1. Leirvik speidargruppe

Kommenter innlegget

Foreldremøte, Informasjon om NM i speiding

Oter og Lama-patruljane gjorde ein kjempeinnsats under kretsbannerkonkurransen og vann kvar si gruppanm2014, stifinnar og vandrar. Dette er me svært stolte av. Nok ein gang, gratulera så mykje.

Resultatene førte også til at dei er kvalifisert til å delta i NM i speiding. Dette vert i år arrangert på Midtsandtangen leirstad, like ved Trondheim 13.-15. juni. Her skal Norges beste speidarpatrulje kårast, ved å utfordra i varierte øvingar.

I tillegg til konkurransen er det også tid til sosialt opplegg, leirbål og kos.

Me ynskjer å treffa foreldra og dei kvalifiserte speidarane for å informera / diskutera arrangement, transport samt kostnader knytta til deltakinga. Møtet vert på speidarnaustet, tysdag 13. mai kl 19.30.

Det må avklarast relativt snart kven som skal vera med, slik at me får bestilt billettar.

Du kan finna meir informasjon om NM i speiding på: www.nmispeiding.no

Kommenter innlegget

Vårens hike

På nytt er det tid for hike når Stord er på sitt nydelegaste. Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.

I år tar me turen frå Sæterbø, inn til Sørlivatno, over til Tysebotn eller opp Sørlio, før turen går vidare langs Tysevatnet og endar på speidarhytta Sævarbu. Overnatting vert det i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen er slutt. Litt etter vær og vind endrar planen seg undervegs.

Dette er ein tur for speidarane (stifinnar og vandrar) våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå speidarane.

Tid: Fredag 9. mai til sundag 11. mai.

Stad: Stordafjellet

Frammøte: På Sæterbø fredag kl 17.00 (ta av til høgre tvers overfor avkøring til Koløyholmen, RV 545 på vestsida av Stord)

Avslutning: Kl 15.00 sundag, Kraftstasjonen på Lundarstølen

Pris: 100 kroner.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar/gode fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hansker, kniv, lommelykt, kniv/gaffel/skei, kopp og tallerk.

Mat: Ta med niste til heile laurdag. Leiarane ordnar varmt måltid fredag kveld + laurdag kveld og heile sundag.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein 90092617 i løpet av onsdag 7. mai

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein.

Kommenter innlegget

Sterk innsats i kretskonkurransen

Då er kretskonkurransen 2014 over. Oppgåvene laurdag og sundag sette speidarane på mange slags prøvar. Mellom anna måtte dei konstruera ein stol, spleisa tau og framføra påskebodskapen som skodespel.

Småspeidarane deltok med to patruljar som gjekk ei rundløype på sundag.

Andreplass for stifinnarar, kretskonkurransen 2014.

Rev tok andreplassen for stifinnarar, kretskonkurransen 2014.

Førsteplass i kretskonkurransen for stifinnarar 2014.

Lama tok førsteplassen i kretskonkurransen for stifinnarar 2014. Sterkt gjort, for to av lamaane låg sjuke heime.

Vinnarar av kretskonkurransen 2014.

Oter vann kretskonkurransen for vandrarar 2014. Dei var fem, men to måtte reisa heim litt tidlegare.

Oter og Lama får delta i NM i juni.

Kommenter innlegget

Familiedag / dagstur til Sævarbu

Me invitera alle speidarar med familie på speidartur til Sævarbu. Denne laurdagen håpar me mange vil vera med oss og sjå litt av det me driv med. Det vert aktivitetar for store og små rundt hytta vår på Stordafjellet. Etter vel utført økt vert det bålkos med mat, kaffi og saft før me går heimatt.

Tid:

Laurdag 15. mars kl 12-16

Frammøte:

Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 12.00

Me går i samla flokk frå kraftstasjonen til Sævarbu. Turen er ca 1,6 km, så det går greitt å gå, sjølv for små søsken og spreke besteforeldre!

Avslutning:

Ved kraftstasjonen ca kl 16.

Pris:

Denne turen kostar ikkje noko. Gruppa dekkar mat og drikka.

Utstyr:

Gode turklær som høver til været, slik at du kan vera ute nokre timar.

Påmelding:

Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17, innan torsdag 13.mars. Me treng tilbakemelding om kven som skal vera med, slik at me kan kjøpa inn mat og drikka til alle. Gi melding om antall barn / vaksne.

Håpar det er mange som vil vera med oss denne laurdagen.

Helsing leiarane

Kommenter innlegget

Tur for stifinnarar og vandrarar

Sævarbu vinteren 2012Då er det nok ein gang klart for tur til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen, til der me skal overnatta (Ca 2 km). Pakk i ryggsekk, slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Med det skiftande været som er for tida, er det ikkje godt å seie om me skal gå til fots eller på ski. Forbered deg etter været!

MERK: Speidarane reiser puljevis. Nokon frå fredag til laurdag og nokon frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå fredag til laurdag.

Tid: Fredag 7. februar til laurdag 8. februar.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio)
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, fredag, kl 18.00
Avslutning: Samme stad som frammøte, laurdag kl 15.00.
Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, ski (dersom skiføre).
Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til frukost og lunsj laurdag (alle må bidra og bære litt). Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17, innan tysdag 4. februar. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga.

Kommenter innlegget

Tur for småspeidarane

Sævarbu vinteren 2012Då er det nok ein gang klart for tur til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen, til der me skal overnatta (Ca 2 km). Pakk i ryggsekk, slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Med det skiftande været som er for tida, er det ikkje godt å seie om me skal gå til fots eller på ski. Forbered deg etter været!

MERK: Speidarane reiser puljevis. Nokon frå fredag til laurdag og nokon frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå laurdag til sundag.

Tid: Laurdag 8. februar til sundag 9. februar.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio)
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 15.00
Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag kl 15.00.