Åtte roverar og leiarar reiste på tur til Håøya friluftsområde i Nordhordland helga 10.–12. september 2010. Der fekk me prøva oss på fridykking og bogeskyting under rettleiing av Børje Møster frå Frivannsliv. Utfordrande og moro!
Category Archives: Utan kategori
Hausten 2010
Oppstart 1. Leirvik speidargruppe
- Likar du å dra på tur i skog og mark, eller på leir i telt?
- Vil du læra litt om førstehjelp, båltenning, orientering og andre nevenyttige tips og triks?
- Har du lyst å vera i lag med andre i eit trygt og godt miljø?
- Då kan speidaren vera noko for deg!
1. Leirvik speidargruppe startar opp att etter ferien. Nye og gamle medlemmer velkomne!
Møtetider er:
Måndagar 19.00–20.30, 8.–10. klasse
Tysdagar 17.30–18.45, 3.–5. klasse
Tysdagar 18.45–20.00, 6.–7. klasse
Nye medlemmer er hjarteleg velkomne og kan møta opp ved Naustvågen Barnehage.
1. Leirvik speidargruppe er medlem av Norges Speiderforbund. Meir informasjon kan du finna på www.speiding.no.
Ta gjerne kontakt med Helga Kroka, tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101, eller Øystein Østensen tlf. 900 92 617 dersom du har spørsmål.
(Annonsetekst frå Sunnhordland 25. august 2010.)
Bilete frå festivalleiren 2010
Avslutningsturen vår i år gjekk til Lier på festivalleiren til Ryvarden første helga i juni. Denne gongen hadde festivalen vikingtema, og i opptoget på laurdagen vart 1. Leirvik kåra til beste vikinggruppe! Me fekk til og med premie — eit kjekt kokeapparat.
Opptog i velourvikingkostyme (!):
- Klare til vikingtokt.
- Klar til tokt.
- Infokampanjen.
- Lukkelege.
- Pynta til fest.
- Eeehh … javel.
- Farleg.
- På tokt.
- På tokt 2.
- På tokt 3.
- Toktet enda dårleg.
Handbak, putekrig og andre typiske vikingaktivitetar:
- Energikamp.
- Putekrig.
- Putekrig.
- Putekrig.
- Stokkekamp.
- Bogeskyting.
- Trilla ball i bøtta. Godt samarbeid!
Glimt frå leirlivet:
(Foto: Øystein og Anne Merete)
NM i speiding 2010
NM i speiding vart halde i Tysvær i helga. Vandrarpatruljen Helga’s Angels klatra på resultatlistene heile konkurransen, og vart til slutt nummer 59 av 118 deltakande patruljar. Fin innsats!
Ryvarden krets stod for arrangementet i lag med Haugaland krets (KFUK-KFUM). Difor stilte 1. Leirvik med 12 roverar og leiarar som tok seg av ei av oppgåvene. Speidarane skulle laga ei fiskestang med snelle på laurdagskvelden. Etter innlevering 01.00 arbeidde me med bedømming utover natta. Det var eit slit, men det gjekk veldig bra.
Flyttedugnad
På Kristi himmelfartsdag stilte fem av oss opp på dugnad for å tena nokre kroner til gruppa. Me hjelpte til med eit flyttelass frå Bjelland til Haga.
- Konsentrert omlasting.
- Lasting i bilen.
- Rydding i kjøleskap.
- Kjøleskap ned trappa.
- Slit med kjøleskap.
- Tunge tak.
- Endeleg ferdig.
Vårleg vintertur til Vågslid
Åtte roverar og leiarar reiste til ei hytte på Vågslid 7.–9. mai 2010. Lite snø denne vinteren gjorde at alpinanlegget var stengt allereie, men me hadde det likevel kjekt på bortoverski og akebrett. Strålande sol og plussgrader heile helga!
- Turstart.
- Turistar ved Langfoss.
- Endeleg framme.
- Hmmm…
- Lakrismoro.
- Leiarmøte ute, vinter.
- Møte på terrassen 2.
- Ut på tur, aldri sur.
- Fall på veg oppover.
- Snart på toppen.
- Fine skispor.
- I solsteiken.
- Norskare vert det ikkje.
- Nedover utanfor løypene.
- Strekk ut.
Foto: Øystein og Gaute.
Lapp om festivalleiren 4.–6. juni 2010
Hugs påmelding til Helga 99292101/53413179 innan laurdag 15. mai, seinast!
Me reiser frå Naustet fredag 17:00 og er tilbake på Naustet sundag 16:00.
Bilete frå kretskonkurransen 2010
1. Leirvik stod for ein av postane i årets kretskonkurranse. Her skulle speidarane laga fruktsalat. Oppgåva la særleg vekt på hygiene, og vonde tunger ville ha det til at ein slik post hadde 1. Leirvik godt av å arrangera.
- Førebu fruktsalat.
- Fruktsalatposten.
- Fruktsalat.
- Oppvask.
- Oppvask i fotbaljen.
- Kvil i teltet.
- Ferdig med dømming.
- Nøgd i teltet.
- Skal bli reilestativ.
- Vart ikkje reilestativ.
- Reilestativ.
- Premieutdeling.
- På veg heim.
- På veg heim – ikkje fullt så tøff.
(Alle foto: Øystein)
Vandrarane til NM igjen
Vandrarpatruljen Helga’s Angels vann ikkje kretskonkurransen i år slik dei gjorde i fjor, men kvalifiserte seg lett til NM i speiding likevel. Fjerdeplass totalt, tredjebest av NSF-patruljane. Resultatlista ligg på nettsidene til Ryvarden.
I år hadde 1. Leirvik òg med stifinnarpatruljen Oter og småspeidarpatruljen Gnistlagarane, i tillegg til ein god gjeng roverar og leiarar som arrangerte ei av oppgåvene i konkurransen. Kaldt og vått, men me hadde det no kjekt likevel.Nå blir det askeplask!
![]()
MØKKETE: Regnet som faller i helgen kan inneholde aske.
Foto: Elly SolheimHelgens regndråper er ikke som andre regndråper.
Hmmm, kva vil dette gjera med lavvoane våre til helga? Det er meldt regn heile laurdagen …



































































































