1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Dagstur i Gullberg for småspeidarane

Som de sikkert har sett på kalenderen, så skal småspeidarane på dagstur! Turen går til Gullberg, der me skal vera ute og ha det kjekt heile dagen.

 

Tid: Sundag 12. februar.

Stad: Gullberg

Frammøte: Sponavikjo kl. 11.00

Avslutning: Sponavikjo kl. 15.00

Utstyr: Kle deg etter vêret med gode sko/støvlar som tolar vatn.

Mat: Ta med deg drikke. Leiarane tek med mat til alle.

Reklame


Kommenter innlegget

​Julatur for alle speidarar

Det er klart for den tradisjonelle julaturen i 1. Leirvik speidargruppe.

I år reiser me til Halsnøy og overnattar på Speidarhuset i Sæbøvik. Her skal me kosa oss, ha juleverksted og andre aktivitetar.

Turen er frå laurdag til sundag for speidarane. Leiarar og roverar reiser til Halsnøy på fredag ettermiddag.
Tid:     Laurdag 03. – sundag 04. desember.

Stad: Halsnøy, Speidarhuset på Sæbøvik

Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 11.30. Ferja har avgang kl 11.45

Avslutning: Skjersholmane ferjekai, sundag kl 15.30.

Pris: 200 kroner. Dette dekkar ein del mat, ferje og leige av speidarhuset.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (litt usikkert om det er madrass til alle), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, toalettsaker, stillongs, tjukk genser. Me skal være litt ute, så ta med gode klær.

Mat: Leiarane tar med mat. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617, innan onsdag 30. november.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein


Kommenter innlegget

Tur for stifinnarane 

​Tur til Sævarbu

Tid: Fredag–sundag 04. november – 06. november

Stad Sævarbu

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon fredag kl. 17.30.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 14.

Pris: 150 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt, liten sekk til dagstur, drikkeflaske.

Mat: Leiarane kjøper inn brødmat og middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 03. november til Helga (99292101) eller Øystein (90092617).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).
Me skal gå opp på fredagen, og det vert fjelltur på laurdag. Ha med eit par gode sko til å gå lenge i, tilpassa vêret.


Kommenter innlegget

Dagstur for småspeidarane 

​Det vert dagstur for småspeidarane i 1. Leirvik, sundag 6. november.

Turen vert til speidarhytta «Sævarbu» på Storafjellet. Her vert det diverse aktivitetar og litt matlaging. Stifinnarane og leiarane er på tur frå fredag til sundag og tar med småspeidarane på sundagen.

Me vert ute mesteparten av tida. Ha på deg klær som passar til været! Ta gjerne med litt ekstra klær i sekken, dersom det vert kaldt.

Ta ein sekk som er OK å bære. Det er ca 1,5 km oppoverbakke til hytta frå kraftstasjonen.
Tid:     Sundag 6. november kl 10.30 – kl 15.

Stad: Storafjellet / Heio

Frammøte: Kraftstasjonen på Lundarstølen kl 10.30.

Avslutning: Kraftstasjonen på Lundarstølen kl 15.00.

Pris: Gratis  

 Utstyr: Litt ekstra klær i sekken, hua og vottar. Dei som har, kan ta med kompass og kniv.

Mat: Dette ordnar leiarane.

Påmelding: Innan onsdag 02. november.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01, eller Øystein 90 09 26 17


Kommenter innlegget

Hausttur for stifinnarar

Haustturen går til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen (ca. 2 km), så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

 

Tid: Fredag–laurdag 30. september–1. oktober

Stad: Sævarbu

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon fredag kl. 17.

Avslutning: Kraftstasjonen laurdag kl. 15.

Dei som vil, kan overnatta til sundag, i gapahuk i området rundt speidarhytta. Då blir det avslutning sundag kl. 15.

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Leiarane kjøper inn brødmat og middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 29. september til Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Hausttur for småspeidarar

Haustturen går til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen (ca. 2 km), så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

 

Tid: Laurdag–sundag 1.–2. oktober

Stad: Sævarbu

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon laurdag kl. 15.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 15.

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Leiarane kjøper inn brødmat og middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 29. september til Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).

 


Kommenter innlegget

Hausttur

Det vert dagstur for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, sundag 18. september.

Turen vert på Storavatnet i Sagvåg. Her skal me padla kano, ha diverse aktivitetar og litt matlaging.

Leiarane tar med mat.

Me vert ute heile tida. Ha på deg klær som passar til været! Ta gjerne med litt ekstra klær i sekken, dersom det vert kaldt.

NB: Ta med redningsvest / seilervest / padlevest

Tid: Sundag 18. september kl 11 – kl 15.

Stad: Storavatnet, Sagvåg

Frammøte: Ved innkøyringa til motorcrossbanen, Hustrudalen (ved transformatorstasjonen rett ved hovudvegen).

Avslutning: Same som frammøte, kl 15

Pris: Gratis

Utstyr: Redningsvest, kniv, bestikk, tallerk, kopp. Varme klær i sekken

Mat: Dette ordnar leiarane.

Påmelding: Ingen, møt opp.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01


Kommenter innlegget

Avslutningstur

Dette vert årets avslutningstur før sumarferien, og det vert difor ikkje fleire ordinære møter i år. Hugs at dei som skal vera med til NM må møta på tysdag 07.06 for å pakke utstyr.

I år vert det ikkje leir arrangert av kretsen, men i staden ein knakande kjekk tur til Lier i lag med Bua- og Koppervikspeidarane. Alle er invitert med til denne turen, og her skal me ha det kjekt i lag! Det er lov å ta med litt snop og ei lita brusflaske.

Det er meldt fint vêr til helga, og me satsar på mange kjekke leikar og aktivitetar. Me legg og opp til litt øving for dei som skal til NM. Om ein har ei kjekk leike ein vil ha med seg, som slengtau, ball, strikk, badminton osb. Me får og moglegheit til å låna nokre kanoar. Me vil og gjerne prøva oss på å laga «primitiv mat» for å visa at ein kan klara seg med eit bål når ein er på tur. Ta med uteklede som passar til vêret.

Tid Fredag 03. juni til sundag 05. juni
Stad Kretsens leirplass på Lier, Førde i Sveio
Frammøte Ved Naustet fredag 03. juni klokka 17.00
Retur Attende ved Naustet sundag klokka 17.00
Dei som skal vera med og køyra, må vera på Lier ca klokka 16.15
Pris 200 kr. Dette dekjer mat for heile helga
Utstyr Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, lubber, hua, toalettsaker, shorts, t-skjorte, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, drikkeflaske, sysaker om du har. Redningsvest
Køyring Me treng foreldre som kan vera med å køyra til og frå Lier. Gi beskjed om kva veg du kan køyra, evnt ikkje kan køyra, samt antal passasjerar, ved påmelding
Påmelding Me ønsker å veta antal påmelde så nøyaktig som mogleg, så påmelding må sendast til Helga i løpet av onsdag 01.juni
Spørsmål Ring Helga på 99292101


Kommenter innlegget

Vintertur til Sævarbu, stifinnar og vandrar

Sævarbu vinteren 2012Det vert tur i 1. Leirvik. Også denne gongen dreg me til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute. Ta med klede og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen til der me skal overnatta. (Ca 2 km.) Pakk i ryggsekk, slik at du kan bera bagasjen din sjølv. Alle må vera med og bera litt av fellesutstyret. Du kan gå til fots eller på ski. Det ser ut til å bli fint vintervêr til helga, men det kan fort skifta. Forbered deg etter vêret!

MERK: Speidarane (stifinnar/vandrar) skal på tur fredag til laurdag og småspeidarane frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå fredag til laurdag.

Tid: Fredag-laurdag 4.–5. mars.

Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio).

Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, fredag, kl 17.00.

Avslutning: Samme stad som frammøte, laurdag kl 15.00.

Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ullundertøy, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt. Ski eller rompeakebrett for dei som vil.

Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til felles frukost og lunsj laurdag. (Me set alt på bordet og deler.) Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 innan torsdag 3. mars. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål: Ring Helga.


Kommenter innlegget

Vintertur til Sævarbu, småspeidar

Sævarbu vinteren 2012Då er det nok ein gong klart for småspeidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Denne gongen dreg me til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.

Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute. Ta med klede og utstyr som passar til dette.

Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen til der me skal overnatta. (Ca 2 km.) Pakk i ryggsekk, slik at du kan bera bagasjen din sjølv. Alle må vera med og bera litt av fellesutstyret. Du kan gå til fots eller på ski. Det ser ut til å bli fint vintervêr til helga, men det kan fort skifta. Forbered deg etter vêret!

MERK: Gruppa reiser i to puljer denne helga. Stifinnar/vandrar frå fredag til laurdag og småspeidarar frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå laurdag til sundag. Målet er at dei skal bli betre kjent med sin patrulje.

Tid: Laurdag-sundag 5.–6. mars.

Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio).

Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 15.00.

Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag kl 15.00.

Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ullundertøy, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt. Ski eller rompeakebrett for dei som vil.

Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til felles frukost og lunsj sundag. (Me set alt på bordet og deler.) Leiarane kjøper inn middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 innan torsdag 3. mars. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål: Ring Helga.