I år tek me avslutningsturen litt før speidaråret eigentleg er slutt. Alle blir med – småspeidarar, stifinnarar og vandrarar. Me reiser til Kalsundholmen, eit friluftsområde ikkje langt frå Husavik ferjekai i Austevoll.
Hugs at det er fri 2. juni og speidarmøte igjen tysdag 9. juni.
Tid: Fredag-sundag 29.-31. mai.
Stad: Kalsundholmen i Austevoll.
Frammøte: Sandvikvåg ferjekai, fredag kl. 17.45.
Henting: Sandvikvåg, sundag kl. 15.45.
Pris: 200 kr. Dette dekkjer mat og ferje.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker, flytevest/redningsvest. Badeklede og fiskestang, for dei som vil.
Mat: Dette tek leiarane med. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga (53413179/99292101) innan torsdag.
Spørsmål: Ring Helga.
morgontoget 17. mai. Me skal vera oppstilt i flaggborga klokka 07.00. Deretter er det sang og musikk ved Leirvik mannskor og Stord musikklg samt apell for dagen. Deretter går toget til til Osen, opp Borggata, forbi Kyrkja, opp Døso og vidare til sjukehuset. Avslutning ved sjukehuset etter at mannskoret og musikklaget har spela nokre nummer (bak sjukehuset).
Sommarens storhending for stifinnarar og vandrarar er kretsleir på Ænes.