Lama er sjølvsagt kjempenøgde med åttandeplass i NM.
Sjå kva pressa skriv:
Lama er sjølvsagt kjempenøgde med åttandeplass i NM.
Sjå kva pressa skriv:
Dette vert årets avslutningstur før sumarferien, og det vert difor ikkje fleire ordinære møter i år. Hugs at dei som skal vera med til NM må møta på tysdag 07.06 for å pakke utstyr.
I år vert det ikkje leir arrangert av kretsen, men i staden ein knakande kjekk tur til Lier i lag med Bua- og Koppervikspeidarane. Alle er invitert med til denne turen, og her skal me ha det kjekt i lag! Det er lov å ta med litt snop og ei lita brusflaske.
Det er meldt fint vêr til helga, og me satsar på mange kjekke leikar og aktivitetar. Me legg og opp til litt øving for dei som skal til NM. Om ein har ei kjekk leike ein vil ha med seg, som slengtau, ball, strikk, badminton osb. Me får og moglegheit til å låna nokre kanoar. Me vil og gjerne prøva oss på å laga «primitiv mat» for å visa at ein kan klara seg med eit bål når ein er på tur. Ta med uteklede som passar til vêret.
| Tid | Fredag 03. juni til sundag 05. juni |
| Stad | Kretsens leirplass på Lier, Førde i Sveio |
| Frammøte | Ved Naustet fredag 03. juni klokka 17.00 |
| Retur | Attende ved Naustet sundag klokka 17.00 Dei som skal vera med og køyra, må vera på Lier ca klokka 16.15 |
| Pris | 200 kr. Dette dekjer mat for heile helga |
| Utstyr | Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, lubber, hua, toalettsaker, shorts, t-skjorte, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, drikkeflaske, sysaker om du har. Redningsvest |
| Køyring | Me treng foreldre som kan vera med å køyra til og frå Lier. Gi beskjed om kva veg du kan køyra, evnt ikkje kan køyra, samt antal passasjerar, ved påmelding |
| Påmelding | Me ønsker å veta antal påmelde så nøyaktig som mogleg, så påmelding må sendast til Helga i løpet av onsdag 01.juni |
| Spørsmål | Ring Helga på 99292101 |
Me gratulerer Lama-patruljen som kvalifiserte seg til NM i speiding!
I år er NM i Røyken i Akershus 10.–12. juni.
Me treng bindande påmelding frå dei lamaene som skal vera med innan laurdag 14. mai. Også roverar og leiarar må melda seg på. Meld på til Helga på 992 92 101.
1. Leirvik deltek også i år i morgontoget 17. mai. Me skal vera oppstilt i flaggborga klokka 07.00. Deretter er det sang og musikk ved Leirvik mannskor og Stord musikklag samt apell for dagen. Deretter går toget til til Osen, opp Borggata, forbi Kyrkja, opp Døso og vidare til sjukehuset. Avslutning ved sjukehuset etter at mannskoret og musikklaget har spela nokre nummer (bak sjukehuset).
Alle møter klokka 06.45. Det er viktig at alle møter, slik at me kan bytta på å bera flagga.
Alle stiller med skjerf. Dei som har skjorte, stiller med skjerf og skjorte.
Me reknar med å avslutta ved sjukehuset ca 08.00, så alle må hentast der.
1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Sandbekken i Tysvær.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.
Tid: Fredag-sundag 22.-24. april
Stad: Sandbekken i Tysvær. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39 eit stykke sør for Aksdal. Følg skilta mot Sandbekken (severdigheit) innover nokre kilometer på bygdevegane.
Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.
Avslutning: På Sandbekken, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.
Pris: 200 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte, sjal, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.
Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.
Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).
1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Sandbekken i Tysvær.
Konkurransedagen er sundag, men me tek med småspeidarane frå laurdag og overnattar i telt.
På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.
Tid: Laurdag–sundag 23.–24. april.
Stad: Sandbekken i Tysvær.
Frammøte: Speidarnaustet, laurdag kl 14.00. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39 eit stykke sør for Aksdal. Følg skilta mot Sandbekken (severdigheit) innover nokre kilometer på bygdevegane.
Avslutning: På Sandbekken, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.
Pris: 100 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte og sjal om du har, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, lommelykt.
Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.
Påmelding: Innan torsdag 14. april til Helga (99292101),
Spørsmål: Ring Helga (99292101).
Tysdag 19. april skal me samla inn pengar til Flyktninghjelpen. Møt i speidarsjal og skjorte, dei som har. Les meir om innsamlingsaksjonen på www.speideraksjonen.no.
Tid: Tysdag 19. april 17.00 – 20.00. (Alle møter til same tid!)
Stad: Leirvik skule.
Det vert tur i 1. Leirvik. Også denne gongen dreg me til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.
Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute. Ta med klede og utstyr som passar til dette.
Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen til der me skal overnatta. (Ca 2 km.) Pakk i ryggsekk, slik at du kan bera bagasjen din sjølv. Alle må vera med og bera litt av fellesutstyret. Du kan gå til fots eller på ski. Det ser ut til å bli fint vintervêr til helga, men det kan fort skifta. Forbered deg etter vêret!
MERK: Speidarane (stifinnar/vandrar) skal på tur fredag til laurdag og småspeidarane frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå fredag til laurdag.
Tid: Fredag-laurdag 4.–5. mars.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio).
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, fredag, kl 17.00.
Avslutning: Samme stad som frammøte, laurdag kl 15.00.
Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ullundertøy, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt. Ski eller rompeakebrett for dei som vil.
Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til felles frukost og lunsj laurdag. (Me set alt på bordet og deler.) Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 innan torsdag 3. mars. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga.
Då er det nok ein gong klart for småspeidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Denne gongen dreg me til speidarhytta Sævarbu på Stordafjellet.
Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute. Ta med klede og utstyr som passar til dette.
Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen til der me skal overnatta. (Ca 2 km.) Pakk i ryggsekk, slik at du kan bera bagasjen din sjølv. Alle må vera med og bera litt av fellesutstyret. Du kan gå til fots eller på ski. Det ser ut til å bli fint vintervêr til helga, men det kan fort skifta. Forbered deg etter vêret!
MERK: Gruppa reiser i to puljer denne helga. Stifinnar/vandrar frå fredag til laurdag og småspeidarar frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå laurdag til sundag. Målet er at dei skal bli betre kjent med sin patrulje.
Tid: Laurdag-sundag 5.–6. mars.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio).
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 15.00.
Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag kl 15.00.
Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ullundertøy, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt. Ski eller rompeakebrett for dei som vil.
Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til felles frukost og lunsj sundag. (Me set alt på bordet og deler.) Leiarane kjøper inn middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01 innan torsdag 3. mars. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga.
Tysdag 23. februar markerer me tenkedagen med opptaking av nye speidarar. Då arrangerer me open dag på Naustet. Familie og venner er velkomne til å vera med oss.
Tenkedagen er eigentleg 22. februar, og er ein av merkedagane til speidarar over heile verda.
Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Me markerer også dei som har bytta eining den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny einingsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.
Kle deg etter vêret, for me reknar med å vera mykje ute.
Tid: Tysdag 23. februar 17.30-19.30.
Stad: Speidarnaustet.
Pris: Dei som skal takast opp betaler litt for speidarsjal og lapp.
Spørsmål: Ring Helga (99292101).