1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Vintertur til Sævarbu, småspeidar

Sævarbu vinteren 2012Vêret er klårt, sola skin, og me er atter ein gong klar for ny tur. Me skal denne gongen til hytta vår på Stordafjellet, Sævarbu.

Me kjem til å overnatte inne, men me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er mykje snø på fjellet no!

Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns.

Dei som vil kan ta med akebrett/ski/truger, om dei har. Du må kunne få det med opp utan hjelp.

Les meir


Kommenter innlegget

105 års bursdag!

Fronta GrimsåsenI år er 1. Leirvik speidargruppe 105 år. Det må feirast! Me inviterer difor foreldre og sysken til å vera med på feiringa tysdag 13. februar, kl 17.00-19.30.

Det vil bli betasuppe og kake som me kan kose oss med, og litt underhalding og aktivitetar. Ta med hovudlykt, varme klede til å vere ute i heile feiringa, og godt humør!

Me har fått låne oss eit flott område ved Fjellgardsvegen, der det er plass til mange.

Vegbeskriving: Køyr på E39 mot Bergen, ta av til Fjellgardsvegen. Følg vegen forbi Vatnadalsvegen, og sving deretter av til høgre. Der kjem du til ein gruslagt parkeringsplass. Parker her, og gå gjennom porten, og følg grusvegen opp til området.

Påmelding / spørsmål til Helga på mobil 99 29 21 01 innan fredag 9. februar.


Kommenter innlegget

Vintertur til Røldal

16-18 februar blir det vintertur for vandrarar, roverar og leiarar. Turen går til Røldal. Der skal me overnatta på hytta til Tuva og Are. På laurdagen reiser me til Røldal skisenter der me skal stå på slalom/snowboard. I tillegg blir det mykje sosialt og andre uteaktivitetar. Ski-/snowboardutstyr må ordnast sjølv. Det går ann å leiga utstyr hos Røldal skisenter for 300kr/400kr, men me anbefaler å låna gratis av ein ven eller på BUA.

Les meir


Kommenter innlegget

Tur til Hiskjo

Turen går denne gongen til den gamle skulen på Hiskjo. Me skal oppleve natur, samhald, matlaging, og andre kjekke ting. Me satsar på å vere ein del ute, så kle dykk etter vêret.

Det er nokre år sidan 1. Leirvik var på Hiskjo sist, så dette blir kjekt!

Alle møter på Naustet kl 17, så køyrer me med dei bilane me treng til Hiskjo.

Les meir


Kommenter innlegget

​Julatur 2017

Det er klart for den tradisjonelle julaturen i 1. Leirvik speidargruppe.

I år reiser me til Halsnøy og overnattar på Speidarhuset i Sæbøvik. Her skal me kosa oss, ha juleverksted og andre aktivitetar.

Turen er frå laurdag til sundag for speidarane og småspeidarane. Leiarar og roverar reiser til Halsnøy på fredag ettermiddag.

Tid:     Laurdag 09. – sundag 10. desember.

Stad: Halsnøy, Speidarhuset på Sæbøvik

Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 11.30. Ferja har avgang kl 11.45

Avslutning: Skjersholmane ferjekai, sundag kl 15.30.

Pris: 200 kroner. Dette dekkar ein del mat, ferje og leige av speidarhuset.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (litt usikkert om det er madrass til alle), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, toalettsaker, stillongs, tjukk genser. Me skal være litt ute, så ta med gode klær.

Mat: Leiarane tar med mat. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, innan torsdag 7. desember. Hugs å melda deg på!

Spørsmål: Ring Helga.


Kommenter innlegget

Opptaking/grautmøte 28. november

Tysdag 28. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt.

Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130.


Kommenter innlegget

Novembertur til Sævarbu

Stifinnarane og småspeidarane skal på tur til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen (ca. 2 km), så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

Tid: Laurdag–sundag 18.–19. november.

Stad: Sævarbu.

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon laurdag kl. 12.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 15.

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Leiarane kjøper inn brødmat og middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 16. november til Helga (99292101).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Hausttur for stifinnarane

Haustturen går til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen, så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

Me har fått 10.000kr av Sparebanken Vest, som me skal bruke til å lage ein gapahuk ved hytta. I det høve treng me litt hjelp av de vaksne til å bere bort materiale.

Foreldre møter kl. 13 på laurdag, Heio parkeringsplass, for å hjelpe å bere bort materialet. Etter at materialet er kome fram, vil det bli noko varmt i koppen, og pannekaker.

Hugs gode sko, då me må over ei myr for å komme bort til hytta. Ein god sekk er òg å anbefale, då posar er vanskeleg å bere.

Tid: Fredag 20. oktober til laurdag 21. oktober.

Stad: Sævarbu

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon fredag kl 17.

Avslutning: Heio kl 13, for å hjelpe å bere.

Pris: 100 kroner.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiar. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding: Til Helga (99 29 21 01) innan torsdag kl.18.00, 19. oktober.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01.