liggeunderlag (gjerne av silke), regnklede, støvlar/fjellsko, badeshorts, grilldress, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, handduk, lommelykt, bestikk, hårstrikk, tallerk, kopp, toalettsaker, drikkeflaske, mobiltelefon.
Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt lommepengar (maks 100), dersom du har lyst. Har du med snop, må du dela.
Påmelding:
Til Helga på tlf 53413179/99292101, eller Gaute 99629244 innan onsdag 27.
DET ER VIKTIG AT ALLE MELDER SEG PÅ INNAN FRISTEN; SIDAN DET ER EIN DEL SOM SKAL KOORDINERAST MED DENNE TUREN
Spørsmål:
Ring Helga eller Gaute.
Tur til Vatnadalen for småspeidarar og stifinnarar 23.—24. oktober 2010
Oppmøte: Vatnadalen, laurdag 23. oktober kl. 13.00. Det går an å køyra heilt inn til leirplassen, som ligg eit lite stykke innover skogsvegen. Me skal overnatta i telt.
Avslutning: Me sluttar av på same staden sundag kl. 14.00.
Ta med: Regnklede, varme klede, hue, skjerf, vottar, ekstra lubber, tørt og varmt skift, støvlar eller fjellsko, kopp, tallerk, bestikk, lommelykt, kniv, sovepose og liggeunderlag
Mat: Leiarane ordnar mat for heile helga. Ta med litt snop om du har lyst.
Pris: Turen kostar 100 kr.
Påmelding til Helga innan torsdag: 53 41 31 79 eller 992 92 101
Hausttur for småspeidarar og stifinnarar
Småspeidarane og stifinnarane reiser på tur til Lundarstølen laurdag 18. til sundag 19. september 2010. Hugs påmelding innan torsdag!
Fridykking og bogeskyting på rover-/leiartur
Åtte roverar og leiarar reiste på tur til Håøya friluftsområde i Nordhordland helga 10.–12. september 2010. Der fekk me prøva oss på fridykking og bogeskyting under rettleiing av Børje Møster frå Frivannsliv. Utfordrande og moro!
Bilete frå festivalleiren 2010
Avslutningsturen vår i år gjekk til Lier på festivalleiren til Ryvarden første helga i juni. Denne gongen hadde festivalen vikingtema, og i opptoget på laurdagen vart 1. Leirvik kåra til beste vikinggruppe! Me fekk til og med premie — eit kjekt kokeapparat.
Opptog i velourvikingkostyme (!):
- Klare til vikingtokt.
- Klar til tokt.
- Infokampanjen.
- Lukkelege.
- Pynta til fest.
- Eeehh … javel.
- Farleg.
- På tokt.
- På tokt 2.
- På tokt 3.
- Toktet enda dårleg.
Handbak, putekrig og andre typiske vikingaktivitetar:
- Energikamp.
- Putekrig.
- Putekrig.
- Putekrig.
- Stokkekamp.
- Bogeskyting.
- Trilla ball i bøtta. Godt samarbeid!
Glimt frå leirlivet:
(Foto: Øystein og Anne Merete)














































































