1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Tur til Vatnadalen for småspeidarar og stifinnarar 23.—24. oktober 2010

Oppmøte: Vatnadalen, laurdag 23. oktober kl. 13.00. Det går an å køyra heilt inn til leirplassen, som ligg eit lite stykke innover skogsvegen. Me skal overnatta i telt.

Avslutning: Me sluttar av på same staden sundag kl. 14.00.

Ta med: Regnklede, varme klede, hue, skjerf, vottar, ekstra lubber, tørt og varmt skift, støvlar eller fjellsko, kopp, tallerk, bestikk, lommelykt, kniv, sovepose og liggeunderlag

Mat: Leiarane ordnar mat for heile helga. Ta med litt snop om du har lyst.

Pris: Turen kostar 100 kr.

 

Påmelding til Helga innan torsdag: 53 41 31 79 eller 992 92 101

 


Éin kommentar

Fridykking og bogeskyting på rover-/leiartur

Åtte roverar og leiarar reiste på tur til Håøya friluftsområde i Nordhordland helga 10.–12. september 2010. Der fekk me prøva oss på fridykking og bogeskyting under rettleiing av Børje Møster frå Frivannsliv. Utfordrande og moro!


Kommenter innlegget

Hausten 2010

Oppstart 1. Leirvik speidargruppe

  • Likar du å dra på tur i skog og mark, eller på leir i telt?
  • Vil du læra litt om førstehjelp, båltenning, orientering og andre nevenyttige tips og triks?
  • Har du lyst å vera i lag med andre i eit trygt og godt miljø?
  • Då kan speidaren vera noko for deg!

1. Leirvik speidargruppe startar opp att etter ferien. Nye og gamle medlemmer velkomne!

Møtetider er:

Måndagar 19.00–20.30, 8.–10. klasse

Tysdagar 17.30–18.45, 3.–5. klasse

Tysdagar 18.45–20.00, 6.–7. klasse

 

Nye medlemmer er hjarteleg velkomne og kan møta opp ved Naustvågen Barnehage.

1. Leirvik speidargruppe er medlem av Norges Speiderforbund. Meir informasjon kan du finna på www.speiding.no.

Ta gjerne kontakt med Helga Kroka, tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101, eller Øystein Østensen tlf. 900 92 617 dersom du har spørsmål.

(Annonsetekst frå Sunnhordland 25. august 2010.)


Kommenter innlegget

Bilete frå festivalleiren 2010

Avslutningsturen vår i år gjekk til Lier på festivalleiren til Ryvarden første helga i juni. Denne gongen hadde festivalen vikingtema, og i opptoget på laurdagen vart 1. Leirvik kåra til beste vikinggruppe! Me fekk til og med premie — eit kjekt kokeapparat.

Opptog i velourvikingkostyme (!):

Handbak, putekrig og andre typiske vikingaktivitetar:


Glimt frå leirlivet:

(Foto: Øystein og Anne Merete)


Kommenter innlegget

NM i speiding 2010

Nmlogo

NM i speiding vart halde i Tysvær i helga. Vandrarpatruljen Helga’s Angels klatra på resultatlistene heile konkurransen, og vart til slutt nummer 59 av 118 deltakande patruljar. Fin innsats!

Ryvarden krets stod for arrangementet i lag med Haugaland krets (KFUK-KFUM). Difor stilte 1. Leirvik med 12 roverar og leiarar som tok seg av ei av oppgåvene. Speidarane skulle laga ei fiskestang med snelle på laurdagskvelden. Etter innlevering 01.00 arbeidde me med bedømming utover natta. Det var eit slit, men det gjekk veldig bra.


Kommenter innlegget

Flyttedugnad

På Kristi himmelfartsdag stilte fem av oss opp på dugnad for å tena nokre kroner til gruppa. Me hjelpte til med eit flyttelass frå Bjelland til Haga.


Kommenter innlegget

Vårleg vintertur til Vågslid

Åtte roverar og leiarar reiste til ei hytte på Vågslid 7.–9. mai 2010. Lite snø denne vinteren gjorde at alpinanlegget var stengt allereie, men me hadde det likevel kjekt på bortoverski og akebrett. Strålande sol og plussgrader heile helga!

Foto: Øystein og Gaute.


Kommenter innlegget

Bilete frå kretskonkurransen 2010

1. Leirvik stod for ein av postane i årets kretskonkurranse. Her skulle speidarane laga fruktsalat. Oppgåva la særleg vekt på hygiene, og vonde tunger ville ha det til at ein slik post hadde 1. Leirvik godt av å arrangera.

(Alle foto: Øystein)