1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Flyttedugnad

På Kristi himmelfartsdag stilte fem av oss opp på dugnad for å tena nokre kroner til gruppa. Me hjelpte til med eit flyttelass frå Bjelland til Haga.


Kommenter innlegget

Vårleg vintertur til Vågslid

Åtte roverar og leiarar reiste til ei hytte på Vågslid 7.–9. mai 2010. Lite snø denne vinteren gjorde at alpinanlegget var stengt allereie, men me hadde det likevel kjekt på bortoverski og akebrett. Strålande sol og plussgrader heile helga!

Foto: Øystein og Gaute.


Kommenter innlegget

Bilete frå kretskonkurransen 2010

1. Leirvik stod for ein av postane i årets kretskonkurranse. Her skulle speidarane laga fruktsalat. Oppgåva la særleg vekt på hygiene, og vonde tunger ville ha det til at ein slik post hadde 1. Leirvik godt av å arrangera.

(Alle foto: Øystein)


Kommenter innlegget

Vandrarane til NM igjen

Nm2010

Vandrarpatruljen Helga’s Angels vann ikkje kretskonkurransen i år slik dei gjorde i fjor, men kvalifiserte seg lett til NM i speiding likevel. Fjerdeplass totalt, tredjebest av NSF-patruljane. Resultatlista ligg på nettsidene til Ryvarden.

I år hadde 1. Leirvik òg med stifinnarpatruljen Oter og småspeidarpatruljen Gnistlagarane, i tillegg til ein god gjeng roverar og leiarar som arrangerte ei av oppgåvene i konkurransen. Kaldt og vått, men me hadde det no kjekt likevel.


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2010

Her er lappar om kretsbannerkonkurransen på Blikshamn (Karmøy) 17.–18. april 2010.

Den eine lappen er for stifinnarane og vandrarane, som skal vera med både laurdag og sundag. Den andre er for småspeidarane sin konkurranse som berre er på sundagen.


Kommenter innlegget

Speidarfoto frå 80-talet

«Det låg no på naustet og slang» reiser i dag til 80-talet med bilete frå mellom anna kretsleiren i 1983 og ein våt, våt landsleir på Notodden i 1985.