Tur til Myrkdalen i august:
Planleggjing og vassport på Hiskjo i september:
(Alle bilete: Anne Merete)
Det vert sesongoppstartstur for roverar og leiarar i 1. Leirvik. Turen går til det gamla skulehuset på Hiskjo.
Planen er at det vert ein tur med kombinasjon av leik og alvor. Me skal bruka noko av tida til å diskutera opplegget for hausten som kjem. Me skal også sjå litt lenger framover. Diskusjon omkring roverarbeid i gruppa står i tillegg på programet.
På laurdagen slår me til med aktivitetar på vannski og tube. Det vert garantert gøy.
Tid: Fredag 9. til laurdag 10. sept.
Stad: Hiskjo, Bømlo
Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl 17.00
Avslutning: Henting på Hiskjo 15.30, laurdag. Tilbake ved Naustet ca 16.30.
Pris: 100 kroner. Dette dekkar all mat og aktivitetar på turen.
Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, toalettsaker. REDNINGSVEST.
Mat: Dette inkludert i prisen
Påmelding: Treng tilbakemelding på kven som skal vera med, innan onsdag 7. sept. Kontakt Øystein på mail eller tlf 90 09 26 17.
Me treng kanskje nokon til å køyra. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til eller henta på Hiskjo.
Spørsmål: Ring Øystein
Åtte roverar og leiarar reiste på tur til Håøya friluftsområde i Nordhordland helga 10.–12. september 2010. Der fekk me prøva oss på fridykking og bogeskyting under rettleiing av Børje Møster frå Frivannsliv. Utfordrande og moro!
1. Leirvik speidargruppe startar opp att etter ferien. Nye og gamle medlemmer velkomne!
Møtetider er:
Måndagar 19.00–20.30, 8.–10. klasse
Tysdagar 17.30–18.45, 3.–5. klasse
Tysdagar 18.45–20.00, 6.–7. klasse
Nye medlemmer er hjarteleg velkomne og kan møta opp ved Naustvågen Barnehage.
1. Leirvik speidargruppe er medlem av Norges Speiderforbund. Meir informasjon kan du finna på www.speiding.no.
Ta gjerne kontakt med Helga Kroka, tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101, eller Øystein Østensen tlf. 900 92 617 dersom du har spørsmål.
(Annonsetekst frå Sunnhordland 25. august 2010.)
Åtte roverar og leiarar reiste til ei hytte på Vågslid 7.–9. mai 2010. Lite snø denne vinteren gjorde at alpinanlegget var stengt allereie, men me hadde det likevel kjekt på bortoverski og akebrett. Strålande sol og plussgrader heile helga!
Foto: Øystein og Gaute.
Hugs påmelding til Helga 99292101/53413179 innan laurdag 15. mai, seinast!
Me reiser frå Naustet fredag 17:00 og er tilbake på Naustet sundag 16:00.
1. Leirvik stod for ein av postane i årets kretskonkurranse. Her skulle speidarane laga fruktsalat. Oppgåva la særleg vekt på hygiene, og vonde tunger ville ha det til at ein slik post hadde 1. Leirvik godt av å arrangera.
(Alle foto: Øystein)
Me inviterer småspeidarar, stifinnarar, vandrarar, roverar til opptakingsfest tysdag 16. februar. Ta gjerne med sysken, foreldre og besteforeldre.
Stad:
Hovudgarderoben i KULTURHUSET
Tid:
16. februar 17.30–19.30
Ta med kaffi og noko å bita i. Me vil samla inn pengar til tenkedagsfondet.
Speidarhelsing,
leiarane i 1. Leirvik
Også i år sluttar me av før jul med tradisjonell juletur
Turen går til Aker Stords hytter på Føyno.
Tid: Laurdag 5. desember til sundag 6. desember.
Stad: Føyno.
Frammøte: For å spara bompengar, så møter alle på parkeringsplassen før tunnellen på Digernes, laurdag klokka 14.00
Så går me samla over brua.
Slutt: Me avsluttar same stad, sundag klokka 15.00.
Pris: Turen vil kosta 100 kr. Dette dekkar mat, overnatting og felles utstyr.
Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken,
ekstra lubber, hua, vottar/hanskar, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp,
toalettsaker.
Påmelding: Til Helga tlf 53413179/99292101 eller Øystein tlf 90092617 innan bakemøtet.