Me kallar inn til gruppeting Måndag 21. februar kl 18.00 for alle medlemmer som fyller 12år iløpet av 2022. Vedlagt ligg innkalling, reknskap og årsmelding.
Tag Archives: stifinnar
Oppstart
Endeleg er Coronareglane endra, slik at me kan starta oppatt med speiding😁. Me startar førstkommande tysdag. Vanlege tider. Småspeidar kl 17.30 – 18.45. Speidarar kl 19.00 – 20.30.
Me tek også inn nye medlemmar. Ta gjerne med ein ven som ynskjer å prøva om speiding er noko for dei.
Spørsmål, ta kontakt her, eller ring gruppeleiar Kristoffer på tlf 95522332.
Vel møtt
Bakemøte og Julaturen 2021
Bakemøte
Då var tiden kome for årets siste speidarmøte, og som vanleg blir det bakemøte nede på naustet!
Me håpar speidaren stiller med ‘kokkehatten’ på, og med godt humør. Husk å ta med forkle, kjevle (helst stor) og alle peparkakeformane du har!
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Møter på naustet måndag 29. november kl 19.00
Småspeidarar (3-5 klasse): Møter på naustet tysdag 30. november kl 17.00
.
.ø
Julatur 2021
Så var det igjen tid for julatur og avslutning av speidaråret 2021. Turen går til speidarhuset på Sæbøvik på Halsnøy. I fjor vart julaturen litt redusert p.g.a korona og me kunne ikkje ta med alle speidarane, men i år ser me fram til å ha med både små og store! Det vert god mat, juleverkstad, brettspel, leirbål og rett og slett ein rolig og koselig tur.
Roverane og leiarane reiser på fredagen, men møter speidarane på Skjersholmane laurdag formiddag. Obs! Leiarane kjem med ferja frå Halsnøy og går berre av for å hente speidarane, så hugs å vere klar når ferja kjem!
Tid: Laurdag 4. desember – Sundag 5 desember
Stad: Speidarhuset på Sæbøvik på Halsøy
Frammøte: Skjersholmane Kl. 11:20. Ferja går 11:35
Avslutning: Skjersholmane Kl. 14:45
Pris: 250kr (Søskenmoderasjon: to for 400kr)
Utstyr: Sovepose, kniv, klede til å vera ute og inne, speidarskjorte, skjerf (Om du har).
Mat: Dette ordnar leiarane. Ta med litt godteri og brus om du vil. (Maks 0,5l brus)
Påmelding: Innan onsdag 01. des til Erik, tlf. 41529658.
Spørsmål: Ring Erik eller Kristoffer (95522332)
Grautmøte i parken
Tysdag 23. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye småspeidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!
Stad Vidsteenparken (ved museet)
Frammøte Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).
Utstyr Kle deg for å vera ute, og ta gjerne med lykt og/eller hovudlykt! Og speidarar kan gjerne ha på seg speidarskjorte og sjal.
Pris For dei utan sjal og knute frå før og som skal få av oss, så kostar det 130kr.
Dei som skal bli tatt opp kan gjerne gi beskjed om dei har sjal og knute eller ikkje til Kristoffer (95522332)
Hausttur til Sævarbu for store og små
Då var hausten komen og nettene blir lengre, trærne skifter farge, og speidarane tar turen opp på fjellet til hytta. Der byrjar å bli kaldt ute, så det er nok lurt å ha noko godt å varmt som ein kan bruke ute, og noko til inne.
Og hugs; om du manglar noko utstyr så kan dykk sjekke med BUA eller høyre med oss 😉
Småspeidarar:
Tid: Laurdag 6. – 7. November
Stad: Speidarhytta på Sævarbu
Frammøte: Kraftstasjonen 6. Nov. 12:00
Avslutning: Kraftstasjonen 7. Nov. 15:00
Pris: 150kr
Utstyr: God og varm sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, vinterbuksa, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals, god jakke), klede til å være inne, litt brus og godteri om du vil.
Mat: Dette ordnar leiarane.
Påmelding: ring/SMS innan torsdag 03.11.2021 til Erik, tlf. 41529658 (hugs fullt namn)
Spørsmål: Ring/SMS Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)
.
.
Stifinnarar/vandrar:
Tid: Fredag 5. til søndag 7. November
Stad: Speidarhytta på Sævarbu
Frammøte: Kraftstasjonen 5. Nov. 17:00
Avslutning: Kraftstasjonen 7. Nov. 15:00
Pris: 250kr
Utstyr: God og varm sovepose, kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, vinterbuksa, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals, god jakke), klede til å være inne, litt brus og godteri om du vil.
Mat: Dette ordnar leiarane.
Påmelding: ring/SMS innan onsdag 03.11.2021 til Erik, tlf. 41529658 (hugs fullt namn)
Spørsmål: Ring/SMS Erik eller Kristoffer (41529658/95522332)
Halloweenmøte
Dette blir eit møte litt utanom det vanlege, møtet blir på Lundarstølen i gapahuken. ALLE MØTER KL 17:30 på kraftsatsjonen, det vil seie at Småspeidarane, stifinnarane og Vandrarane har speidarmøte samstundes! Sida det er ‘’Halloween’’, så tenkte me at det hadde vært kjekt å stille i kostyme, men det er valfritt. Og kven veit, kanskje det blir ein premie for best kostyme 😉 Hugs at det blir kaldt oppe på fjellet, så ha på deg noko varmt under, eller ta med deg noko du kan ta på deg!
Tid: Tysdag 26. Oktober kl 17:30
Stad Lundarstølen
Frammøte Kraftstasjonen kl 17.30
Avslutning Kraftstasjonen kl 19.30
Utstyr Lommelykt og/eller hovudlykt, kniv, varme klede til å være ute i, (valfritt) kostyme
Mat Leiarane fikser litt mat og drikke
Spørsmål Kristian Eriksen tlf: 996 76 697
Kom deg ut-dagen!
