1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Sandbekken i Tysvær.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.
Tid: Fredag-sundag 22.-24. april
Stad: Sandbekken i Tysvær. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39 eit stykke sør for Aksdal. Følg skilta mot Sandbekken (severdigheit) innover nokre kilometer på bygdevegane.
Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.
Avslutning: På Sandbekken, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.
Pris: 200 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte, sjal, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.
Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.
Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).
Det vert tur i 1. Leirvik. Også denne gongen dreg me til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.
Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Turen går i år til speidarhuset i Sæbøvik på Halsnøy. Der me var for to år sidan, for dei som hugsar det. Sidan me er såpass mange, har me delt turen slik at småspeidarane reiser frå fredag til laurdag, og dei store frå laurdag til sundag.