Same procedure as every year James! Atter ein gong er 1. Leirvik klar for å gå i morgontoget på 17. mai. Møt opp ved Nattrutekaien på Leirvik mellom kl. 06.30-06.45. Ha på speidarskjorte og sjal, og gode sko. Om ein skal noko rett etterpå, kan ein møte opp i anna fin-stas. Me går i frå Leirvik til Sjukehuset, der me syng for pasientane. Alle må hentast ved Sjukehuset, ca. kl. 08.15. Dette blir ein fin start på 17. mai!
1.Leirvik er jo 105 år i år, så då hiv me oss med i Borgartoget. Her må de møte på Torget kl. 15, for å stille opp. Toget går i frå Torget kl. 15.30. Flott om dei som kan stiller i speidar-klede. Gi beskjed til Helga om du skal vere med å gå i eit, eller begge toga.
Vêret er klårt, sola skin, og me er atter ein gong klar for ny tur. Me skal denne gongen til hytta vår på Stordafjellet, Sævarbu.
I år er 1. Leirvik speidargruppe 105 år. Det må feirast! Me inviterer difor foreldre og sysken til å vera med på feiringa tysdag 13. februar, kl 17.00-19.30.