1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Vårleg vintertur til Vågslid

Åtte roverar og leiarar reiste til ei hytte på Vågslid 7.–9. mai 2010. Lite snø denne vinteren gjorde at alpinanlegget var stengt allereie, men me hadde det likevel kjekt på bortoverski og akebrett. Strålande sol og plussgrader heile helga!

Foto: Øystein og Gaute.


Kommenter innlegget

Bilete frå kretskonkurransen 2010

1. Leirvik stod for ein av postane i årets kretskonkurranse. Her skulle speidarane laga fruktsalat. Oppgåva la særleg vekt på hygiene, og vonde tunger ville ha det til at ein slik post hadde 1. Leirvik godt av å arrangera.

(Alle foto: Øystein)


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2010

Her er lappar om kretsbannerkonkurransen på Blikshamn (Karmøy) 17.–18. april 2010.

Den eine lappen er for stifinnarane og vandrarane, som skal vera med både laurdag og sundag. Den andre er for småspeidarane sin konkurranse som berre er på sundagen.


Kommenter innlegget

Speidarfoto 1993–2004

Til den høgst uregelmessige serien «Det låg no på naustet og slang» har eg i dag funne eit litt nyare fotoalbum enn sist gong. Her er det bilete frå landsleiren på Eidskog i 1993, kretsleiren på Huglo i 1999, hausthaiken i 2004 og litt andre turar innimellom.


Kommenter innlegget

Julatur

Også i år sluttar me av før jul med tradisjonell juletur

Turen går til Aker Stords hytter på Føyno.

Tid:  Laurdag 5. desember til sundag 6. desember.

Stad:  Føyno.

Frammøte:  For å spara bompengar, så møter alle på parkeringsplassen før tunnellen på Digernes, laurdag klokka 14.00

      Så  går me samla over brua.

Slutt:  Me avsluttar same stad, sundag klokka 15.00.

Pris: Turen vil kosta 100 kr. Dette dekkar mat, overnatting og felles utstyr.

Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken,

      ekstra lubber, hua, vottar/hanskar, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp,

      toalettsaker.

Påmelding: Til Helga tlf 53413179/99292101 eller Øystein tlf 90092617 innan bakemøtet. 


Kommenter innlegget

Blåtur, Bergen

Vandrarane gjekk rebusløype i Bergen på fredag. Første post var den blå steinen. «Gå dit, ta bilete av dykk sjølve, og send MMS, så skal de få vita neste post.» Vidare gjekk turen til Murhvelvingen, den gamle brannstasjonen, Beffen (som ikkje låg der han brukar liggja om kveldane, så det vart eit uskarpt bilete av Bryggen i staden), og til slutt Fløyen. Der hadde leiarane i mellomtida slått opp lavvoo og fyrt bål på Fløysletten.

På laurdag bada me på Vannkanten badeland og åt pizza på Peppes før me reiste til ei hytte på Kvamskogen der me overnatta til sundag.