1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Hausttur til Litlabø 2011

Då er det nok ein gang klart for speidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Turen er for alle små og store i gruppa vår (men det vert litt forskjellig program for små og store). Denne gangen dreg me til eit område me aldri har vært på tur tidlegare, så det vert spanande.

Påmelding til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein 90092617 innan torsdag 20. oktober.

Hugs at me har fri tysdag 25. oktober!


Kommenter innlegget

Me har fått oss hytte!

1. Leirvik har fått ei hytte som barnehjelpa i Stord Røde Kors har
eigd til no. Hytta ligg godt gøymd i terrenget litt nedanfor Heio.

Her er ikkje plass til å ha alle med på overnattingstur på éin gong,
men til mindre turar er hytta ideell. Dessutan skal me gjera plass til
lavvo og bål utanfor.

Helga, Øystein, Knut Inge og Gaute var med og overtok hytta på sundag,
i lag med både veteranspeidarar og damene frå barnehjelpa.

Dsc_0028Dsc_0029Dsc_0033


Éin kommentar

Bilete frå rover-/leiarturar

Tur til Myrkdalen i august:

Planleggjing og vassport på Hiskjo i september:

(Alle bilete: Anne Merete)


Kommenter innlegget

Hausthike 2011 for stifinnarar, vandrarar og leiarar

Det vert hausthike til Lundarstølen for stifinnarar, vandrarar og
leiarar i 1. Leirvik,
fredag 23. – sundag 25. september.
Turen startar frå vegen til fjells, ved avkøyring til Vad. Her møter
me på fredag ettermiddag kl 17.
Derfra går me inn til Hauglandskvedno og overnattar. Laurdag
fortsetter me turen vidare til Lundarstølen. Der kjem småspeidarane
opp midt på dagen og slår seg saman med oss og overnattar til sundag.

Hugs påmelding innan torsdag!

Les meir på den vedlagde lappen.


Kommenter innlegget

Rover-/leiartur hausten 2011

Det vert sesongoppstartstur for roverar og leiarar i 1. Leirvik. Turen går til det gamla skulehuset på Hiskjo.

Planen er at det vert ein tur med kombinasjon av leik og alvor. Me skal bruka noko av tida til å diskutera opplegget for hausten som kjem. Me skal også sjå litt lenger framover. Diskusjon omkring roverarbeid i gruppa står i tillegg på programet.

På laurdagen slår me til med aktivitetar på vannski og tube. Det vert garantert gøy.

Tid: Fredag 9. til laurdag 10. sept.

Stad: Hiskjo, Bømlo

Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl 17.00

Avslutning: Henting på Hiskjo 15.30, laurdag. Tilbake ved Naustet ca 16.30.

Pris: 100 kroner. Dette dekkar all mat og aktivitetar på turen.

Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, toalettsaker. REDNINGSVEST.

Mat: Dette inkludert i prisen

Påmelding: Treng tilbakemelding på kven som skal vera med, innan onsdag 7. sept. Kontakt Øystein på mail eller tlf 90 09 26 17.

Me treng kanskje nokon til å køyra. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til eller henta på Hiskjo.

Spørsmål: Ring Øystein


Kommenter innlegget

Kretsleir Voss 2.–9. juli 2011

Her er lappen me delte ut på pakkemøtet i går:

Avreise v/ Albert Olsen, Heiane kl. 07.00.

Utstyr: Sovepose, underlag, regnklede, støvlar, varmt tøy, natt-tøy, shorts, t-skjorter, undertøy, sokkar, toalettsaker, bestikk, kopp, tallerkar, lommelykt, fotoapparat og sjølvsagt speidarskjorte, speidarsjal og kniv. Hugs mygghatt/myggmiddel, solkrem, badetøy. «Uteliggar» til soveposen kan vera lurt å ha.

50 kr dagen er passeleg med lommepengar.

Dei som ikkje har levert helseskjema må hugsa å ta det med. Skjemaet kan lastast ned på kretsleir.no.