Dagsaktivitetar for heile familien
Då nærmar det seg Kom deg ut-dagen 2021, og i år skal 1. Leirvik bli med Barnas Turlag Stord-Fitjar ved Ådlandsvatnet! Me skal setje opp telt, gapahuk, bål og andre ting, det skal bli frukt og litt mat til alle som kjem, og kaffi til dei vaksne 😉 Me skal stelle i stand med aktivitetar og lek, og kanskje nokre turar i kanoar 😁 Me treng gjerne nokre speidarar som kan hjelp oss å setje opp utstyr og hjelpe med aktivitetar, husk speidarskjorta dei som har 😉
For besøkande:
Tid: Sundag 05. kl 10-15
Stad: Stuvikjo, bort forbi gapahuken ved Ådlandsvatnet. Ved eit lite naust. Mellom to portar.
For speidarar som skal hjelpe å stelle i stand aktivitetsdagen:
Frammøte: Sundag kl 09.30 ved Stuastølen Gardsbarnehage
Pris: Gratis
Utstyr: Speidarskjorta + sjal, klede til å være ute i, speidarkniv,
Mat: Leiarane fikser mat og drikke
Påmelding: Påmelding til Kristoffer Spissøy (95522332)
Spørsmål: Ring/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)
Tur til Hytta & Lunderstølen
Då var det klart for haustens første tur! Denne gongen starter me med tur til hytta på fredagen, der skal me ha gruppenes årsting.
Laurdagen går me ned til Lunderstølen. Frå klokka 13 blir det opendag for alle mellom 3.trinn til 7.trinn som ønskja å komme og prøve seg på speidaren. Det vil bli bål, pionering og andre kjekke aktiviteter for små og store. Foreldre er også velkomen!
Laurdag til sundag sovar me ute i lavvo på lunderstølen.
Småspeidarar:
Tid: Laurdag 11.09 – sundag 12.09
Stad: Lunderstølen
Frammøte: Laurdag 13:00 Lunderstølen
Avslutning: Sundag 15:00 med kraftstasjoen
Pris: 150kr
Utstyr: Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua
Mat: Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.
Påmelding: Innan onsdag 8.sep til Erik, tlf. 41529658
Spørsmål: Ring Erik (41529658)
Stiffinar & Vandrar
Tid: Fredag 10.09 – sundag 12.09
Stad: Lunderstølen
Frammøte: Fredag 17:00 Kraftstasjoen
Avslutning: Sundag 15:00 kraftstasjoen
Pris: 250kr
Utstyr: Sovepose,liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske, lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, støvlar/fjellsko, vottar, hua
Mat: Leiarane ordnar dette, men du kan ta med litt snop/chips om du vil, og 0,5L brus.
Påmelding: Innan onsdag 8.sep til Erik, tlf. 41529658
Spørsmål: Ring Erik (41529658)
Heimreise
Då er me starta reisa heim att, me er heime igjen omslag kl 14.30. Føresette kan hente blide og slitne speidarar ved gamle gassfabrikken på verftet/industrimuseet. Adressa skal være Nedre hageby 65.
Info til Leir
Då nærmar årets store leir seg med store skritt, og det nok mange speidarar som gleder seg. Lykling er ein fin plass med mykje lokalhistorie, og me gleder oss til å ta med speidarane våre hit!
Tid: 30. juni – 04. juli
Stad Lykling
Frammøte 30. juni ved speidarnaustet kl 09.30.
Avslutning Avreise frå leiren rundt kl 15, meir detaljer kjem seinare
Pris 1300kr. Kontant/Bankkonto (3520 50 45722). Må betalast innan tysdag 22. Juni, hugs å skrive namn på speidaren om du betaler med bankkonto!
Helseskjema Som vanleg ved større leirar, så får speidarane med seg eit helseskjema heim. Dette MÅ leverast tilbake i ein konvolutt med namnet til speidaren på. Konvolutten vert berre opna dersom uhellet er ute og det er behov for det. Og vert makulert etter leiren. (Skjema ligg vedlagt til utskrift)
Transport Me treng nok 2 ekstra bilar til å køyre til og frå leiren. Kjekt om nokre føresette kan melde seg 😊
Pakk sekken din sjølv så du vet at du har med deg alt du treng, og kvar det ligg I sekken.
HUSK Å MERKE UTSTYRET DITT!! Blir fort litt rot med kven som eiger kva når det ikkje er namn på ting.
Dette har du på / med deg
• Sovepose
• Liggeunderlag
• Ullundertøy
• Ullsokkar, tynne og tjukke
• Skift: bukse, genser/skjorte, undertøy, sokkar
• Gode sko
• Regntøy/støvlar
• Uteklede til alle slags vêr (vêret kan skifte fort)
• Tjukk genser
• Lue og votter (kan fort bli kaldt)
• Sitjeunderlag/stol
• Toalettsaker
• Badetøy og handkle (om du trur du vil bade)
• Redningsvest
• Kopp
• Tallerken
• Bestikk
• Kniv
• Speidar skjorte
• Skjerf og knute (har vi på oss)
• Hovudlykt/lommelykt
• Drikkeflaske
• Solkrem og myggmiddel (anbefalast)
• Eit lite kamera? (Valfritt)
Me vil ikkje at speidarane har med seg mobil, leiarane har mobil om det er noko. På større leirer er det større fare for å rote mobilar vekk og den slags type ting, me tar nemleg ikkje ansvar om dette skjer.
Spørsmål: Ring/SMS Kristoffer (95522332)