Vêret er klårt, sola skin, og me er atter ein gong klar for ny tur. Me skal denne gongen til hytta vår på Stordafjellet, Sævarbu.
Me kjem til å overnatte inne, men me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er mykje snø på fjellet no!
Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns.
Dei som vil kan ta med akebrett/ski/truger, om dei har. Du må kunne få det med opp utan hjelp.