Minner om pakkemøte på Naustet for dei som skal på landsleir. Tysdag kl. 19.00.
Category Archives: Utan kategori
Avslutningstur til Litlabø
Det vert avslutningstur til Litlabø for små og store speidarar, helga 14.-16. juni. Denne gangen går turen til Rødkleivbanen på Litlabø.
Heile helga skal me liggja i telt og kosa oss. Nokre aktivitetar vert det undervegs, så ta med redningsvest/seilarvest, meir vil me ikkje røpa enda.
Tid: Fredag 14. juni til sundag 16. juni.
Stad: Rødkleivbanen, Litlabø
Frammøte: Me møter ved Naustet fredag kl 18.00 (for å samla utstyret me treng, køyrer felles derifrå til Litlabø).
Avslutning: På Rødkleiv, sundag 16. juni kl 15.00
Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og utstyr som trengs for turen.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv, gaffel, skei), tallerk, kopp, solkrem, shorts.
NB: TA MED REDNINGSVEST / SEILERVEST.
Mat: Dette kjøper leiarane inn på felles
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 12. juni. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein
Bilete frå 17. mai 2013
I høve 100-årsjubileet stilte me i borgartoget for første gong på mange, mange år. Her er nokre bilete frå dagen.
Foto: Kari Anne Øien
Dugnad på Naustet
Det vert dugnad for å skifta bordkledning på Speidarnaustet, laurdag 25. mai og 01. juni kl 10.00, til ca kl 15.00
Her treng me nokre velvillige foreldre, samt roverar og leiarar for å hjelpa til.
Ta med hammar, kubein og elektrisk stikksag om du har.
Kaffi og drikka ordnar me!
Me treng også litt meir stillas (type byggstillas) for å rekka heilt til topps på veggen. Har du tilgang på dette? Gi beskjed.
Gi tilbakemelding om du kan vera med å hjelpa til, så me får ei oversikt over kven som kjem. Fint om du gir tilbakemelding innan torsdag 23. mai. til Øystein tlf 90092617.
Informasjon NM i Speiding 2013
Lamapatruljen kvalifiserte seg under årets kretsbannerkonkurranse til deltaking på NM i speiding. No er det tid for litt meir info kring dette.
NM i speiding går av stabelen på Skogsborg leirområde, i Røyken kommune (v/Oslofjorden), 7.-9. juni 2013.
Meir info om NM kan ein finna på nett: www.nmispeiding.no eller på arrangementets Facebook-side.
Tid: Reisa går frå Haugesund til Gardermoen, fredag 7. juni kl 17.25. Deretter tek me tog til Asker stasjon og vert henta der. Returreisa går motsett veg og me er attende i Haugesund sundag 9. juni kl 23.40.
Billettar: Billettar er bestilt.
Frammøte: vert ved Speidarnaustet, fredag kl 15.00.
Retur til Naustet, sundag ca kl 00.30.
Pris: Speidarane betalar ein eigenandel på 500,- kr. Dette dekkar reisa (fly, tog og henting i Asker), deltaking og mat. Det er bestilt grillmat til alle fredag kveld. Resten vert dekka av gruppa og sponsormidlar.
Bagasje: For å få med alt me treng av utstyr køyrer me over ein bil på dagtid, fredag. Den tar også med bagasjen til dei som tar fly, så sparar me bagasjeavgift og det er enklare å reisa. Bagasjen må leverast ved Naustet, torsdag kveld kl 20.30.
Informasjon: For meir informasjon tek me eit kort foreldremøte på slutten av speidarmøtet, tysdag 28. mai kl 20.15. Merk tida!
Spørsmål: Kontakt Helga 53413179 / 99292101 eller Øystein 90092617.
Viktig info om avslutningsturen
Avslutningsturen 7.-9. juni må flyttast til 14.-16. juni.
Dette grunna deltaking i NM for Lamapatruljen 7.-9. juni. Meir detaljert info kjem seinare.
17. mai-feiring
Morgontog
1. Leirvik skal også i år, tradisjonen tru, ha ansvar for flaggborga i morgontoget frå Nattrutekaien til Sjukehuset. Alle stiller ved Nordre Kaisving / Bård Haugland-støtta kl 06:45.
07:00 er det musikk/sang før minnetale og kransnedlegging. Så går toget frå kaien, gjennom Borggata, forbi kyrkja og opp Sjukehusvegen. Ved sjukehuset er det sang og musikk v/mannskoret og musikklaget, før arrangementet vert avslutta mellom 07:50 og 08:00. Alle må hentast ved sjukehuset.
Borgartog
I høve 1. Leirviks 100-årsjubileum, ynskjer me å markera ved å delta i borgartoget. Det er laga banner og paroler, funne fram gamle dagars speidaruniformar og anna me skal markera oss med. Håpar mange kan delta på dette, slik at me vert ein stor gjeng i toget.
Møt ved Sport-Treff kl 15:00 for utdeling av utstyr. Dei som har speidardrakt (eller berre sjal) tar dette på i begge toga. Ynskjer også at det vert brukt mørk blå bukse eller mørk blått skjørt til drakten.
Betaling av landsleir
Hike våren 2013

I fjor tok me oppatt ein gamal tradisjon i 1. Leirvik, med hike til fjells om våren. Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.
I år er det nyleg komt nysnø i fjellet. For å unngå den, skal me ikkje opp i høgda og overnatta. Men på tur skal me uansett. Overnatting vert det i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen er slutt. Litt etter vær og vind endrar planen seg undervegs. Utgangspunktet er at me startar på Litlabø og endar opp på kraftstasjonen på Lundarstølen.
Dette er ein tur for speidarane (stifinnar og vandrar) våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå speidarane.
Tid: Fredag 3. mai til sundag 5. mai.
Stad: Stordskogane
Frammøte: På Litlabø v/heishuset, fredag 3. mai kl 18.00
Avslutning: Kl 15.00 sundag. Gir nærmare beskjed om stad, sundag formiddag. Alt etter korleis turen går.
Pris: 100 kroner.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar/gode fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hansker, kniv, lommelykt, kniv/gaffel/skei, kopp og tallerk.
Mat: Ta med niste til heile laurdag. Leiarane ordnar varmt måltid fredag kveld + laurdag kveld og heile sundag.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein 90092617 i løpet av onsdag 1. mai
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein.
Ny kretskonkurransetriumf
Lynulvane tok heim ulven i år igjen som vinnarar av småspeidarkonkurransen.
Lama vann stifinnarkonkurransen. Dessutan klarte dei fjerdeplass totalt, og er dermed kvalifiserte for NM i speiding! Det er imponerande, det, i konkurranse med dei eldre vandrarane. NM i speiding er i år 7.–9. juni i Røyken i Buskerud.



