1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Planleggingstur til Sævarbu

Hei og vel overstått julefeiring.

Snart er det tid for å starte eit nytt speidarhalvår. For å laga ein god plan, samt få litt tid til å vera sosiale tar leiarar og roverar ei overnatting på Sævarbu. 

Håpar fredag 3. – laurdag 4. januar passar for mange. Håpar at mange av dei som er vekke store delar av året også kan vera med oss.

For å få oversikt over kva me treng av mat, må eg ha tilbakemelding om kven som kan / ikkje kan vera med, innan torsdag 2. januar.
Send ein mail eller ei melding på telefon til Øystein.


Kommenter innlegget

Julatur

Det vert hyttetur til speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy, for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 7. – sundag 8. desember.

Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Sidan me er blitt så mange, er me ”vokst” utav den tradisjonelle plassen på Føyno. I år går derfor julaturen for første gang til speidarhuset i Sæbøvik.

Her vert det sosiale aktivitetar, dagsturar og juleverkstad.

Tid: Laurdag 7. des til sundag 8. des.

Stad: Speidarhuset i Sæbøvik, Halsnøy

Frammøte: Skjersholmane ferjekai, laurdag kl 12.15 (ferja går kl 12.30)

Avslutning: Retur til Skjersholmane, sundag kl 16.10. Alle må hentast her.

Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag (usikkert kor mange madrasser det er på huset), regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, toalettsaker

Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 4. desember.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein

 


Kommenter innlegget

Det låg no på Naustet og slang

Avdeling for boksopnarar, potetskrellarar, spiker og små teltpluggar.

Avdeling for boksopnarar, potetskrellarar, spiker og små teltpluggar.

Det er tid for å ta fram att serien «Det låg no på Naustet og slang». I dag er me komne til avdelinga for boksopnarar, potetskrellarar, spiker og små teltpluggar. Me ser ein gaffel oppi der òg, men den ligg altså på feil plass.


Kommenter innlegget

Grautmøte med opptaking

Det er klart for vårt tradisjonelle grautmøte i Parken tysdag 26. november. Denne gongen vil me dessutan ha opptaking av nye speidarar.

Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni der speidarane avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Me markerer også dei som har bytta eining i det siste. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny einingsmarkering. Dette gjeld dei som har gått frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

Familiemedlemmer er velkomne til å vera med oss denne dagen. Spesielt kjekt om familiane til dei som skal takast opp kjem!

Som alltid på grautmøtet serverer me graut og saft, og leikar oss i Parken.

Tid: Tysdag 26. november til vanleg tid.
Småspeidarar kl. 17.30–18.45. Stifinnarar og vandrarar kl. 19.00–20.30.

Stad: Parken ved Sunnhordland museum.

Pris: Dei som skal takast opp må ta med 130 kr til sjal, merke og speidarknute.

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Fiskemøte Tømmervik

Fisk. (Foto: Marc Dalmulder.)

Fisk. (Foto: Marc Dalmulder.)

Tysdag 12. november vert det fiskemøte på Tømmervik.

Møt fram på gamle parkeringsplassen, Tømmervik.

Alle må ta med:

  • Fiskestong m/sluk
  • Redningsvest
  • Refleks
  • Lommelykt
  • Tom hermetikkboks (størrelse ca 1 liter / fiskebolleboks).

Du må sjølvsagt ha klede til å vera ute i.

Vanlege møtetider i følge kalender.

Speidarhelsing,
Leiarane


Kommenter innlegget

Hausttur i Parken

Det vert overnattingstur i parken for små og store speidarar, helga 25.-27. oktober.

Heile helga skal me overnatta i telt/lavvo og kosa oss. Det vert variert program og aktivitetar.

Vandrarane og stifinnarane er på tur frå fredag til sundag. Småspeidarane frå laurdag til sundag.

Tid:

Fredag 25. oktober til sundag 27. oktober (stifinnar/vandrar).
Laurdag 26. oktober til sundag 27. oktober (småspeidarar)

Stad:

Parken (Sunnhordland museum), Leirvik

Frammøte:

Møt i parken fredag kl 18.30 (stifinnar/vandrar)
Møt i parken laurdag kl 13.00 (småspeidar)

Avslutning:

I parken, sundag 27. oktober kl 15.00

Pris:

150 kroner. Dette dekkar all mat og utstyr som trengs for turen.

Utstyr:

Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, varm genser, hua, hanskar, kniv, lommelykt, bestikk (kniv, gaffel, skei), tallerk, kopp.

Mat:

Dette kjøper leiarane inn felles

Påmelding:

Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 23. oktober.
Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål:

Ring Helga eller Øystein


Kommenter innlegget

Bilete frå blåturen

Vandrarane blei sende på blåtur i helga. Først på sykkel, men det var berre lureri. Deretter i båt, men det var berre til forvirring, det òg. Så møtte Gaute, Hogne og Vebjørn vandrarane med bil og køyrde til Bergen. Der var det klart for ei lita byvandring på eiga hand. Første posten var den blå steinen, der oppgåva var å ta bilete av patruljen med mobilen og senda tilbake for å få neste post. Les meir


Kommenter innlegget

Blåtur

Er du klar for årets kulaste tur? Då er det berre til å melda seg på blåtur! Kor turen går og kva programet består av, er det berre nokre få utvalde som veit. Me reiser plasser der me ikkje har vært før og programet vert spesielt. Noko som er heilt sikkert, er at denne turen må du ikkje gå glipp av.

 

Denne turen er for vandrarane i 1. Leirvik

 

Tid: Fredag 18. oktober til sundag 20. oktober.

Stad: Ja, det er det ikkje mange som veit!

Frammøte: Ved speidarnaustet, fredag kl 16.30. Møt med sykkel.

Avslutning: Eldøyane sjøsportsenter (båthavna) sundag kl 14.00

Transport: Det ordnare seg….

Pris: 150 kroner. Dette dekkar mat og alt opplegg som skjer i løpet av helga.

Utstyr: Det er viktig at du har med alt på lista

Sovepose, liggeunderlag, redningsvest, regnklede, støvlar, pass, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, kortstokk, 2 vedkubber, tom hermetikkboks (fiskebollestørrelse) hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv/gaffel/skei), kopp og djup tallerk.

Mat: Dette ordnar leiarane med. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 16. oktober. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein